Historieprofessor Erling Sandmo (56) døydde på ein skitur sist fredag, melder NRK. Erling Sandmo hadde nyleg sagt opp jobben som historieprofessor ved Universitetet i Oslo for å kunne leia Kartsenteret ved Nasjonalbiblioteket på heiltid.
"– Nasjonalbibliotekets samling av kart er himmelen for den som er opptatt av historier om verden. Og hvem er ikke det," sa Erling Sandmo til den uavhengige nettstaden Bok365 14. januar i år. Erling Sandmo var også kjent som musikkmeldar og som programleiar for radioprogrammet "På sporet" i NRK P2.
Erling Sandmo blei vald inn i universitetsstyret som representant for dei fast vitskaplege tilsette i 2017. Etter at han fekk den to år lange jobben med å byggja opp Kartsenteret til Nasjonalbiblioteket, har varamedlem Olav Gjelsvik møtt fast. Planen var at Erling Sandmo skulle vera tilbake som styremedlem det siste året av valperioden. Då han fekk tildelt den permanente stillinga som leiar for Kartsenteret, blei heller ikkje det aktuelt.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere