UiO fekk filosofiprofessor Monrads sølvkrans frå USA

I 1897 gav Studentersamfundet ein sølvkrans på fløyelspute til filosofiprofessor Marcus Jacob Monrads gravferd. I går kom tippoldebarnet hans Kirsten Seaver frå USA til Observatoriet for å gi kransen tilbake til Noreg.

Ei kivnne og ein mann står inne i eit hus

TAKKAR: Rektor Svein Stølen takkar Marcus Jacob Monrads tippoldebarn, Kirsten Seaver for overrekkinga av sølvkransen tippoldefaren hennar fekk frå Studentersamfundet til bårekrans i 1897. Framme til venstre på biletet  ligg medaljen Monrad fekk frå Karolinska institutet. 

Foto: Martin Toft

På Tøyen går Monrads gate frå Telavåggata til Hagegata langs Professorløkka og Botanisk hage. Få veit at gata er kalla opp etter filosofiprofessor Marcus Jacob Monrad (1816 – 1897) som  både budde i området, og var modell i komediar av Alexander Kielland og i romanen Bondestudentar av Arne Garborg. I Otto Sindings illustrasjonar til Norske folkeeventyr dukkar han også opp som Fanden.

Det opplyste leiaren for Museum for universitets- og vitskapshistorie Bjørn Vidar Johansen då sølvkransen Studentersamfundet gav til gravferda til Marcus Jacob Monrad, blei overrekt rektor Svein Stølen og Universitetet i Oslo i Observatoriet tysdag 27. september.

– Ei personleggjering av universitetet

– Det er ein stor dag for UiO når sølvkransen no kjem tilbake til Noreg etter å ha vore mange år i California i USA. Marcus Jacob Monrad var ein av dei leiande norske professorane på slutten av 1800-talet. Til gravferda hans sende Studentersamfundet ein fantastisk bårekrans som familien hans tok godt vare på. Dette er ein tradisjon som står fjernt frå oss i dag, men dette flotte sølvarbeidet er eit symbol på respekt. Det er også interessant at det kjem frå Det Norske Studentersamfund som var uhyre kritisk til Monrad. For mange var han ei personleggjering av universitetet, fortalde Bjørn Vidar Johansen.

FANDEN: Filosofiprofessor Marcus Jacob Monrad var modell for Fanden i Norske folkeeventyr og modell i komediane til Alexander Kielland og i Bondestudentar av Arne Garborg, fortalde Bjørn Vidar Johansen, leiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie. (Foto: Martin Toft)

I tillegg til sølvkransen fekk også Universitetet i Oslo overrekt medaljen som Marcus Jacob Monrad fekk i gåve frå Karolinska Institutet i Stockholm.

Skreiv lærebok i examen philosophicum

Universitetslektor og idéhistorikar Thor Inge Rørvik frå UiO gav også ein kort presentasjon av den gamle filosofiprofessoren.

– Han vaks opp i Tokke i Telemark og gjekk på Skiens latinskule saman med blant andre to andre stjerneelevar,Peter  Andreas Munch og Anton Martin Schweigaard. Etter at han tok teologisk embetseksamen i 1840,drog han til Berlin, der han interesserte seg for Hegels filosofi. Då han kom tilbake til Noreg, gav han ut ei tynn bok om filosofi som i mange år blei brukt som lærebok på examen philosophicum for alle studentane ved Noregs einaste universitet. Og som litteraturkritikar var han den første som la merke til Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, nemnde Rørvik. 

Året etter at han døydde blei professoratet hans fjerna av budsjettkomiteen til Det kongelige Frederiks universitet i Oslo.

– Eit professorat innehatt av ein mann med reaksjonære haldningar har me ikkje lenger bruk for, var grunngjevinga, fortalde Thor Inge Rørvik.

FRÅ CALIFORNIA: Sølvkransen og medalen har i fleire år vore i California i USA, før dei to historiske gjenstandane i går blei gitt i gåve til UiO av tippoldebarnet til Marcus Jacob Monrad, Kirsten Seaver.  (Foto: Martin Toft)

– Ei glede

UiO-rektor Svein Stølen takka på vegner av Universitetet i Oslo for den heimvende gåva.

– Dette er ei fin kopling mellom det som er, det som har vore, og det Universitetet i Oslo vil bli i framtida. Det må me alltid hugsa. Også i dag har UiO tette band både til Berlin og til Karolinska, peika Svein Stølen på, før han takka Kirsten Seaver nok ein gong for gåva.

– Det er meg ei glede, sa ho og fekk overrekt ein blomsterbukett frå Bjørn Vidar Johansen, leiaren for Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV).

• Les meir om universitetshistorie i Uniforum:

Har vi misforstått Christopher Hansteen? 

Han viste fram teikninga av rektorkjeda og fekk halda på kunstverket til farfaren

Universitetsprofessoren og 1800-tallskjendisen Christopher Hansteen har fått sin egen nettutstilling

Hansteen-arvinger donerer skatter til UiO

Emneord: Universitetshistorie, Observatoriet, Filosofi Av Martin Toft
Publisert 28. sep. 2022 16:45 - Sist endra 29. sep. 2022 12:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere