Jussprofessor går hardt ut mot forslaget om å avgrensa innsynet i offentleglova

– Med det forslaget som er lagt fram, vil ikkje Stortinget lenger få sjå kva departement som er involverte i behandlinga av ei sak, som regjeringa skal ta stilling til. Det sa jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen frå UiO i Pressens hus i formiddag.

IKKJE IRRELEVANT: – Sjølv om me i dag ikkje har tilgang til interne dokument, så er det ikkje irrelevant for det offentlege å sjå kva interne dokument som er registrerte på etaten, sa jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen i Pressens hus i dag. 

Foto: Martin Toft

Det var rett før påske regjeringa ved Justis- og politidepartementet la fram eit forslag som vil avgrensa  offentleglova og gjera det vanskelegare for journalistar og andre å finna ut om feil sakshandsaming og intern usemje i departementa.

Kort sagt inneber forslaget at det skal bli vanskelegare for norske borgarar å få greie på kva saker som den offentlege forvaltninga er i gang med, enn det som er tilfellet i dag. No er intern sakshandsaming ein grunn til ikkje å gi innsyn i eit dokument. Men det har likevel vore mogleg å sjå kva saker som er under intern saksbehandling, gjennom eit samla oversyn på nettportalen EInnsyn.

For unntaket frå innsyn i offentlege dokument i offentleglova paragraf 14 første ledd omfattar berre dokumentet, ikkje journalar eller andre register.

– Ein føresetnad for demokratisk rett til deltaking

Tidleg i dag inviterte fleire presseorganisasjonar til debatt om forslaget frå Justis- og politidepartementet. Møtet starta med ei innleiing frå professor Christoffer Conrad Eirksen frå Institutt for offentleg rett på UiO. Han gav forslaget det glatte lag, og peika på at det står i strid med tre viktige argument for innsyn som blei lagt fram av den første ytringsfridomskommisjonen i 1999:

– Det første er at innsyn er ein føresetnad for demokratisk rett til deltaking. Det andre er at innsyn er ein føresetnad for fri meiningsutveksling om retten til å vera sjølvstendig og uavhengig av styresmaktene. Det er ikkje mogleg å vera heilt uavhengig om ein ikkje veit kva som går føre seg også bak dei stengde dørene. Det tredje er at innsyn også er ein føresetnad for kontroll av styresmaktene, understreka han.

– Spørsmålet er om grunnlaget er godt nok

Eriksen konkluderte med at ingen av desse grunngjevingane er nemnde i departementet sitt meldingsnotat.

– Nettopp desse tre grunngjevingane blir avgrensa av det som departementet no føreslår, peika han på.

Eriksen var klar på at av og til måtte dokument haldast unna innsyn.

– Dette vil ikkje seia at alle inngrep i innsynsretten er utan grunn. Nokre er det grunn for. Dei er godt grunngjevne og har eit godt grunnlag. Spørsmålet er om grunnlaget er godt nok i det forslaget departementet har lagt fram, poengterte han.

I innlegget sitt ynskte han å trekkja inn moment i vurderingane av forholdet mellom på den eine sida behovet for endringane og avgrensingane og på den andre sida skadeverknadane av dei.

– Oppgåva vår på universitetet er ikkje å trekkja konklusjonar, men me kan medverka til at avgjerdsgrunnlaget blir betre, understreka han.

– Når eit organ blir definert så vidt i norsk rett, blir det mange interne dokument

I forslaget frå Justis- og politidepartementet heiter det at det vil ikkje lenger påleggja forvaltninga å setja opp ei liste over interne dokument.

– Sjølv om me i dag ikkje har tilgang til interne dokument, så er det ikkje irrelevant for det offentlege å sjå kva interne dokument som er registrerte på etaten. Det kan gi innsyn i kva saker forvaltninga har vore inne i i ein avgjerdsprosess, kva delar av forvaltninga som har deltatt og kor grundig avgjerdsprosessen har vore. Utan innsyn i kva dokument som er registrert på ei sak, så er det vanskeleg å vita kven som har deltatt, kva avdelingar som har vore med og kor grundig den interne avgjerdsprosessen har vore, forklarte han.

Eriksen trekte inn korleis eit internt dokument kunne bli ganske omfattande.  

– Eit internt dokument blir definert som eit dokument som eit organ har laga for eiga statsrådsleiing. Når eit organ blir definert så vidt i norsk rett, blir det mange interne dokument, slo han fast.

– Eit departement er alltid eit organ. Og når ulike avdelingar korresponderer skriftleg med kvarandre blir det interne dokument, la han til.

Som døme viste han til når innvandraravdelinga i Justis- og politidepartementet vil finna ut om eit forslag til innstramming av innvandrarlova vil strida  mot grunnleggjande menneskerettslege spørsmål, og derfor sender ein førespurnad til lovavdelinga om det, så vil det vera eit internt dokument. Ein slik førespurnad internt, vil me aldri få vita om dersom forslaget frå Justis- og politidepartementet blir vedtatt, understreka han.

Så peika han på Bergen Engine-saka der Bergens Tidende avslørte at dette selskapet var i ferd med å bli selt til eit russiskeigd selskap med samtykke frå fleire ulike departement. Samtidig leverte produsenten motorar til norske krigsfartøy.

– I den saka blei alle departementa rekna som eit organ når regjeringa behandla ei sak. Og er det så viktig då? spurte han.

– Ja, svarte han, og viste til framlegginga av rapporten frå koronakommisjonen i førre veke.

– Den viste at barne- og familieministeren ikkje hadde blitt informert om at regjeringa ville bestemma seg for å innføra raudt nivå for alle dei vidaregåande skulane under den siste delen av pandemien i desember 2021.

– Når ho ikkje blei tatt med på råd, viste det at dei grunnleggjande behova til barna ikkje blei tatt ordentleg i betraktning då ein skulle gjera eit så inngripande vedtak. Ved å gå gjennom journalen, er det mogleg å sjå kva departement som er med, og som ikkje er med, nettopp for å sjå kva interesser som blir tatt vare på når ein skal ta inngripande avgjerder. Med det forslaget som no ligg føre, vil ein mista det høvet, understreka jussprofessoren.

Eriksen var heller ikkje særleg imponert over argumenta Justis- og politidepartementet brukar for å avgrensa opninga offentleglova gir for å få innsyn i journalen over interne dokument.

– Det første er at det kan bli debatt og auka merksemd rundt den interne korrespondansen i eit departement. Det andre er at det kan vera ein risiko for at nokon får forventingar om eit bestemt resultat i saka. Det tredje er at den frie og interne meiningsutvekslinga mellom forvaltninga og regjeringa vil bli avgrensa, for nokon kan trekkja slutningar i høve til kor få eller kor mange interne dokument som er registrert på ei sak, trekte han fram.

– Og det trur eg dei vil slita med å finna

Eriksen konstaterte at Justis- og politidepartementet ikkje kjem med nokre døme på at auka merksemd og meiningsutveksling på ei intern sak har fått negative konsekvensar.

– Og det trur eg dei vil slita med å finna. Eg trudde demokratiet nettopp handla om merksemd rundt offentlege avgjerdsprosessar. Og når det gjeld sensitive saker som handlar om riket sin tryggleik, personlege forhold og forretningsløyndomar og andre forhold, så er det uansett heimel for unntak, sa han.

Han meinte at forslaget til avgrensingar i offentleglova også vil føra til problem for Stortinget og stortingskomiteane.

– Etter Grunnlovas paragraf 75 F har stortingskomiteane rett til innsyn i eit kvart dokument, også organinterne og regjeringsnotat innanfor kvart departement. Stort sett får komiteane det dei ber om på grunnlag av denne grunnlovsparagrafen, slo han fast.

