Utsynsmeldinga: Tar han bort teljekantane?

I dag klokka 12 legg forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fram ei stortingsmelding som vil gje retning for regjeringas utdannings- og kompetansepolitikk i åra som kjem.

Tidleg i januar la han fram 15 punkter for ekstrem oppussing av UH-sektoren. Fredag får ein vite kva for planar Ola Borten Moe har for sektoren i åra som kjem

Foto: Tore Oksholen /Universitetsavisa

Du kan sjå strøyminga av framlegginga av stortingsmeldinga her frå klokka 12

Korleis skal vi sikre at vi utdannar nok folk med kompetansen vi treng i åra som kjem? Bakgrunnen for meldinga er at vi i Noreg blir relativt færre menneske i arbeidsfør alder etter kvart som befolkninga blir eldre og ungdomskulla blir mindre. Denne utviklinga har vore kjend lenge og byrjar no å få merkbare effektar. Ei rekke verksemder i heile landet slit med å få tak i arbeidskraft med rett kompetanse, skriv Universitetsavisa

Sunniva Whittaker vonar at Kunnskapsdepartementet vil ha tillit til at institusjonane sjølve kan ta gode avgjerder når det gjeld dimensjonering og studietilbod.

– Vi er veldig opptekne av at ein ikkje skal ha eit for snevert syn på kompetansebehova framover, seier Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder og styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR) til Forskerforum.

Ifylgje Khrono kjem Regjeringa til å redusere fra dagens seks finansieringskategoriar for ulike utdanningar til tre.

Regjeringa følger forslaget fra Hatlenutvalget og tek bort indikatoren som premierer publisering, det som vert kalla tellekantar i forskninga.

Det gjev rom for større premiering av studiepoengproduksjon, og det kan komme ein ny indikator for premiering av fullføring av studieprogrammer. Dagens indikator for fullføring er knytta til fullføring av heile grader.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Tore Oksholen /Universitetsavisa
Publisert 24. mars 2023 10:23 - Sist endra 24. mars 2023 10:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere