UiO vil framleis premiera menn på profesjonsstudiet i psykologi

UiO-leiinga vil ha eitt ekstra kjønnspoeng for menn i opptaket på profesjonsstudiet i psykologi i fire nye år. Det blir vist til at prosentdelen menn på kulla har auka frå 21 til 29 etter innføringa av ekstrapoenget i 2019.

Foto: Ola Sæther

Rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt eit brev til Kunnskapsdepartementet der det går fram at UiO søkjer om å føra vidare ordninga med eitt poeng ekstra for mannlege søkjarar til profesjonsstudiet i psykologi. I brevet som Uniforum har fått innsyn i, viser  dei til at i 2022 var 33 prosent av studentane som kom inn på studiet menn, medan talet hadde vore på 23 prosent utan kjønnspoenget. Ordninga blei først innført frå og med opptaket i 2019.

Naudsynt å føra vidare tiltak

Dei to UiO-toppane trekkjer fram at medan menn utgjorde 21 prosent av studentkulla på profesjonsstudiet i psykologi mellom 2014 og 2018, var dette talet auka til 29 prosent for kulla mellom 2019 og 2022. «Dette aktualiserer behovet for å halde fram med tilleggspoeng for menn ved opptak. UiO har evaluert ordninga og meiner ho har hatt ein positiv effekt», er konklusjonen frå Svein Stølen og Arne Benjaminsen.

Dei peikar også på at UiO har arbeidd aktivt for å hindra fråfall frå studiet for begge kjønna. Tiltaka dei nemner er «kollokviementorordning og prosjekt med satsing på auking av studentaktive læringsformer for å fremje studentane si kjensle av tilhøyre og motivasjon», står det i brevet. Eit eige utval har også blitt sett ned for å vurdera og koma med forslag til kva UiO kan gjera for å sikra mangfald blant profesjonsstudentane knytte til kjønn og kulturell og sosioøkonomisk bakgrunn. UiO-leiinga står fast på at det likevel er naudsynt å føra vidare tiltak i opptaksregelverket som kan jamna ut den skeive kjønnsfordelinga.

Talet på kvalifiserte kvinner aukar mest

I argumentasjonen UiO brukar, blir det lagt vekt på at talet på kvalifiserte førsteprioritetssøkjarar blant menn på profesjonsstudiet i psykologi har auka frå 2,2 per studieplass i åra mellom 2013 og 2018 til 2,7 i perioden 2019-2021. Samtidig har talet på kvalifiserte kvinner i den same perioden auka frå 7, 3 til 8,2.

Konklusjonen er dermed at godt kvalifiserte menn ikkje når opp i konkurransen med godt kvalifiserte kvinner utan tilleggspoenget for kjønn. Derfor ber UiO Kunnskapsdepartementet om å få vidareført denne ordninga i Opptaksføreskrifta i fire nye år frå studieåret 2024/25 til og med studieåret 2027/2028.

– Dei skal avspegla alle som bur i landet

Bjørn Lau, som er instituttleiar på Psykologisk institutt, er glad for at UiO no sender inn ein søknad om å få halda fram med ordninga om å gi eit ekstra poeng til menn som søkjer seg inn på profesjonsstudiet. 

INGEN NEGATIVE: –Me har faktisk ikkje fått nokre negative tilbakemeldingar så langt, fortel instituttleiar Bjørn Skau ved Psykologisk institutt. (Foto: Sverre Aurstad/UiO)

– Alle studentane våre skal vera klare til å arbeida som psykologar frå første dag etter at dei er uteksaminerte. Derfor skal dei også avspegla alle som bur i landet vårt , og derfor må me også ha menn. Me skulle gjerne hatt endå meir mangfald også på andre måtar, men når det gjeld kjønn er det i alle fall mogleg å gjera noko med det ved å tilby menn eitt ekstrapoeng. Og dette er også ein del av samfunnskontrakten til profesjonsstudiet i psykologi, understrekar han overfor Uniforum.  

– Alle er godt motiverte

Bjørn Lau er ikkje redd for at eit slikt ekstrapoeng skal føra til at søkjarane vil vera dårlege.

– Alle søkjarane våre har eit gjennomsnitt på 5,9  frå den vidaregåande skulen. Og så har dei også skaffa seg tilleggspoeng på andre måtar. Derfor er dei alle godt motiverte og ynskjer å bli psykologar, slår han fast.

Likevel er erfaringa at nokre av dei som kjem inn vil gå vidare til medisin eller juss.

– Derfor tar me inn 140 søkjarar i året til dei 125 studieplassane våre. Og me har opptak to gonger i  året, opplyser han til Uniforum.

– Har de fått negative reaksjonar frå kvinnelege søkjarar som har følt seg forbigåtte av menn som har fått eit ekstrapoeng?

 – Det har eg tatt ein liten runde på her på instituttet. Men me har faktisk ikkje fått nokre negative tilbakemeldingar så langt, fortel Bjørn Lau.

 

• Les meir om kjønnspoeng på psykologi:

Kjønnspoeng ga 17 menn studieplass på psykologi

Regjeringen er positiv til å viderføre kjønnspoeng

Kjønnspoenget har fått flere menn inn på studiet

Glade for å få inn fleire menn på psykologistudiet

UiO får ikke opprette guttekvote

Kjønnspoeng skal få menn inn på psykologi

Emneord: Psykologi, Likestilling, Studentforhold. Studentsaker, Opptak Av Martin Toft
Publisert 29. mars 2023 16:34 - Sist endra 29. mars 2023 16:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere