Hjerneforskar Per Andersen er død

Nestor i norsk hjerneforsking, medisinprofessor Per Andersen ved Universitetet i Oslo, er død, 90 år gammal.

NESTOR: Nestoren i norsk hjerneforsking, Per Oskar Andersen er død, 90 år gammal.

Foto: Arkivfoto (2002): GF Lothe, UiO

Medisinprofessor Per Andersen døydde den 17. februar, 90 år gammal. Det opplyser forskarkollega Jon Storm-Mathisen til Uniforum. Det blei også meldt i ein dødsannonse i Aftenposten sist fredag.

Per Andersen blir rekna som ein av læremeistrane til nobelprisvinnarane i medisin, Edvard Moser og May-Britt Moser. Også Jahreprisvinnaren Terje Lømo er ein av dei som har gått i skule hos hjerneforskaren Per Andersen. Som hjerneforskar har Per Andersen også vunne seg eit stort namn internasjonalt. Han er den einaste norske forskaren som er med i Royal Society i Storbritannia. Der vert han omtala på fylgjande måte "His discoveries have shaped our understanding of neural circuitry". Før han blei pensjonist var han medisinprofessor ved Fysiologisk institutt på Universitetet i Oslo.

Andersen var også med i National Academy of Sciences i USA. I  Noreg er han blitt tildelt St. Olavs Orden for forskinga si. Han var primus motor i Oslo-skulen i nevroanatomi, og hadde tidlegare nestorar som  Jan B. Jansen, Alf Brodal og Birger Kaada som førelesarar og samarbeidspartnarar.

I eit intervju med Apollon i 2012 viser han korleis eit besøk hos den seinare nobelprisvinnaren i fysiologi (medisin) Sir John Eccles i Canberra var banebrytande for forskinga hans. "– I 1962 viste Eccles og jeg at en bestemt type synapser i lillehjernen og hukommelsessenteret hippocampus, var hemmende. Det var første gang noen kunne peke på en hemmende synapse, sa han til Apollon

Hjerneforskarane Jon Storm-Mathisen, Johan Storm, Ole Petter Ottersen og Terje Lømo har alle vore studentar hos Per Oskar Andersen. Det har også nobelprisvinnarane Edvard Moser og May-Britt Moser vore.

Per Oskar Andersen vert gravlagt  i Haslum krematorium onsdag 26. februar.

(Kjelder: UiO, Wikipedia, Jon Storm-Mathisen, Apollon, Aftenposten)

 

 

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2020 15:47 - Sist endra 25. feb. 2020 16:35

Per Andersen var en fantastisk forsker, lærer, inspirator og rollemodell. Han døde 17. februar https://www.uniforum.uio.no/nyheter/2020/02/nestor-i-norsk-hjerneforsking-per-andersen-er-dod.html

Per Andersen fikk en vakker begravelse fra Haslum krematorium 26. februar 2020. 

Jon Storm-Mathisen - 27. feb. 2020 10:34

Per Andersen fekk ei fager gravferd frå Halsum krematorium, Store kapell, onsdag 26. februar 2020.

Seremonien vart halden av presten Carl Hansteen Traaen med vakker song av Nils Georg Haugland Nilsen. Der var talar av Jon Storm-Mathisen (Pers fyrste forskingsstudent, 1960), Terje Lømo (Pers fyrste doktorand, namgjenten for LTP - minne på nervekontaktnivå), og Johan Frederik Storm (også Pers student og medarbeidar, no aktiv i forsking i rett line etter Pers). Talane supplerte kvarandre om ulike sider ved Per Andersens store forskingsinnsats og vart godt mottekne av eit nær fullsett Store kapell. Nobelprisvinnarane Edvard og May-Britt Moser (også Pers doktorandar) sende helsing, men kunne diverre ikkje vera med - dei var opptekne med ein konferanse i Trondheim som ikkje kunne flyttast, og der dei både måtte vera tilstades. 

Jon las opp ei helsing frå den verdskjende nevrofysiologen Roger Nicoll ved University of California San Francisco: "It is with great sadness to hear the news of Per’s death. Per was absolutely critical to my early career. His work with Eccles on the hippocampus and cerebellum guided my early thoughts. .. During my time with Eccles two career defining discoveries came out of Per’s lab [in Oslo]. First, there was the hippocampal slice preparation. My very first goal in setting up my own lab was to develop the slice preparation. Virtually everything I have done since is with this preparation. Second, the paper by Bliss and Lomo on LTP appeared, a phenomenon with which I have been obsessed ever since. These two fundamental contributions to neuroscience have one thing in common. Per’s name does no appear on either of them. This says volumes about the character of this giant. He set up a creative environment where ideas flourished and individuals were free to think big. This to me is Per’s greatest, lasting legacy. I miss him deeply."  Roger Nicoll (https://neurograd.ucsf.edu/people/roger-nicoll-md)

Seremonien vart avslutta på 'gamlemåten' med fylgje til grava og senking av kista.

Jon Storm-Mathisen - 27. feb. 2020 14:19

Neuron (neuroscience top journal) published today 6 May:

Per Andersen 1930-2020  Nestor of neuroscience

https://www.cell.com/action/showPdf?pii=S0896-6273%2820%2930308-1

 

Jon Storm-Mathisen - 7. mai 2020 00:42

Nature trykte 26. mars Per Andersen (1930-2020) Neuroscientist who pioneered studies of the brain’s memory circuits av May-Britt og Edvard I Moser https://media.nature.com/original/magazine-assets/d41586-020-00836-5/d41586-020-00836-5.pdf

Jon Storm-Mathisen - 7. mai 2020 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere