Internasjonale UiO-tilsette får krasjkurs i norsk arbeidskultur

– Det me ynskjer å gjera er å gi deltakarane innsikt i uskrivne reglar i norsk arbeidskultur som kan bli utfordrande for internasjonale tilsette, fortel Jakob Fossland Dietz. Han er koordinator for krasjkurset om norsk kultur som UiO tilbyr internasjonale tilsette. 

Fleire personar sit på eit møterom og lyttar til førelesar

ARBEIDSKULTUR: Internasjonale tilsette på UiO får innføring i norsk arbeidskultur av jurist og skribent Lorelou Desjardins.

Foto: Martin Toft

Det er ein tidleg morgon i Stort møterom i Georg Sverdrups hus. Rundt borda sit 50 internasjonalt tilsette på UiO saman med kollegaer både frå Noreg, Europa, Nord- og Sør-Amerika og Asia. Alle skal gå gjennom eit krasjkurs i norsk arbeidskultur og norsk veremåte.

Førstekonsulent Jakob Fossland Dietz er koordinator for kurset som Den internasjonale seksjonen ved UiO (ISMO) tilbyr tilsette frå andre land.

 – Dette handlar om norsk arbeidskultur. Det me ynskjer å gjera er å gi deltakarane innsikt i uskrivne reglar i norsk arbeidskultur som kan bli utfordrande for internasjonale tilsette, fortel han til Uniforum.

– Dette gjer me på ein interessant og nyttig måte. Det er plass til 50 personar på kvart kurs, og det blir arrangert to til tre gonger i semesteret. Dei er populære og blir fylte opp fort, men målet vårt er at alle som ynskjer å delta skal få høve til det, understrekar Fossland Dietz i ISMO (International Staff Mobility Office).

Gir oppgåver frå arbeidsliv og friluftsliv

Den som er henta inn for å gi dei internasjonale tilsette ei innføring i norsk arbeidskultur, er Lorelou Desjardins (39) som både er jurist, forfattar og spaltist i VG. Ho held foredrag og skriv om norsk kultur med eit glimt i auget. Boka «En frosk i fjorden – kunsten å bli norsk» gav ho ut på Cappelen Damm i 2017. Og i bloggen sin A Frog in the Fjord, deler ho sine eigne erfaringar med norsk kultur både i arbeidsliv og fritid. Sjølv kjem ho frå Marseille i Sør-Frankrike og via eit par år langt opphald i Danmark kom ho til nabolandet Noreg.

På kurset gir Lorelou Desjardins deltakarane ulike oppgåver henta frå både norsk arbeidsliv og frå norsk friluftsliv. Først viser ho ei tilbakemelding frå ein arbeidsgjevar til ein kandidat som har søkt jobb hos dei, og ber dei tolka teksten.

Frå friluftslivet gir ho dei ei oppgåve der nokon som har leigd ei hytte av DNT på fjellet, brått høyrer det bankar hardt på døra. Ute i snøstormen utanfor står to menn, som spør om dei kan gå liggja på golvet i hytta fordi det er for dårleg ver til å liggja ute i telt. Oppgåva går ut på om nordmenn ville ha sagt ja eller nei til denne førespurnaden.

Etter 13 år i norsk arbeidsliv synest Lorelou Desjardins det er fint å kunna dela erfaringane sine med internasjonale tilsette både her på UiO og på OsloMet. Og ho får god respons tilbake frå dei som har deltatt på kurset hennar.

– Generelt sett er tilbakemeldinga positiv. Ein kunne tenkja seg at det er vanskeleg å tilfredsstilla alle, sidan eg har både norske og utanlandske deltakarar i kvar førelesing, fortel Lorelou Desjardins til Uniforum via epost nokre dagar etter kursdagen.

– Eg trur at grunnen er at utlendingar ikkje har så mange plattformer for å snakka om dei kulturelle misforståingane dei handterer kvar dag, og ingen å stilla spørsmål til om norsk kultur og norske uskrivne reglar,

Mange av dei som kjem  på kurset  hennar er utlendingar som har vore lenge i Noreg, og ifylgje henne lærer dei framleis noko av å gå på dette kurset.

– Det som overraskar meg er når norske tilsette fortel meg at dei har fått eit heilt nytt perspektiv på sin eigen kultur, og på kva utfordringane for utlendingar er i Noreg og på UiO som arbeidsplass, peikar ho på.

 

USKRIVNE REGLAR: UiO vil gi internasjonale tilsette innsikt i uskrivne reglar i norsk arbeidskultur. Det lærer dei på kurset Jakob Fossland Dietz i ISMO er koordinator for. Kurshaldaren denne gongen er Lorelou Desjardins ( i midten). Lengst til høgre står Marianne Skagen som arbeider med forskarbustader ved Seksjonen for internasjonalt tilsette på UiO (ISMO). (Foto: Martin Toft)

– Kulturskilnaden var så utruleg stor

Sjølv har Lorelou Desjardins også fått interessante innspel frå kursdeltakarar.

– Ein gong fekk eg eit spørsmål om jantelova. Eg hadde forklart at det er viktig å vera audmjuk i Noreg, fordi sjølv om du er veldig smart eller veldig rik bør du eigentleg ikkje skryta av det. Det er noko nordmenn ikkje har så mykje respekt for. Og så kom ei dame frå Russland og spurte meg "Jeg skjønner, men hva hvis jeg ER mye smartere enn alle i rommet, hvordan kan jeg få dem å forstå det uten å skryte". Då svarte eg at viss ho er så smart, skal dei sikkert finna ut av det sjølve. Men eg blei sett ut, fordi kulturskilnaden var så utruleg stor, fortel ho.

– Mest nytte av konflikthandtering

Etter kvar førelesing sender ho rundt evalueringsskjema til alle deltakarane. Då får ho svar på kva dei lærer mest av.

– Eg ser at det dei har mest nytte av er konflikthandtering, og alle uskrivne reglar rundt til dømes tillit, som er eit viktig prinsipp i det norske samfunnet.

Då får Lorelou Desjardins også eit klart bilete av kva dei internasjonale tilsette tykkjer er vanskelegast med den norske kulturen.

– At det er så vanskeleg å få seg venner. At ingen inviterer dei på middag og på fest. Det er tøft fordi når me kjem hit som utlendingar, har me ofte ingen venner, og ingen nettverk, og det norske samfunnet er ikkje det lettaste å bli kjent med, slår ho fast.

Samtidig er det nokre delar av det norske samfunnet som overraskar dei positivt.

– At Skatteetaten tilbakebetaler skatt dei har betalt for mykje, med renter. At ein kan ha tillit til styresmaktene er ei stor overrasking for mange, har Lorelou Desjardins fått meldingar om.

 

– Blir sett veldig stor pris på

Då vender me tilbake til kurskoordinator Jakob Fossland Dietz.  Han er svært nøgd med at grunnleggjaren av nettstaden A frog in the fjord, Lorelou Desjarins --- kunne halda innleiinga på dette kurset.

– Ho ser sjølv Noreg frå eit utanforperspektiv samtidig som har glimt i auget og har 13 år lang erfaring med å jobba i Noreg. Dette er viktig for å skapa inkludering, og tilbodet blir sett veldig stor pris på, fortel han.

Og det er ikkje berre dei internasjonale tilsette som har noko å læra.

– Dette er kjempeviktig og interessant for dei internasjonale tilsette, men det er samtidig også lærerikt for oss norske tilsette ved UiO for å kunna sjå oss sjølve utanfrå, synest Jakob Fossland Dietz.

– Kom til kjernen i kva det er å vera utlending på ein ny stad

NYTTIG: Både stipendiat i geologi Leticia Rodriguez-Blanco frå Argentina og stipendiat i arkeologi Brad Jordan frå Australia synest kurset i norsk arbeidskultur var nyttig og interessant. (Foto: Martin Toft)

 

Etter at kurset er over, møter Uniforum  også nokre av kursdeltakarane for å få reaksjonane deira.

Brad Jordan er frå Australia og er no stipendiat i arkeologi på UiO. Han likte godt å delta på kurset.

– Det var svært interessant. Eg har berre vore her i landet i seks veker og kurset tok opp mange av stereotypane eg hadde høyrt om nordmenn av folk frå andre delar av Skandinavia, før eg kom hit. Derfor var kurset svært nyttig. Innleiaren var veldig morosam og kom til kjernen i kva det er å vera utlending på ein ny stad.

Leticia Rodriguez-Blanco frå Argentina er doktorstipendiat i geologi på UiO. Ho skryt over kurset.

– Eg synest det var veldig bra og strategisk. Og det er alltid ei stor utfordring å bli kjent med nye folk, også innanfor din eigen kultur. Og når me kjem til ein ny kultur, tar me med oss i bagasjen fleire føreinntatte haldningar med grunnlag i dei folka me har møtt omkring i verda. Av og til oppfører me oss på ein måte som me trur er normalt, heilt til me får vita at dei ser litt rart på oss fordi det ikkje var slik der som me var vande til at det skulle vera.

– Det var veldig interessant det som innleiaren delte med oss, synest ho.

Brad Jordan tykkjer ikkje innleiaren kom med overraskande opplysningar.

– Det er litt vanskeleg å svara på. Men eg synest det var fint at ho trekte fram kor hjelpsame nordmenn er når folk er på ei hytte i fjellet og nokon bankar på døra, og dei stiller opp for å hjelpa dei som har gått seg vill eller treng hjelp. Dei er mindre redde for å stola på folk enn det eg hadde tenkt meg. Så akkurat det var litt overraskande for meg, fortel han.

– Eg må tilpassa meg ein annan veremåte

Leticia Rodriguez-Blanco har allereie vore ei stund i Noreg, så ho blei ikkje like overraska.

– Eg har vore her i nesten eitt år, og eg har lese bloggen hennar tidlegare. Og mange av dei tinga ho nemnde, har eg også erfart. Det ho trekte fram, går kanskje også på min veremåte. Eg er den lidenskaplege og direkte som ikkje er redd for å gå inn i ein konflikt. Så i Noreg må eg tilpassa meg ein annan veremåte på arbeidsplassen, konkluderer ho med.

… ja, det er første gongen eg høyrer at det å vera engasjert kan vera negativt på ein arbeidsplass. Det er eg ikkje vant til i den kulturen eg kjem frå, seier Brad Jordan med eit smil.

– Hjelpte oss til å forstå skilnadene betre

Milena Nikolic frå Montenego er doktorstipendiat i psykologi på UiO. For henne er kurset ei god innføring i korleis folk som kjem til Noreg møter andre kulturelle omgangsformer enn dei dei praktiserte i heimlandet.

"SMALL TALK":  – Eg klarer aldri å finna ut alt om praktiseringa av «small talk», seier Milena Nikolic frå Montenegro, som  stipendiat ved Psykologisk institutt , (Foto: Tron Trondal/UiO)

 

– Det er eit fint høve til at både norske og internasjonale tilsette kan bli medvitne om dei ulike kulturelle normene som me tar med oss inn på arbeidsplassen. Når det gjeld kultur, tenkjer me vanlegvis ikkje at dette er vår måte å gjera ting på, og me trur alle kjenner til dei normene me sjølve kjenner. Det er grunnen til at når me snakkar om dette på kurset, så hjelpte det oss til å forstå desse skilnadane betre og hindra moglege misforståingar.  

– Kva overraska deg mest?

– Det er vanskeleg å seia, men me snakka jo ein del om måtar å gi tilbakemeldingar på på norske arbeidsplassar. Og eg sjølv tykkjer at desse tilbakemeldingane er dei som det er mest utfordrande å tolka; er det berre ein høfleg måte å seia nei på eller er det eit ja?

– Reint kulturelle og ikkje personlege

Milena Nikolic synest kurset var svært nyttig for henne.

– Absolutt, for eg lærte at eg nokre veremåtar og kommunikasjonsformer er reint kulturelle og ikkje personlege. Det er viktig for oss internasjonale tilsette å forstå dette. Det var også morosamt å diskutera det med andre internasjonale tilsette, sidan det viser seg at me alle har våre eigne måtar å gjera ting på.

Sjølv lurer ho framleis på ein ting ved den norske kulturen.

– Eg klarer aldri å finna ut alt om praktiseringa av «small talk». Når passar det seg og når gjer det ikkje det?  Eg føler at eg av og til kryssar nokre grenser på det området, vedgår Milena Nikolic overfor Uniforum.

• Les fleire saker om internasjonale tilsette på UiO i Uniforum: 

Stiller til valg for å representere utlendingene

Ber UiO være tydelig om internasjonale ansattes plass i universitetsdemokratiet

HF skjerper språkkravet for internasjonale ansatte

Internasjonale forskarar ved UiO vil inkluderast betre

– Heile debatten om internasjonalisering er ei avsporing

Ueinige om resultata av internasjonalisering i akademia

Kalle Moene svarer Sigurd Allern om internasjonalisering

Kalle Moenes heroiske kamp mot stråmenn

Kalle Moene: Internasjonalisering har vore ein rikdom for fagmiljøet

 

Emneord: Internasjonalisering, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2022 17:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere