DEBATT: Fagråd, språkpolitikk og handlingsrom

Dei andre universiteta i Noreg, irekna toppleiarane, har i langt større grad enn UiO forstått at språkspørsmålet må takast alvorleg  og få følgjer for måten ein organiserer personaloppfølging, undervisning og språkstøtte.

Ei kvinne saman med mange ordbøker

KAN IKKJE LEVA MED: For UiO som institusjon kan vel ikkje leva med at ein sender frå seg kandidatar som ikkje har lært å formidla fagkunnskapen sin på norsk, eller seia sikkert kva fagorda dei har lært, tyder?, spør Oddrun Grønvik i dette innlegget.

Foto: Ola Gamst Sæther

Språkpolitikken ved Universitetet i Oslo skal reviderast, kan Uniforum fortelja oss, og meiningane ved UiO sprikar. Skal ein døma etter språkmøtet i Domus Bibliotheca på tysdag 31.1. er universitetsleiinga - og somme tilsette - framleis innkapsla i ei boble der samfunnet utanfor UiO knapt finst, slik at språkspørsmålet blir ei sak for intern synsing. 

Men slik er det sjølvsagt ikkje. UiO har vore underlagd lover om språk i offentleg sektor sidan 1930.  Den siste - språklova - gjeld frå 1.1.2022, altså frå eit drygt år sidan. Kunnskapsdepartementet har som oppfølging teke opp språkspørsmålet i tildelingsbrevet til UiO for 2023, og der står følgjande:

"Den nye språkloven ble gjeldende fra 1. januar 2022 og skal sikre bruk av norsk språk på alle områder i samfunnet. Utdanningssektoren er en nøkkelsektor, og universitets- og høyskoleloven slår fast at universitetene og høyskolene har et ansvar for å vedlikeholde og videreutvikle norsk som fagspråk. Kunnskapsdepartementene forventer at institusjonene arbeider systematisk og strukturert med dette. "

Eg minnest ikkje at dette ganske ferske pålegget vart nemnt på tysdag. 

Dei andre universiteta i Noreg, irekna toppleiarane, har i langt større grad enn UiO forstått at språkspørsmålet må takast alvorleg  og få følgjer for måten ein organiserer personaloppfølging, undervisning og språkstøtte. Ved UiO verkar denne innsikta førebels ujamt fordelt, og har tydeleg ikkje nådd ut til alle.

Er det ikkje innlysande at ansvar for å utvikla norsk fagspråk har følgjer for personalpolitikk, undervisning og forskarstøtte i alle fagmiljø? Der alle snakkar greitt saman på både norsk og andre språk, kan oppgåver fordelast etter kompetanse og interesse, ikkje berre etter meistring av arbeidsspråk. Forskingdekan Skoie ved HF-fakultetet fortalde kva ein har sett i gang  ved HF-fakultetet, og kvifor. Dette arbeidet blir no - om eg forstod det rett - modell for ein tilsvarande innsats ved SV-fakultetet. 

Studentane på alle fag bør no ha grunn til å venta seg terminologiordlister på norsk og engelsk, med definisjonar, som undervisnings- og eksamensstøtte. Slikt tilfang vil gjera livet enklare for undervisningspersonale med  norsk som andre - eller tredjespråk. Det vil også løfta den generelle kompetansen hos det vitskaplege personalet ved UiO. Eg har til gode å møta forskarar som meiner at ein tek  fagleg skade av å læra seg å definera.

Språkrådet har nyleg  undersøkt haldningar til språkval i vitskapleg prodduksjon mellom tilsette i UH-sektoren. Av dei 1329 som svarte, kom 209 av frå UiO. Denne undersøkinga vart ikkje nemnd på møtet. Eit hovudfunn i undersøkinga er at det blir oppfatta som lite karrierefremjande å skriva på norsk, også på leiarnivå.

Men ansvaret for å utdanna arbeidstakarar til det norske samfunnet ligg likevel fast. På tysdag fekk vi ikkje høyra korleis leiinga ved UiO har tenkt å ta tak i dette dilemmaet, men etter så klåre signal kan det ikkje oversjåast. For UiO som institusjon kan vel ikkje leva med at ein sender frå seg kandidatar som ikkje har lært å formidla fagkunnskapen sin på norsk, eller seia sikkert kva fagorda dei har lært, tyder?

 
Emneord: Språkpolitikk Av Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør for Norsk Ordbok og leksikograf ved Universitetet i Oslo
Publisert 5. feb. 2023 07:30 - Sist endra 5. feb. 2023 12:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere