­ Einspråklege statar er ein illusjon

Uniforum 18/96
­ Vi skal vere glade for at vi i Noreg har hatt «problemet» med tre offisielle skriftspråk. Det har nemleg lært oss å takle fleirspråklegheit, som er den normale situasjonen i dei aller fleste samfunn i verda. Det seier førsteamanuensis Dagfinn Worren, som er leiar i styringsgruppa for Ivar Aasen-konferansen.

AV MARIANNE TøNNESSEN

Den internasjonale Ivar Aasen-konferansen 1996 vart halden frå 14. til 16. november på Blindern, og samla over 200 deltakarar frå elleve land. Hovudmålet med konferansen var å vise at fleirspråklegheita her i landet liknar på situasjonen i mange andre land.

­ Einspråklege statar finst knappast korkje i Europa eller i resten av verda, seier Unn Røyneland, hovudsekretær for konferansen.

På konferansen var det representantar frå minoritetsspråka i Noreg: Samisk, innvandrarspråk og teiknspråk. Det var òg deltakarar frå andre europeiske land, Amerika og Afrika. Konferansen var breitt fagleg samansett, med både språkforskarar, antropologar, psykologar, sosiologar og historikarar.

Ivar Aasen-konferansen var Universitetet i Oslo sitt bidrag til markeringa av Ivar Aasen-året. I år er det nemleg hundre år sidan Aasen døydde, for dei som enno ikkje har fått det med seg. Konferansen blei arrangert av Ivar Aasen-stiftinga og Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap.

I AASENS ÅND: Unn Røyneland og Dagfinn Worren stod i spissen for arbeidet med Ivar Aasen-konferansen på universitetet.

Universitetet manglar tolke-utstyr

Ivar Aasen-konferansen måtte haldast på engelsk fordi det ikkje var pengar til tolking.

­ Det er ein stor ironi at ein konferanse om språk og minoritetar må føregå utelukkande på engelsk. Vårt ønske var at dei som ville halde foredrag og diskusjonsinnlegg på skandinavisk, kunne gjere det og bli tolka til engelsk, seier Unn Røyneland og Dagfinn Worren.

Dei fortel at det hadde vore billigare med tolkar dersom universitetet allereie hadde hatt tekniske installasjonar for tolking, med tolkeboksar og høyretelefonar. Men når slikt ikkje finst på universitetet, må det leigast inn. Då blir prisen for tolketenestene svært høg, og Ivar Aasen-konferansen ville ha kosta minst 50 000 kroner ekstra med tolking og leige av tolkeutstyr. Desse pengane klarte ikkje arrangørane å skaffe til veges. Dersom universitetet hadde hatt tolkeutstyr, ville prisen vore om lag halvparten.

­ Det er ei skam for universitetet at det ikkje finst tolkeutstyr her, seier Røyneland og Worren.

Teknisk direktør Tore Christoffersen fortel at det ikkje har vore så stort behov for tolkeutstyr på universitetet tidlegare.

­ Men vi veit at det skal haldast fleire store internasjonale konferansar her i åra som kjem, så derfor er det berre eit tidsspørsmål før vi får installert slikt utstyr i Sophus Lies auditorium, seier han.


Uniforum 18/96

Publisert 12. des. 1996 17:09 - Sist endra 1. sep. 2014 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere