LEIAR: Modige kvinner og menn i Iran treng støtta vår

Håpet er at demonstrasjonane inneber byrjinga på slutten av det autoritære og menneskefiendlege regimet i Iran. Også folket i Iran har rett til fridom, likeverd og demokrati.

Fleire personar deltar i ein demonstrasjon i ei gate

STØTTE: I Canada demonstrerer folk til støtte for folk som kjempar for kvinner, liv og fridom i Iran. 

Foto: Taymaz Valley/flickR

Den 16. september døydde den kurdiske studenten Mahsa Amini  i varetekt hos det religiøse politiet i Teheran. Brotsverket hennar var at det var nokre få hårstrå for mykje som var komne utanfor den påbydde hijaben. Dei iranske styresmaktene hevda at ho døydde av hjarteinfarkt, men ifylgje familien til  jenta hadde ho aldri hatt hjarteproblem. 

Dødsfallet til Mahsa Amini i   «moralpolitiets» varetekt tente ein gnist som sette fyr på store delar av det iranske samfunnet både innanlands og utanlands. Kvinner demonstrerte mot dei iranske styresmaktene ved å slenga av seg hijaben og ropa ut orda, kvinne, liv og fridom, Dei fekk fylgje av menn som solidariserte seg med kvinnene.  Demonstrasjonane har spreidd seg til fleire byar i Iran, og samtidig har det vore solidaritetsdemonstrasjonar med dei iranske demonstrantane i byar over heile verda. 

I Noreg har to iranarar knytte til Universitetet i Oslo vore sentrale i å informera om det som skjer i Iran i norske media. Den eine er jusstudenten Parnian Amirahmadi og den andre er medisinprofessoren og hjerneforskaren Mahmood  Amiry-Moghaddam som også er leiar for Iran Human Rights i Noreg. Begge har vore i norske aviser og  på radio og TV og fortald om det som skjer i det første heimlandet deira. Saman med storitngspresident  Masud Gharakhani og menneskerettsaktivist  Mina Bai har dei vore i fremste rekkje med å gi støtte til demokratiaktivistane og kvinneaktivistane i Iran. 

For Universitetet i Oslo må vera stolt over at studentar og vitskaplege tilsette engasjerer seg så sterkt politisk for å informera folk i  Noreg om protestane og drapa og overgrepa mot demonstrantane i Iran. Så langt er 76 personar drepne av ei kule frå tenestepistolen til ein iransk politimann.

Førstkomande sundag organiserer Amnesty International ein demonstrasjon framfor Stortinget til støtte for alle dei  som demonstrerer for kvinnerettar og demokrati  i Iran.  Me oppfordrar så mange som mogleg av studentar og tilsette på UiO til å delta i denne demonstrasjonen. For dei som demonstrerer er det viktig å vita at dei har støtte frå folk som lever i land med frie kvinner, fridom og demokrati. 

Prestestyret i Iran har aldri hatt legitimitet i  dei 43 åra det har halde seg ved makta. No har dei endå mindre legitimitet enn dei hadde då dei starta den islamske revolusjonen. Håpet er at demonstrasjonane inneber byrjinga på slutten av det autoritære og menneskefiendslege regimet i Iran. Desse modige kvinnene og mennene treng støtta vår. Også folket i Iran har rett til fridom, likeverd og demokrati.

 

 

Emneord: Iran, Menneskerettar Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 30. sep. 2022 17:17 - Sist endra 30. sep. 2022 17:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere