Trine Skei Grande kan bli kunnskapsminister

Venstre-leiar Trine Skei Grande kan bli kunnskapsminister i ei ny samansetjing av regjeringa. Det melder VG som har opplysningane frå ei sentral kjelde som kjenner til kva Venstre prioriterer.

To kvinner ser på medan ein mann presenter illegale inkagjenstandar frå Peru  inne i eit museum.

NYBØ OG GRANDE: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og kulturminister Trine Skei Grande (V) kan få nye departement når statsminister Erna Solberg kunngjer den nye samansetjinga av regjeringa etter at Frp-statsrådane no er ute. Her er dei på  Kulturhistorisk museum der arkeolog Håkon Roland viser fram illegale inkasjenstandar som skal tilbake til Peru. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Om Trine Skei Grande (V) blir kunnskapsminister vil ho truleg overta for både kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) og dagens forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø V).  For i fylgje NRK er det ikkje sikkert at posten som forskings- og høgare utdanningsminister held fram etter at Erna Solberg (H) har gjennomført ei ny samansetjing av regjeringa. 

Trur Iselin Nybø kan bli  justisminister

Fleire media melder også at det er sannsynleg at Jan Tore Sanner  overtar posten som finansminister. Grunngjevinga er at han står nær statsminister Erna Solberg og er nestleiar for Høgre. Fagbladet Rett24 trur derfor at juristen Iselin Nybø samtidig kan ta vegen frå Kunnskapsdepartementet til Justisdepartementet, viss Venstre får oppfylt ynsket sitt.  Men det ser heller ikkje bort frå at nestleiar i Venstre og statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sveinung Rotevatn  kan vera ein aktuell person å plassera på den uriasposten. Det er heller ikkje usannsynleg  at juristen Abid Raja kan bli sett på den oppgåva, om Venstre får det departementet, skriv Rett24.

Bergens Tidendes kommentator Jens Kihl føreslår at Venstre hentar ordføraren i Stad kommune, Alfred Bjørlo, og gir han ein statsrådpost utan at avisa konkretiserer kva departement han bør få.

Fem Frp-justisministrar på sju år

Sidan Erna Solberg første sette seg i statsministerstolen i 2013, har fem forskjellige Frp-politikarar hatt jobben som justisminister. Den første var Anders Anundsen og den siste blei Jøran Kallmyr.  Om Høgre får Justisdepartementet, går spekulasjonane ut på at dagens kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland eller stortingsrepresentant Peter Frølich kan overta den statsrådsposten.

Kan vera klare på fredag

VG melder også at det no blir arbeidd hardt for at alle dei nye statsrådane skal presenterast på Slottsplassen etter statsråd på fredag. I fylgje avisa krev Venstre ikkje berre Kunnskapsdepartementet og Justisdepartementet, men også Samferdselsdepartementet. Fleire media meiner Kristeleg Folkeparti er nøgd med dei postane dei har i regjeringa i dag, men også det partiet kan tenkja seg å styra Finansdepartementet i tillegg.  Det ynsket deler partiet  truleg med både Høgre og Venstre.

Fasiten på kven som får rett i spekulasjonane og spådomane sine, får me truleg etter statsråd på fredag. For då skal statsminister Erna Solberg presentera dei nye statsrådane sine, i alle fall ifylgje dei opplysningane VG sit med.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Regjeringen Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2020 14:09 - Sist endra 22. jan. 2020 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere