Askeladden og dei gode hjelparane

Innhold Uniforum 11/96

DEBATT

Professor emeritus Jon Bremer fortel her eventyret om forskarrekruttering før og no.

Det var ein gong i NAVF (Er det nokon som hugser den institusjonen?) at eg las i ein søknad: «No skal vår siste doktorand disputere. No må vi spare til den neste.» Vi sparte alle på mange vis og fekk medarbeidarar i gang. Studentstipend, timeløner, vikariat, og så vonleg eit skikkeleg stipend når kandidaten hadde dokumentert at han/ho dugde. I samarbeid med kollegaer ved to institutt er det blitt eit 30-tals doktorgradar av det.

Den siste doktoranden kom med eit magert årsstipend frå Kina. Vi hindra sveltihel ved å betale hybelen hans. Etterpå var det nokre månader vikariat, eit halvår frå ein svangerskapspermisjon, nokre ledige midlar i eit industriprosjekt. Den siste vrien var timebetaling frå annum. Han arbeidde som ein maur, leverte avhandling på mindre enn 3 år, og disputerte på overgangsordning i 1995 fordi han starta før den nye «effektive» doktorgraden med obligatoriske kurs, førelesingar og undervisningsmateriell på norsk. var i gang. Han slapp å lære norsk. Det er jo ein mangel når han skal vere biokjemikar i Kina.

Nå har universitetet «effektivisert» rekrutteringa og krev pengane på bordet. Orden må det vere.

Professor Lars Skattebøl ved Kjemisk institutt lagar vanskelege polyumetta feittsyrederivat til oss. Dei er interessante nok til at Pronova, Borregaard og Norsk Hydro er viljuge til å støtte prosjektet.

Vi fekk nye pengar hausten 1995. Dette såg enkelt ut. To universitetsprofessorar har eit forskingsopplegg som vekkjer interesse i to av dei største kjemiske verksemdene i Noreg som lovar støtte. Ein god kandidat som ikkje nådde opp i den beinharde konkurransen i forskingrådet, er interessert. Vi kunne starte så snart vi hadde skrivi under ein avtale - trudde vi.

Du må ha kontrakt. Den skriv Forskningsadministrativ avdeling for deg, og bestemmer overhead. Instituttstyrar, universitetsdirektør og Norsk Hydro skriv under kontrakten. Ein professor får lov til å figurere som forskingsrettleiar.

Prosjektbeskrivelse skal fylgje kontrakten. Instituttet må opprette prosjektkonto. Instituttet må sende rekning til Norsk Hydro, og dei må overføre pengane til konto så og så, til prosjektnr. så og så. Tre års finansiering må vere sikra. Rettleiar får lov til å «anbefale» betaling frå konto, kontorsjef «anviser».

Etter reglane skal stipendet lysast ut, men tilsetting i eit prøveår blir nådigst akseptert når finansieringa er klår. Stipendiaten må ha arbeidsavtale med instituttet. Kandidaten må søkje om opptak i doktorgradsprogrammet ved fakultetet. Prosjektbeskrivelse skal fylgje søknaden, og kursopplegg med mange nok utdanningspoeng som blir nøye kontrollert.

Prosjektet må bli positivt vurdert av «institusjon som fakultetet godkjenner». Det spørst korleis det går, for vi er typiske askeladdar og fylgjer Piet Hein: Det gjeld å gjere eit godt funn, sidan er det lett å lage ein god hypotese (fritt sitert). Vi har dumdristig sagt at vi ikkje veit kva doktoranden skal gjere neste år.

Om turvande skal fakultetet peike ut ny rettleiar, om den første skulle få slag før alle formalitetar er i orden.

I vårt tilfelle fekk vi lovnad om pengar hausten 1995. Kandidaten starta arbeidet i januar. Ho fekk si første lønsutbetaling i mai. Ho var heldig og blei doktorgradskandidat før sommarferien.

Eg har forlengst mista teljinga på kor mange som har «hjelpt» oss med å rekruttere denne kandidaten til doktorgradsprogrammet ved Universitetet i Oslo. Talet på telefonar er minst tre-sifra dersom eg reknar med alle dei gongene den aktuelle hjelparen ikkje svarte, var på møte, på kurs, på ferie, sjukmeldt, ute til lunch, gått heim fordi klokka var over 15, eller telefonsvararen sa «straks tilbake».

Om eg har nokon konklusjon? Eg er imponert over regelverket og dei mange hjelparane universitetet har skaffa oss askeladdar som liker å rope ut: «Eg fann , eg fann». Det må bli resultat av slikt.

Jon Bremer
professor emeritus


Innhold Uniforum 11/96

Publisert 3. sep. 1996 21:59 - Sist endra 1. sep. 2014 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere