UiO-student får pris for oppgåve om utnytting av marokkanske kvinner i Spania

– Kvinner frå Marokko som arbeider for jordbærbønder i Spania vert utnytta økonomisk og  har problem  med å sleppa ut av gardane. Det seier jusstudent Maria Leal Lillo som Det juridiske fakultetet nyleg gav prisen for beste masteroppgåve om rasediskriminering.

BESTE OPPGÅVE: Masterstudent Maria Leal Lillo får utdelt pris for beste oppgåve om rasediskrimering frå juryleiar Helga Aune (t.v.).

Foto: Martin Toft

I Huelva i Spania brukar jordbærdyrkarane kvinner frå Marokko som arbeidskraft.  Til saman utgjer dei 20 prosent av sesongarbeidarane. 

– Dei blir både underbetalte og utnytta, og det har kome inn klager om seksuell trakassering, manglande løyve til å vera borte under sjukdom og inga opning for kvilepausar, konstaterer jusstudent Maria Leal Lillo på Norsk senter for menneskerettar ved UiO. Ho har skrive om desse kvinnene i ei masteroppgåve om rasediskriminering med tittelen:  “Rights awareness in circular migration: a multi-stakeholder approach. The case of Moroccan women migrant workers in Huelva (Spain).” 

Dette er alle dei sju nominerte oppgåvene innanfor temaet rasediskrimering:

Mona Bayat:  «I hvilken grad samsvarer underholdskravet i familieinnvandringssaker med kvinners rett til vern mot indirekte forskjellsbehandling? En kritisk analyse av utlendingsforskriften §§ 10-8 og 10-9 i lys av likestillings- og diskrimineringsloven § 8.»

Assia Chelaghma:  En rettsdogmatisk, rettssosiologisk og rettspolitisk studie av den rettslige og faktiske posisjonen til innvandrerkvinner på familieinnvandring med ektefelle, med hovedvekt på utlendingsloven § 40 (3), § 53 (1) b og § 62,

Elisabeth Handeland Helberg: “The implementation of women’s rights to penal remedies for and protection against domestic violence in Bangladesh - A critical multi-level and multi-methodological analysis”

Maria Leal Lillo: “Rights awareness in circular migration: a multi-stakeholder approach. The case of Moroccan women migrant workers in Huelva (Spain).”

Barbora Sedlackova: ”Time to Tear Down the Walls: Does the Slovak government have a duty to provide reparations to the Slovak Roma minority?”

Amelia Ella Svensson: ” Rasismen under ytan Norska Black Lives Matter-demonstranters upplevelser av rasism i vardagen och rättens konfliktlösande möjligheter att bemöta dessa.”                               

Hanna Aasen: ”Gruppers og individers vern mot trakasserende og hatefulle ytringer. En sivil- og strafferettslig analyse»

Desse sat i juryen:  Helga Aune (leiar), Peris Jones og Cecialia Bailliet.

(Kjelde: Det juridiske fakultetet)

– 100 prosent overraska

I førre veke blei oppgåva hennar kåra som den beste av sju nominerte på Det juridiske fakultetet innanfor rasediskrimering. 

– Det blei eg 100 prosent overraska over. Eigentleg hadde eg ikkje ein gong tenkt å vera til stades under prisutdelinga, sidan eg ikkje bur i Oslo, men eg blei sterkt oppfordra til å vera der. No er glad for at eg kom dit, seier Maria Leal Lillo til Uniforum etter prisutdelinga.

– Kva var grunnen til at du valde å skriva om dei kvinnelege arbeidarane frå Marokko i Huelva i Andalucia?

– Sidan eg kjem frå Spania, ville eg gjerne skriva om eit tema som var relatert til spanske forhold. Situasjonen til desse kvinnene høyrde eg først om i ein podkast om feminisme. Der viste dei til korleis mange marokkanske kvinner tok seg arbeid på jordbærgardar i Spania, utan at dei blei informerte om rettane sine. Samtidig måtte dei forlata familiane sine i Marokko. Dei er sårbare og blir utnytta. Og derfor bestemte eg meg for å gjera ei undersøking av dette. Sjølv om det hadde vore ein del historier om dette, var det ikkje gjort noko akademisk arbeid tidlegare, som hadde sett på korleis dei kunne bli informerte  og meir medvitne om rettane sine.  fortel Maria Leal Lillo. 

– Korleis er situasjonen for desse kvinnelege arbeidarane i Spania?

– Det kjem an på kven du spør. Den offisielle versjonen er at alt er bra for alle dei involverte. Kvinnene er takksame fordi dei har ein jobb der årleg slik at dei kan tena pengar for familien. Vanlegvis klagar dei ikkje på situasjonen, og dei gongane dei gjer det, har dei ikkje fått støtte frå den spanske påtalemakta, konstaterer ho. 

– Desse kvinnene er sårbare og blir lett utnytta

Maria Leal Lillo har registrert at dei som gjer det, er deltakarar i fagforeiningar og frivillige organisasjonar som fortel om det som verkeleg hender.

– Desse kvinnene er sårbare og blir lett utnytta, nettopp fordi dette arbeidsinnvandringsprosjektet er utforma slik. Arbeidsgjevaranei seier at dei har det bra og at dei dekkjer både utgifter til velferdsordningar og losji for dei i tillegg til lønna. Me lurer på kvifor dei berre vil ha kvinnelege arbeidarar med barn i Marokko.  Det er truleg fordi dei ynskjer at kvinnene har ein familie i heimlandet, slik at dei har ein garanti for at dei er heilt avhengige av jobben.  Så me trur dei gjer det også fordi dei vil profittera på denne situasjonen sjølve, seier ho

Maria Leal Lillo konstaterer at arbeidsgjevarane sjølve hevdar at dei behandlar arbeidarane sine godt og gjer ei god gjerning ved å tilby dei jobb og losji. 

– Dei kunne ha vore flinkare til å tilby desse arbeidarane anstendige arbeidsforhold, synest ho.

Ein reportasje i avisa El Español frå 2018 skildrar livet til desse kvinnene og korleis dei også blei utnytta seksuelt av arbeidsgjevarane sine.   

– Bør byggja opp eit rammeverk for samarbeid

– Kva råd vil du gi til spanske styresmakter når det gjeld situasjonen til desse kvinnene?

– Eg prøver å vera proaktiv og ikkje berre kritisera det som skjer. Derfor føreslår eg eit betre samarbeid mellom alle dei involverte, både med selskapa, fagforeiningane og dei frivillige organisasjonane. Derfor bør dei byggja opp eit rammeverk for samarbeid der alle partar har like stor påverknad. Slik kan dei informera kvinnene om rettane dei har på sitt eige språk, som regel ararbisk. Då vil dei vita kva som er rett og kva som er gale, og dei vil kunne klaga dersom reglane ikkje blir fylgde, slår ho fast.

Det finst fleire meklingskontor for arbeidarane, nokre drivne av frivillige organisasjonar, andre av arbeidsgjevarane.

– Det er ganske forvirrande, og derfor stolar ikkje arbeidarane alltid på dei, seier ho.

Det er rundt rekna over 1000 slike fruktgardar i  Spania.

– Kan dra rundt i buss for å informera dei

I masteroppgåva har Maria Leal Lillo også eit meir konkret forslag til kva som bør gjerast for desse kvinnelege arbeidarane.

– Samarbeidspartnarane bør saman koma med eit felles initiativ om å  dra rundt i ein buss frå den eine jordbærgarden til den andre for å informera arbeidarane om rettane dei har på deira eigne språk gjennom heile innhaustinga. 

Det er ikkje berre jordbær som blir dyrka på desse gardane i Huelva. Også bringebær og blåbær blir hausta der. Mange av dei største fagforeiningane har prøvd å koma seg inn på jordbærgardane og dei andre fruktgardane på legalt vis.

– Dei har fått nei, men inntrykket mitt er at dei ikkje har prøvd hardt nok. Mindre fagforeiningar har tatt seg inn illegalt ved å klatra over gjerde. Problemet er at desse kvinnene ikkje har rettar utanfor jordbærgardane. Dei må bu der og kan berre reisa til andre stader ein gong i veka.

– Er det mogleg å kalla det for ein arbeidsleir?

– Sjølv om selskapa seier at dei får alt dei treng der, både arbeid og gratis losji, får dei berre  dra på besøk til den næraste landsbyen eller bli kjente med dei som bur der ein sjeldan gong. Dei blir då transportere inn og ut av jordbærgardane i eigne bussar. Alternativet er at dei må betala andre arbeidarar med bil som kan ta dei  med til stader utanfor fruktgarden.

– Og kvar hamnar desse varene?

– Dei blir eksporterte til andre land i Europa. Me et ikkje våre eigne produkt i Spania, men importerer frå andre land. Sidan produkta kjem frå Spania, trur alle i Europa at dei er produserte på ein legal måte.

Maria Leal Lillo deler  likevel synspunktet til fagforeiningane og dei frivillige organisasjonane om at forbrukarane ikkje må boikotta desse produkta.

– Kvinnene får jo jobb, så det er betre å krevja  av styresmaktene at dei sørgjer for at dei får gode arbeidsvilkår. Mange av dei som kjøper produkta, veit ikkje kva som går føre seg, heller ikkje spanske forbrukarar veit det. Og det skjer ikkje berre i Spania. Pressa har også avslørt utnytting av arbeidarar her i  Noreg, minner ho oss om.

 

• Les meir om inkludering og rasisme: 

Ho sa ifrå om rasisme - jusstudentane gav henne inkluderingsprisen

UiO-ansatt opplever seg fryst ut etter varsling

Forsker på hudfarge: Mener rasismeproblemet underdrives i Norge

NRK Super er tildelt Jonasprisen

Tibetanar vald til studentleiar i Canada i 2019  - fekk 11 000 hatmeldingar

 Mangfoldsrapport: – Ansatte nekter å snakke engelsk i møter

Paneldiskusjon om raseteori: – Norge er veldig hvitt

UiO-studenten Rawa Tilahun Yohannes demonstrerer mot rasisme i Noreg og i USA

"Black Lives Matter" : – Det er relevant overalt

Einige om at UiO kan ta grep for å få meir mangfald

Holberg-prisen til ledende rasimeforsker

UiO-tilsette avslørte sosial dumping i jusbygningane

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: diskriminering, rasisme, Jus Av Martin Toft
Publisert 28. mars 2023 11:35 - Sist endra 28. mars 2023 13:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere