Nils Chr. Stenseth: – Mendel redda på sett og vis Darwin

I år er det 200 år sidan genetikkens far, Gregor Johann Mendel blei fødd. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth har tatt initiativet til ei markering i Drøbak førstkomande laurdag.

Tre menn står inne i eit bibliotek. To av dei står medan den i midten sit.

MENDELS ORIGINALMANUSKRIPT: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth får bla gjennom Gregor Johann Mendels handskrivne originalmanuskript i samlinga til Mendel-museet i Brno i Tsjekkia. Til høgre står munken Jan Emil Biernat som skal halda foredrag i Drøbak. 

Foto: Ellen Repiková, Společně.org

Munken Gregor Johann Mendel (1822- 1884) begynte å forska på erteplantar for å sjå korleis nye erteblomstar kunne få ulike eigenskapar frå dei plantane dei ætta frå. I klosteret han heldt til i Brno i dagens Tsjekkia, påviste han at dei erteblomstane som hadde dei mest dominerande eigenskapane også ville gi det vidare til neste generasjon plantar, medan dei som hadde mindre dominerande eigenskapar, ville gi færre avkom med desse eigenskapane vidare til den neste i arverekkja. Høge plantar avla berre høge, medan låge plantar berre avla låge. Slik la den katolske munken og assistentlæraren frå Brno grunnlaget for genetikken.

Gregor Mendel (1822-1884)

- var fødd i dagens Tsjekkia og blei munk hos augustinarordenen sitt kloster i Brno. 

- ved sida av munkegjerninga forska han på erteblomsten for å finna ut korleis nye erteblomstar kunne få ulike eigenskapar frå dei plantane dei ætta frå.  

- forskinga hans var grunnlaget for genetikken. 

- i 1930 blei Mendels genetikklære foreina med Darwins evolusjonslære.

Aktuell: 200-årsjubileet til Mendel blir markert i Drøbak 13. august.

(Kjelder: Store norske leksikon, Wikipedia og Nils Chr. Stenseth)

Inspirert av Darwin Day på UiO

I år er det 200 år sidan han blei fødd, og det blir markert over heile verda. På Universitetet i Oslo har biologiprofessor Nils Chr.  Stenseth tatt initiativet til eit halvdagsarrangement om Gregor Johann Mendel på Kumlegaarden i Drøbak.  Då blir det mellom anna eit foredrag med ein annan munk, fader Jan Emil Biernat frå den katolske augustinarordenen som også Gregor Johann Mendel tilhøyrde.

– Det var etter at me hadde arrangert ein Darwin Day på UiO, eg blei kontakta av representantar frå komiteen for Mendel-jubileet i Brno som  hadde deltatt  på arrangementet, og dei spurte om eg kunne få til noko liknande som ein Mendel Day eller Mendel-festival.  Eg har vore der fleire gonger, seinast 22. juli i år og tidlegare mellom anna i fjor under markeringa av fødselsdagen hans 22. juli, fortel Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

– Laga ei spesialsamling av artiklar

Der kom tanken om at det burde vera mogleg å kunna visa fram Mendels bidrag til genetikken i ein breiare samanheng.

– Den 20 juli i fjor blei ideen om å laga ei spesialsamling av artiklar i forskingstidskriftet PNAS (Proceeding of National Academy of Science) fødd. Og den 20. juli i år blei dette realisert, to dagar før fødselsdagen han, seier Stenseth.  Han fortel at alle dei spurte om å bidra med ein vitskapleg artikkel til dette spesialnummerert sa ja.

– Og det var dei aller beste me kunne drøyma om å få innanfor dette faget, understrekar han.

 

– Å eta og å formidla vitskap

Det er ein lang veg frå markering av Gregor Johann Mendel i Brno til ei feiring av dei vitskaplege funna hans på restauranten Kumlegaarden i Drøbak. Nils Chr. Stenseth forklarar gjerne korleis det kan ha seg. 

– Eg tenkte på kombinasjonen av å eta og å formidla vitskap. Augustinarordenen er veldig for å nyta god mat og god vin. Det kjem også ein munk, som er blitt ein venn av meg, til arrangementet.  Eg tenkte å kombinera tre ting: Formidling av det Mendel stod for og korleis han har påverka evolusjonsbiologien og genetikken. Og  av Kristine Bonnevie, som sjølv var genetikar og var veldig mykje i Drøbak,  og med omvising i Drøbak. Prikken over i-en blir ein middag basert på menyen rundt 1920-30-talet. For det var nemleg i 1930 teoriane til Darwin og Mendel blei foreina igjen, gjennom den nye syntesen, slår han fast.

Etter ein kort diskusjon med innehavaren av restauranten, fekk Nils Chr. Stenseth gjennomslag for forslaget om ein meny frå den tida i kombinasjon med foredraga om Mendel.

– Då kjem munken Fader Jan for å halda eit foredrag om vitskap, kunst og religion innanfor den katolske augustinar-ordenen.

– Det er ikkje så ofte munkar har stått i bresjen for gjennombrot i forsking. Kva er det som har gjort Mendel så spesiell?

– Han var både spesiell og svært kunnskapsrik. Før han gjorde eksperimenta, var han på Universitetet i Wien. Der dreiv han med mykje kvantitativ statistikk og matematikk, astronomi med meir. Han var mykje meir kvantitativ enn hans samtidige biologar var. Drivhuset han jobba i, blåste  ned i ein storm. Men no er me i gang med eit arbeid med å gjenreisa Mendels drivhus som eit konferanse- og kunnskapssenter rett utanfor Mendels kloster i Brno.

MUNK OG GENETIKAR: Gregor Johann Mendel er rekna som genetikkens far. Han var munk og seinare abbed i eit kloster i Brno i Tsjekkia. Samtidig utførte han vitskaplege eksperiment med erteblomstar. (Biletet er brukt med løyve frå Old Brno Abbey of the Order of St. Augustine). 

– Mendel redda Darwin

– Men korleis blei han genetikkens far?

– Han gjorde desse eksperimenta med erter. Mendel skjønte då at om ein forstod at ein hadde dominante genar og resessive genar, nokre frå mora di og nokre frå faren din. Viss begge er dominante, så blir du også dominant. Om begge er resessive, blir du det også.  Og om ein av dei er dominant og den andre resessiv, altså ikkje-dominant, blir du dominant. Det andre han forstod var at dersom du har to eigenskapar, som blir koda av to forskjellige genpar, så vert dei nedarva tilfeldig. Dermed får du tilfeldige kombinasjonar frå mor og far av desse to genkombinasjonane. Det var det han skjønte var den underliggjande prosessen på bakgrunn av  erteblomsteksperimenta han gjorde. Det var fantastisk at han klarte å teoretisera seg fram til at det måtte vera slik, for på den tida visste dei ikkje kva ein gen var,  forklarar Stenseth.  

På dette området meiner han evolusjonsbiologiens far, Charles Darwin (1809–1882) kom til kort.

– Darwins teori føreset at det er ein arvemekanisme, men Darwin forstod aldri kva den mekanismen var. Så Mendel redda på sett og vis Darwin. Derfor skal ikkje Mendel vera i skuggen av Darwin, men på lik linje med han. Det er dei to saman som gjer at me kan forstå evolusjonen, konstaterer Stenseth.

På laurdag ettermiddag og kveld skal fleire UiO-forskarar heidra arbeidet til Gregor Johann Mendel gjennom foredrag på Kumlegaarden i Drøbak. Dei får selskap av munken Jan Emil Biernat og restauranteigar Einar Tenden.  Mange har allereie meldt seg på arrangementet som begynner klokka 17.00 og varer fram til klokka 23.00.

– Det er enno  ikkje fullt, så det er framleis rom for fleire, lovar Nils Chr. Stenseth. 

Dei som blir med får også ei omvising på Biologisk stasjon i Drøbak. I invitasjonen til markeringa blir det vist til at dette skal bli ei feiring av Mendels vitskaplege arbeid, og som for Darwin, blir det ein hyllest av vitskapen, filosofien, kulturen og menneskeslekta.

 

 

Emneord: Biologi, Realfag, Forskning Av Martin Toft
Publisert 9. aug. 2022 15:52 - Sist endra 10. aug. 2022 10:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere