Eit krigsminne

Samla i  denne steinen er minne om Westminster-palasset i London, House of Commons, andre verdskrig, Winston Churchill og Britisk institutt ved UiO, skriv Ulla Uberg ved UiOs kunstsamling.

NYMONTERT: Dette steinrelieffet er nymontert og var ein bit av den delen av Underhuset i Storbritannia som blei bomba under Den andre verdskrigen.

Foto: © UiO

Sju etasjar i Niels Treschows hus er ferdig rehabiliterte og Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS) er tilbake i lyse lokale.I  9. etasje er ein stor stein komen opp. Han var der før rehabiliteringa også, men då mura fast i veggen. No står han fritt i nylaga monter. På veggen er det skilt som fortel kva dette er. Steinen er eit fragment med mykje historie.  

Samla i steinen er minne om Westminster-palasset i London, House of Commons, Den andre verdskrigen, Winston Churchill og Britisk institutt ved UiO. I mai 1948 vitja Churchill Oslo. 12. mai vart han utnemnd til æresdoktor ved universitetet og grunnlegginga av det som ein gong var Britisk institutt, er knytt til den hendinga. Det same er steinen. «This stone from the war-damaged House of Commons was presented to the University of Oslo by the British Government in 1948 to be made part of the projected British institute».

Westminster-palasset er bygd i nygotikk og fragmentet med firpassornamentet er typisk for stilen. Materialet er sandfarga kalkstein. På gamle bilete av palasset kan ein sjå slik dekor fleire stader. Bombene i 1941 gjorde enorm skade og steinen syner dette tydeleg. Slik blir det eit krigsminne, men og eit minne om viktige hendingar i universitetshistoria.  

Fragmentet er litt på sida av kunstsamlinga, men forma er del av ei felles visuell historie. Firpasset har vore nytta i alt frå arkitektur til åkle og vottar. Og kunstsamlinga har hatt ansvaret for å få steinen på plass att etter rehabiliteringa.

Emneord: Kunst
Publisert 8. des. 2017 14:42 - Sist endra 8. des. 2017 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere