Skulpturreinsking på Universitetsplassen

I sommar var monumenta pakka inn med stillas og teltduk. Innanfor var skulpturkonservator Joanna Hench og konservatorstudentar i full gang med å reinske skulpturane. Med vatn og mjuk børste vart skulpturane vaska.

VASKA: Skulpturen av P. A. Munch på Universitetsplassen er no ferdig vaska. 

Foto: © UiO/Raul Da Cunha

I sommar var monumenta pakka inn med stillas og teltduk. Innanfor var skulpturkonservator Joanna Hench og konservatorstudentar i full gang med å reinske skulpturane. Med vatn og mjuk børste vart skulpturane vaska. Skalpell måtte til for å fjerne svarte skorper. Monumenta har vore utsette for forureining i lang tid, Schweigaard-monumentet i over 130 år.

27. september 1883 vart dette monumentet avduka til «kraftige Hurraraab» (Dagbladet 27.9.1883). Dette hende «..i taknemlig Ærkjennelse af, hvad Professor Schweigaard har været for sit Land» (Morgenbladet 28.9.1883). Ein kantate skriven til hendinga vart framførd, og mykje folk var til stades. Til slutt fekk kunstnaren Julius Middelthun (1820–1886) St. Olavs Orden. Arbeidet med statuen hadde teke mange år. Middelthun var grundig i arbeidet og sjukeleg sjølvkritisk. Det vart ei lang ferd fram til ferdig monument.

Inne i Aulaen står ei marmorbyste som syner Schweigaard. Ho er eit forarbeid til monumentet på plassen. Det vert fortalt at Schweigaard stundom var å sjå på ein stige nattetid, filande vidare på monumentet. No er det behandla på best mogeleg vis.

FERDIG VASKA: No er skulpturen av Schweigaard på Universitetsplassen ferdig vaska. (Foto: © UiO/Raùl da Cunha)

Det same gjeld P. A. Munch-monumentet. 17. mai 1933 vart det avduka med Kong Haakon og Kronprins Olav til stades. Det var norsk flagg på sokkelen og Den Norske Studentersangforening song «Brede seil over Nordsjø går». Etterpå tala professor Halvdan Koht om kor viktig historikaren P. A. Munch hadde vore for nasjonen Noreg.

Monumentet er laga av Stinius Fredriksen (1902–1977). Han vann oppgåva i konkurranse med 38 andre kunstnarar. Med dette monumentet fekk Universitetsplassen den utsjånaden han har i dag. Schweigaard-monumentet vart flytta frå midten av plassen, og plassen fekk gatestein lagd i mønster.

Og no står monumenta der etter god behandling, med eit polert vokslag på overflata. Bileta er tekne før konserveringa. Det er lett å sjå skilnad. Det er berre å ta ein tur til Universitetsplassen.

 

 

Av Ulla Uberg, UiOs kunstsamling
Publisert 13. sep. 2019 19:09 - Sist endra 13. sep. 2019 19:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere