Nye IT-studieplassar

Uniforum Nr. 8 1997


For å dekkje eit aukande behov for sivilingeniørar og hovudfagskandidatar i informasjonsteknologi (IT), går regjeringa inn for å auke opptaket til desse faga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og ved universiteta i Oslo (UiO) og Bergen (UiB) med 50 plassar i høve til i fjor. UiO får fem av plassane, medan NTNU får 30 og UiB 15.

Regjeringa går inn for at det framleis skal vere nasjonal opning på lågare grad på allmennfakulteta ved dei fire universiteta. Dette gjeld dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta. Opptaksrammene ved universiteta er stort sett uendra i høve til i fjor.

Dette er hovudpunkta i stortingsproposisjonen om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1997-98 som passerte statsråd tysdag.


Uniforum Nr. 8 1997

Publisert 15. mai 1997 20:36 - Sist endra 1. sep. 2014 13:27

Logg inn for å kommentere