Men han viste til at det var eit døme på det heilt motsette når det gjaldt trygdeskandalen til NAV.

– Kontroll- og konstitusjonskomiteen prøvde fleire gonger å få tak i dokument som regjeringa karakteriserte som interne. Det fekk dei ikkje. Resultatet ser me no for Oslo tingrett. Der må offera for skandalen bruka sine eigne pengar på å kjempa for å få innsyn i dei dokumenta som regjeringa ikkje vil gi Stortinget, fortalde han.

– Med det forslaget som er lagt fram, vil ikkje Stortinget lenger få sjå kva departement som er involverte i behandlinga av ei sak som regjeringa skal ta stilling til. Det vil vera naturleg å nemna av Justis- og politidepartementet når det sender eit slikt forslag ut på høyring, slo Eriksen fast.

– Det er først og fremst ein byråkratisk grunn til dette

I ein politisk debatt etter innlegget til jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen, måtte stortingsrepresentant Maria Aasen Svensrud frå regjeringpartiet Arbeidarpartiet først forklara kvifor det er nødvendig å leggja fram eit forslag som inneber at det ikkje blir mogleg å få innsyn i oversynet over interne dokument.

EIN MOT FIRE: Arbeidarpartiets Maria Aasen Svensrud (nummer 4 frå venstre) var åleine om å forsvara forslaget om avgrensing i offentleglova. Motdebattantane var frå venstre Maria Sneve Martinussen frå Raudt, Ingrid Liland frå Miljøpartiet Dei grøne , Andreas Sjalg Unneland frå SVog  Ingvild Wethrus Thorsvik frå Venstre. (Foto: Martin Toft)

– Det er først og fremst ein byråkratisk grunn til dette. Departementa innfører straks eit nytt arkiv- og sakshandsamingssystem. Og der vil det ikkje vera så lett å ha ei eiga liste med organinterne dokument. Det er ei grunngjeving, sa ho.

– Så det er forvaltninga som vil ha det? spurte debattleiar.

– Det handlar i stor grad om å få til eit system med store manglar på journalføring til eit system som held. Eg vil også understreka at det er dei same reglane som gjeld når ei sak blir unntatt det offentlege, som vil gjelda for å unnta journalføring frå å bli offentleg, sa ho.

Svensrud stod fast på at dette forslaget ville gi auka grad av offentlegheit.

– Arbeidarpartiet vil sikra meir offentlegheit akkurat som dykk. Unntaket for å unndra organinterne dokument frå journalføring må bli like strengt som det er for å unndra andre dokument frå offentlegheit, understreka ho.

– Me er svært kritiske til dette forslaget

Dei andre i panelet Maria Sneve Martinussen frå Raudt, Andreas Sjalg Unneland frå SV, Ingvild Wethrus Thorsvik frå Venstre og Ingrid Liland frå Miljøpartiet Dei grøne var alle imot Justis- og politidepartementets forslag om å avgrensa offentleglova på dette punktet.

– Me er svært kritiske til dette forslaget i høyringsnotatet fordi offentlegheit er ein av berebjelkane for så mange av dei verdiane me set høgt i dette samfunnet. Det er absolutt nødvendig for at pressa på ein god måte kan kika makthavarane og styresmaktene i korta, sa Ingvild Wetrhus Thorsvik.  

Høyringsfristen for å koma med innspel til forslaget frå Justis- og politidepartementet er den 6. juli.

• Les meir om offentleglova i Uniforum: 

LEIAR: Innsynet i offentleglova må ikkje utholast

Ytringsfridomskommisjonen vil styrkja retten til innsyn i forvaltninga

Hemmeligholdet øker ved bruk av eksterne konsulenter

Sa nei til Kunnskapsdepartementet: Avviser å behandle omstridt innsynssak på ny

Kinesisk forskar vil ha offentleglov i Kina

Emneord: Juss, Menneskerettar, Stortinget, Regjeringen Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2023 17:22 - Sist endra 8. juni 2023 10:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere