Morgongry

I fjor vart det soleglad for Per Kleiva (1933-2017). Då mista Noreg ein av dei viktigaste kunstnarane frå 1960-talet og fram til no. Kleiva vart skatta høgt av både kunstnarar og publikum. No skal han minnast med ei stor utstilling i Kunstnernes Hus i Oslo. Universitetet låner ut måleriet Morgongry til utstillinga.

MORGONGRY: Måleriet Morgongry er frå 1972.Med nyansar i blått, sirkel på sirkel, skaper Per Kleiva ein illusjon av pust, rørsle og kraft, skriv Ulla Uberg ved  UiOs kunstsamling.

Foto: © Per Kleiva / BONO 2018 /© UiO / Arthur Sand

Per Kleiva arbeidde med mange teknikkar og uttrykk i måleri, skulptur og silketrykk. Han var ein multikunstnar. For mange er det dei politiske bileta frå 1970-talet som er mest kjende. Amerikanske sommarfuglar er eit døme på det. Andre set meir pris på dei seinare trykka med stilisert vestlandsnatur eller menneske i svart, kvitt og gull. Til Det Norske Teater sitt nybygg i 1985 laga han ei stor utsmykking. Og sidan 1970 har elevar på Apalløkka skule her i Oslo sett veggmåleri av Per Kleiva kvar dag på skulen.

Måleriet Morgongry er frå same tida (1972) og måla på same måten. Fargane er kvitt og blått. Motivet er ein stor sirkel med tynne strålar frå, eller mot, sentrum. Måleriet har røter i såkalla optisk kunst, eller op-kunst. Det var ei kunstretning på 1960-talet der kunstnaren ville få fram optiske illusjonar. Med nyansar i blått, sirkel på sirkel, skaper Kleiva ein illusjon av pust, rørsle og kraft. Den blå sola dirrar på lerretet. Samstundes vert ein dregen mot mørkret i sentrum. Denne motsetninga vert understreka i den andre tittelen på måleriet, Blå måne. Begge titlar er nytta av Per Kleiva i eit brev til universitetet i 1978 i samband med salet av biletet. Kleiva laga ofte poetiske titlar til verka sine. Titlane blir ein veg inn til våre eigne opplevingar av kunstverket.

Utstillinga på Kunstnernes Hus står frå 2. november til 13. januar.    

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Kunst Av Ulla Uberg, UiOs kunstsamling
Publisert 30. okt. 2018 12:47 - Sist endra 30. okt. 2018 12:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere