Nobelprisvinnar Olga Tokarczuk: – Djupøkologi bør bli obligatorisk for alle som vil redda verda

– For meg har Arne Næss sine åtte punkt om djupøkologi erstatta Dei ti boda. Det seier nobelprisvinnar i litteratur Olga Tokarczuk, som også er utnemnt til Arne Næss-professor på UiO.

Portrett av ei kvinne

MEIR AKTUELL:  – Arne Næss er meir aktuell no enn før, synest Olga Tokarczuk, nobelprisvinnar i litteratur frå 2018, og Arne Næss-professor ved Senter for utvikling og miljø på  UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I førre veke arrangerte Senter for utvikling og miljø årets Arne Næss-symposium i Gamle festsal i Urbygningen i sentrum. Årets Arne Næss-professor Olga Tokarczuk frå Polen var hovudtalar. I 2018 blei ho tildelt Nobels litteraturpris blant anna for romanen «Jakobsbøkene» som handlar om ei sekt som heldt til i det landområdet som i dag er Ukraina.

Olga Tokarczuk er kjent som feminist, aktivist for dyr sine rettar, forsvarar av flyktningar frå Midtausten og Afrika, samtidig som ho er vegetarianar og naturvernar. Dagen etter Arne Næss-symposiet får Uniforum eit eksklusivt intervju med henne i Helga Engs hus på Blindern, med UiO-forskar og prosjektleiar for Arne Næss-programmet Nina Witoszek som eksklusiv tolk.

Olga Tokarczuk:

- fødd i 1962 i Polen

- studerte psykologi ved Universitetet i Warszawa

- litterært gjennombrot med Gammeltide og andre tider i 1996

- stor litterær suksess med "Jakobsbøkene" frå 2014

- tildelt Nobelprisen i litteratur for 2018 i 2019

- stor interesse for Arne Næss'  djupøkologi

Aktuell: utnemnt til Arne Næss-professor ved Senter for utvikling og miljø på UiO i 2022.

(Kjelder: Wikipedia, UiO, Olga Tokarczuk)

– Min første reaksjon var eit sjokk

Då Olga Tokarczuk var student i Polen på 1990-talet hugsa ho at ho møtte Arne Næss, og den djupøkologiske filosofien hans påverka henne seinare sterkt.

– Arne Næss var på turné i ulike delar av Polen. Dette var i ein vanskeleg og miserabel periode i Polen fordi det var den første overgangsperioden etter Murens fall. Økologiske tema var det siste folk snakka om. Dei verka nesten kosmiske, for det var andre problem og anna uro samfunnet måtte reagera på, fortel ho.  

Så kjem ho inn på det som var særskilt for Arne Næss.

– Det handla ikkje berre om økologi, men om djupøkologi. Min første reaksjon var eit sjokk. Er det mogleg med ein slik type filosofi? Derfor kjøpte eg meg med ein gong ei bok på engelsk av Arne Næss. Det er ei av dei viktigaste bøkene i livet mitt. No forstår eg langt betre kva djupøkologi dreiar seg om. I den moderne verda har me ikkje noko anna val enn å gå for den djupe økologien. Arne Næss er meir aktuell no enn før, synest ho.

Olga Tokarczuk trekkjer også fram at Arne Næss sette i gang ei anna verdsomfemnande rørsle.

– Den handlar om «Rewilding» altså å gjenoppretta villmarka, altså ikkje berre konservering og restaurering, fortel ho.

Arne Næss:

- fødd i Oslo i 1912, døydde i 2009

- utdanna ved Universitetet i Oslo

- han vert rekna som grunnleggjar av djupøkologien og Osloskulen

- skreiv bøker om filofosihisttorie,  logikk og metodelære som fekk ein sentral plass i akademisk utdanning i Noreg i etterkrigstida.

- læra hans blir ofte kalla for økosofi. 

- skreiv åtte punkt om djupøkologi

(Kjelde: Wikipedia)

Dette er Arne Næss 8 punkt om djupøkologi:

1. Utfoldelsen av og velferden til alt menneskelig og ikke-menneskelig liv på jorden har verdi i seg selv. Disse verdiene er uavhengige av den nytteverdi den ikke-menneskelige delen av naturen kan ha for menneskelige formål.

2. De ulike livsformenes rikdom og mangfold bidrar til å virkeliggjøre disse verdiene, og har også verdi i seg selv.

3. Mennesker har ingen rett til å redusere dette rike mangfoldet med mindre det gjøres for å tilfredsstille livsviktige behov.

4. Utfoldelsen av menneskelige liv og kulturer er forenlig med en betydelig mindre menneskelig befolkning. Utfoldelsen av ikke -menneskelige liv krever på lang sikt (i et tidsperspektiv på flere hundre år) en betydelig mindre menneskelig befolkning i fremtiden.

5. Nåværende inngrep i den ikke-menneskelige delen av naturen er av altfor stort omfang, og situasjonen forverres hurtig.

6. Politikken må derfor legges om. Aktuelle politikkområder berører grunnleggende økonomiske, teknologiske og ideologiske strukturer. Den resulterende tilstanden vil være dypt forskjellig fra den nåværende.

7. Den ideologiske endringen vil hovedsakelig bestå i en verdsetting av livskvalitet (å dvele ved situasjoner av iboende verdi) snarere enn å holde fast ved en stadig økende materiell levestandard. Folk vil få en dypsindig forståelse av forskjellen på storvoksthet og storhet.

8. De som slutter seg til de foregående punktene har en forpliktelse til å prøve å virkeliggjøre de nødvendige forandringene.

(Kjelde: Professorina.wordpress.com)

– Eg føler meg privilegert

– Kva var grunnen til at du aksepterte tilbodet om å bli Arne Næss-professor ved Universitetet i Oslo?

– Eg føler meg privilegert som fekk tilbodet om å vera Arne Næss-chair ved UiO. Eg har fått utruleg respekt for djupøkologien til Arne Næss, og eg har ei kjensle av å vera ein utvald person som er medviten om at verda er knytt saman i eit nettverk der eg treffer meg sjølv frå fortida.

– Og er det noko me kan læra av Arne Næss i dag?

– Alt er viktig, spesielt dei åtte punkta hans om djupøkologi. For meg er desse punkta blitt ei erstatning for Dei ti boda i Det gamle testamentet. Dei bør vera obligatoriske for alle som vil redda verda, seier ho bestemt.

UNDERTRYKKING:  – Denne boka handlar også om undertrykking av identitetar, søking etter det å høyra til og forholdet vårt til alt som er ukjent og framand, fortel Olga Tokarczuk om sin eigen roman «Jakobsbøkene». (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Handlar om undertrykking av identitetar  

– I 2018 blei du tildelt Nobelprisen i litteratur, og me gratulerer deg med den på etterskot. Ein av romanane dine «Jakobsbøkene» går føre seg på 1700-talet i det området som i dag er Ukraina. Korleis vil du omtala situasjonen for Ukraina i dag etter Russlands invasjon?

– Eg er ingen spesialist i politiske forhold mellom land, men eg kan gjerne fortelja litt om denne boka og om staden eg skriv om i boka. Romanen skjer i ei verd der nasjonalstaten enno ikkje eksisterte. Det var heilt annleis enn den verda me lever i i dag. No dreiar verda seg om Polen, Noreg og Italia og andre land, peikar ho på. 

– Den verda som eg prøver å skildra, er ei verd der mange folkegrupper lever saman. Grensene er porøse og heilt annleis enn i dag. Folk som handlar og kjøper ting bevegar seg på kryss og tvers av desse grensene på ein måte som ikkje er mogleg i dag. Denne boka handlar også om undertrykking av identitetar, søking etter det å høyra til og forholdet vårt til alt som er ukjent og framand, fortel ho om sin eigen roman «Jakobsbøkene».

