I dag vedtar universitetsstyret Strategi 2030 - fylg med på direkten

Etter over eitt år med diskusjonar, allmøte og seminar skal universitetsstyret i dag vedta Strategi 2030.  No handlar debatten om strategien skal vera med eller utan visjon.

Universitetsstyret ved  UiO er samla rundt eit langbord i Professorboligen

SISTE MØTE: I dag har universitetsstyret det aller siste møtet om Strategi 2030. I dag skal strategien bankast gjennom. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 4. oktober hadde universitetsstyret eit eige seminar om Strategi 2030. Då diskuterte og fastla styremedlemane struktur, ambisjonar og mål for den nye strategien. Etterpå har fleire av dei kome med skriftlege innspel som no er lagde inn i forslaget som vert lagt fram til vedtak.

• Les i Uniforum: Strategi 2030 skal i mål på fredag - med eller utan visjon

Strategien manglar førebels ein visjon, men i fylgje sakspapira føreslår universitetsleiinga at strategien ikkje skal ha ein visjon.

Det spørsmålet skal diskuterast med styret i møtet, før det endelege vedtaket vert gjort. Det stadfesta rektor Svein Stølen overfor Uniforum tidlegare denne veka. 

– Ein visjon er ikkje så viktig. Eg er opptatt av dei fire ambisjonane. Dei til saman viser retninga vår. Det kan henda me skal ha ei overskrift, men eg har ikkje noko spesielt behov for ein visjon.  

Dette er dei fire ambisjonane i  forslaget til Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

 

Nesten heile styremøtet skal handla om Strategi 2030. Etter at  den saka er endeleg vedtatt, skal universitetsstyret orienterast om samarbeidet med andre universitet om felles administrative system. Det ber namnet BOTT-samarbeidet. Den orienteringa skal gå føre seg bak stengde dører. Det gjer også diskusjonssaka rundt årsrapporten 2019 - styrets beretning. 

Møtet i universitetsstyret begynner klokka 10.00 i Professorboligen i sentrum. 

Dette er heile saklista:

Møte nr. 1/2020 i universitetsstyret

Tid og sted: 14. feb. 2020 10:0015:30, Professorboligen, Karl Johansgate 47
 

Ordinært styremøte

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Orienteringssaker


O-SAK 1 Presentasjon av UiO:Norden

Ved direktør Tore Rem.


Ordinære saker


V-SAK 2 Vedtak av UiOs Strategi 2030

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Strategi 2030 vedtas med de endringer som framkom i styremøtet.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Årsrapport 2019 - Styrets beretning

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 5


Orienteringssaker


O-SAK 2 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: Økonomi og lønn

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14 og 23


Saker til behandling i åpent møte

Orienteringsaker


O-SAK 3 Presentasjon av Livsvitenskapsbygget

Presentasjon legges frem i møtet


O-SAK 4 Tildelingsbrev 2020 fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2018/13073

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 7 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 3 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Emneord: Universitetspolitikk, Strategi 2030 Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2020 09:20 - Sist endra 14. feb. 2020 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere