Semper homo bonus tiro est
Som eit apropos til latinkurset som starta på NRK-P2 torsdag 23.11.95, kan det nemnast at det var 175 år sidan den første filologiske kandidaten vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo. Det var Søren Bruun Bugge (1798-1886). Han hadde som dei fleste andre studentar tenkt å bli prest, særleg ettersom han var biskopson. Men prof. Georg Sverdrup berga han i første omgang for filologien. Bugge tok såleis filologisk embetseksamen i 1820, og vart same året utnemnd til lektor i latin. Fem år seinare vart han professor.
Som professor hadde Bugge mellom anna til oppgåve å skrive programma for Universitetet, som kom ut to gonger i året. Det var til reformasjonsfesten og til kongens fødselsdag, i tillegg til kvar doktorpromosjon. På denne måten gav han ut ei mengd høvesskrift, og i dei viste han at han var uvanleg dugande til å skrive latin, heiter det i Norsk biografisk leksikon (1925). I fagleg samanheng skreiv han to latinske grammatikkar, andre lærebøker og tekstutgåver.
Bugge vart ikkje verande ved Universitetet. Fra 1833 til 1847 var han rektor ved Oslo katedralskule. Heller ikkje dette vart endestaden for karrieren. Bugge melde seg opp til teologisk embetseksamen «for Examinatorer, som han i sin Tid selv havde examineret til Artium og Andenexamen». Han fekk så prestekallet i Gran på Hadeland der han sat til 1878.
Dette gode mennesket som tok fatt på så mange karrierar, flytte deretter attende til Oslo og dyrka både latinen og anna andeleg liv i sine siste leveår.
Dagfinn Worren
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap
Logg inn for å kommentere