Kjøkkenskrivarane på leksikografisk

Innhold Uniforum 10/96
Å koke saman ordbøker er ein lang og komplisert prosess, og det viktigaste er at rettane smakar nøyaktig som dei skal. Ordbokredaktørane inviterte nyleg til eit innblikk i deira «kjøkken».

AV ANETTE B. WOLLEBæK

Nynorskseksjonen på Avdeling for leksikografi ved Det historisk-filosofiske fakultet (HF) deltek i arbeidet med Norsk Ordbok, det største ordbokprosjektet her i landet nokosinne. I førre veka møttest «kjøkkenskrivarar» og andre interesserte til den reine gourmetmiddagen.

MILLIONAR AV ORD

Deltakarane på eit dagsseminar fekk innsyn i det omfattande arbeidet til leksikografane. Til no har det kome ut tre band av den store ordboka. Det meste av råmaterialet til boka finst i eit setelarkiv som inneheld 3,5 millionar ord. Innan 1998 er dei kanskje ferdige med å leggje alle desse orda inn på data, men ordbokprosjektet vil halde fram i fleire år. Arbeidet har vore drive sidan tidleg i 1930-åra.

Norsk Ordbok skal gi ei omfattande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftmålet, slik det er dokumentert frå Ivar Aasen si tid til i dag.

ORD På DATA

Prosjektkoordinator Christian-Emil Ore frå dokumentasjonsprosjektet på HF var mellom føredragshaldarane. Han presenterte «framtidsretten», den leksikografiske nynorskdatabasen som skal kome.

Allereie i dag kan du søkje i ordbøker via Dokumentasjonssenteret sine heimesider (http://dokpro.uio.no/databaser.html). Alle eksisterande ordboksamlingar er lagde inn på data. I framtida skal det opprettast ein fullstendig leksikografisk database. Her vil du til dømes kunne søkje etter alle ord som endar på «-vis» eller ord som er sette saman av fleire stavingar men berre eitt morfem ­ om du skulle vere interessert i det.


Innhold Uniforum 10/96
Publisert 30. juli 1996 12:07 - Sist endra 1. sep. 2014 13:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere