Asbjørnsen har fått tilbake stokken sin

Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885) har vore på konservatorvitjing. Spaserstokken var nemleg borte og skulpturen hadde mange skader.

SKULPTUR: Skulpturen av eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen tilhøyrer UiO/ Norsk Folkeminnesamling.

Foto: © UiO / Henning Skauli

Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885) har vore på konservatorvitjing. Det var svært naudsynt. Skulpturen hadde mange skader og spaserstokken var vekk. Berre festepunkta var att. Men det var nok til at konservator Ingeborg Korvald kunne rekonstruere stokken. No sit Asbjørnsen der, drusteleg som før.

Skulpturen høyrer heime i Norsk Folkeminnesamling. Døtrene til Jørgen Moe gav statuen til folkeminnesamlinga i 1914. Brynjulf Bergslien (1830-1898) er kunstnaren. Han og Asbjørnsen var gode vener. Begge var glade i god mat og godt venelag. Engebret Café var stamplassen. Bergslien er mest kjend for ryttarstatuen av Karl Johan på Slottsplassen og Henrik Wergeland på Eidsvolls plass. Han var og den fyrste læraren til bilethoggaren Gustav Vigeland.

Asbjørnsen-skulpturen er forma i 1885, same år som Asbjørnsen døydde. Skulpturen er eit forarbeid til minnemonumentet på St. Hanshaugen i Oslo. Norske skuleborn hadde samla inn pengar til monumentet. Jonsokdagen 1891 vart det avduka til songen frå mange born: «Sommerlyset, der rinder, Dag og Nat foruden Stans, Kjære slig dit Minde skinner, Sommerlyst som Sankte-Hans».

Skulpturen til UiO/Norsk Folkeminnesamling er meir levande enn det ferdige monumentet. Asbjørnsen sit godt på stolen sin med hatten i fanget. Det er som han nett er komen inn og sett seg. På det ferdige monumentet har han hatten på hovudet og det er spegelvend i høve til forarbeidet som er mykje mindre stivt.

Norsk Folkeminnesamling er eit viktig arkiv for norsk kulturhistorie. Frå onsdag 8. mai står ei utstilling om samlinga på studentbiblioteket i Sophus Bugges hus. Utstillinga er laga av kulturhistoriestudentar frå Institutt for kulturstudiar og orientalske språk.

Emneord: Kunst, Universitetshistorie Av Ulla Uberg, UiOs kunstsamling
Publisert 10. mai 2019 14:27 - Sist endra 10. mai 2019 14:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere