Færre søkjer UiO

Uniforum Nr. 8 1997


Universitetet i Oslo (UiO) har hatt ein nedgang i søkjartalet på 5,6 prosent.

Av Marianne Tønnessen

Søkjninga til realfaga ved UiO har derimot auka med 3,4 prosent når det gjeld førsteprioritets ønskje. Det har også vore ein liten auke i talet på søknader til Det teologiske fakultet.

På odontologi er det nedgang i søkjartalet, også blant primærsøkjarane. Det historisk-filosofiske, Det samfunnsvitskaplege og Det juridiske fakultet har også hatt ein reduksjon i søkjartalet, men denne får neppe noko å seie for kor mange studentar som kjem til å begynne på desse fakulteta i høve til i fjor. Dette viser tal frå Studieavdelinga. Det er til no registrert 50 885 søknader til UiO fordelt på 28 000 personar.

Færre nittenåringar

Det samla søkjartalet til høgare utdanning vil i år liggje rundt 90 500, altså ein nedgang på om lag sju prosent i høve til same tidspunkt i fjor, ifølgje tal frå Samordna opptak (SO). 14 175 nittenåringar har søkt opptak til høgare utdanning i år, dette er ein nedgang på 3241 i høve til i fjor. Nedgangen er større enn den generelle nedgangen i årskullet, som er på 2270. Det har vore ei vriding i søkjarmassen frå universiteta og dei vitskaplege høgskulane mot dei statlege og dei private høgskulane.

Historisk-filosofiske fag, ingeniørstudium, journaliststudium og realfag har ein markant auke i talet på primærsøkjarar, medan jus, lærarutdanning, samfunnsvitskaplege fag, sosionom- og sjukepleiarutdanning har ein klar nedgang.


Uniforum Nr. 8 1997

Publisert 15. mai 1997 20:36 - Sist endra 1. sep. 2014 13:27

Logg inn for å kommentere