Har etablert ei stifting som står bak ein årleg festival

– Du er ein feminist, aktivist for dyra sine rettar og ein forsvarar for flyktningar som kjem til Polen og Europa frå Midtausten og Afrika, og no seinast frå Ukraina. Korleis er det for deg å bu i eit land med ei så ultrakonservativ regjering som Polen har?

– Det er ei overdriving å seia at eg er ein aktivist. Først og fremst driv eg med skriving. Det er måten eg skriv på, som eg ser på som ei aktivistisk verksemd. Så det er ikkje heilt sant at eg er ein aktivist.

Etter å ha tenkt seg litt om, går ho likevel med på at ho er ein slags aktivist.

– Ja, eg har etablert ei stifting som er engasjert i saker som er viktige for feministar, for natur- og miljøforkjemparar, for dei som snakkar om rettane for minoritetane, og for LHQBT-personar sine rettar. Dette er saker som opptar meg mykje, og eg organiserer kvart år ein festival om desse tinga, fortel ho.

 Men det er ikkje det einaste ho engasjerer seg i.

– Eg er også opptatt av stader som er langt frå dei kulturelle sentra i Polen. Bygder og små byar som treng fornying, legg ho til.

– Lidinga til dyra er det viktigaste temaet mitt

– Sist torsdag heldt du hovudtalen under Arne Næss-symposiet i Gamle festsal i Urbygningen på UiO.Talen hadde tittelen "Animal Masks" Kva var dei viktigaste tankane du kom med der?

– Det er uhyre viktig at me diskuterer lagnaden til dyra i denne verda. Dyra blir forbunde med store fabrikkar som produserer kjøt. Lidinga til dyra er det viktigaste temaet mitt. Me lever i ei verd som akselerer fort framover og endrar seg raskt,  og om ti år trur eg verda vil vera heilt annleis enn i dag. Derfor tenkjer eg at dei bøkene eg skriv, er ein refleksjon og ei førebuing til den verda som kjem, fortel ho.

STORE FABRIKKAR: – Det er uhyre viktig at me diskuterer lagnaden til dyra i denne verda. Dyra blir forbunde med store fabrikkar som produserer kjøt, registrerer nobelprisvinnar i litteratur Olga Tokarczuk. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– I førelesinga prøvde eg å visa ulike perspektiv på det temaet som eg er opptatt av, altså av framtida til dyra i verda. På den måten er litteraturen kanskje endå viktigare enn filosofien for den provoserer fram refleksjonar hos menneska om det som skjer rundt oss.

– Vil du lata dyra få hovudroller i romanane dine slik George Orwell gjorde i "Kaptein Napoleon" ("Animal Farm")?

– Det kunne eg tenkt meg å ha gjort, men eg har ikkje gjort det enno. Men det er ein plan. Det er for enkelt å projisera menneskelege eigenskapar inn i dyr. Det må finnast klokare måtar å gjera det på, trur ho.

Vil presentera tankane til Arne Næss på festival

– Og kva arbeid vil du gjera ut av Arne Næss’ filosofi i dei neste månadene?

– Eg har ingen snarlege planar om det. Men eg trur på makta til tanken og refleksjonen. Spørsmålet ditt har inspirert meg. Så til den neste festivalen kan eg tenkja meg å invitera nokre tenkjarar som kan presentera Arne Næss’  filosofi til publikummet mitt. Det er ein veldig god idé, synest ho.

Neste stopp på reiseruta hennar er Berlin før ho vender tilbake til heimen på landsbygda utanfor Wroclaw i Polen.

 

• Les meir om Arne Næss Programme on Global Justice and the Environment

• Les også i Uniforum: 

Zappfeprisen-tildelt Carl Tollef Solberg

SUM overtar Zappfeprisen og deler den ut på Arne Næss-symposiet

Arne Næss er død

Arne Næss tildelt St. Olavs Orden

Dyptenkeren jubilerer

 

Emneord: Filosofi, SUM, Polen, Litteratur Av Martin Toft
Publisert 30. aug. 2022 04:30 - Sist endra 31. aug. 2022 13:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere