UiO får ny assisterande universitetsdirektør på onsdag

Denne veka får me vita namnet på Tove Kristin Karlsens etterfylgjar som assisterande universitetsdirektør.  Universitetsstyret tar avgjerda 11. mai.

Fleire personar sit rundt eit langbord

TILSETJING OG MEIR INNSYN: Universitetsstyret skal tilsetja ny assisterande universitetsdirektør og bestemma om det skal gjevast meir innsyn i tilsetjing i professorat, førsteamanuensisstillingar og faglege leiarstillingar ved UiO.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Sidan 2006 har Tove Kristin Karlsen vore assisterande universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. Til sommaren går ho av for aldersgrensa og stillinga hennar blei utlyst for nesten to månader sidan. Onsdag skal Universitetsstyret bak stengde dører endeleg avgjera kven som skal overta som universitetsdirektør Arne Benjaminsen høgre hand i 9. etasje i Lucy Smiths hus. 

Mellom dei 23  søkjarane finst gamle travarar på UiO, som tidlegare økonomidirektør Marianne Mancini, avdelingsdirektør Ellen Johanne Caesar i UiOs avdeling for verksemds- og økonomistyring, fakultetsdirektør Tone  Vold-Sarnes på Det teologiske fakultetet og noverande prosjektdirektør Johannes Falk Paulsen i Universitetsdirektørens stab. Assisterande eigedomsdirektør Brit Amundsen-Hoel har også søkt jobben.

Blant dei eksterne søkjarane finst direktøren ved Eidsvoll 1814, Bård Frydenlund. Han har både vore rådgjevar for tidlegare rektor Kaare R.Norum og leiar for Studentparlamentet.  Ein annan ekstern søkjar er Rebekka Borsch, tidlegare statssekretær for Venstre i Kunnskapsdepartementet. 

Skal koma med innspel til finansiering av UH-sektoren

Universitetsstyret skal også bli einige om ei høyringsfråsegn om innhaldet i rapporten frå ekspertutvalet som har sett på finansiering av universitet og høgskular.  Utvalet var leia av Siri Hatlen, tidlegare OUS-direktør og tidlegare styreleiar for NDette er dei  fire hovudkonklusjonane i rapporten:

  1. Utviklingsavtalar blir eit sentralt verkemiddel for å sikra mangfald i Universitets-  og høgskulesektoren og gjennomføring av langtidsplanen for forsking og utdanning.
  2. Forslag om å forenkla indikatorane i finansieringssystemet, berre studiepoeng- og doktorgradsutteljing blir igjen i systemet for resultatbasert utteljing. Når det gjeld  finansieringskategoriar for studieplassar og studiepoengutteljing blir dei reduserte frå seks til mellom to og fire.
  3. Større vektlegging på livslang læring
  4. Balansen mellom rammeløyving og midlar gjennom Noregs forskingsråd vert oppretthalde. Dermed blir det ikkje lagt auka vekt på konkurranse om forskingsmidlar.

Universitetsstyret skal diskutera desse punkta, men dei overlet til rektor Svein Stølen å formulera den endelege høyringsfråsegna på grunnlag av diskusjonen i styremøtet. 

Forslag om kapasitetsbygging for forsking på dei nyaste universiteta bør avvisast

I det førebelse utkastet til høyringsfråsegn frå UiO, stiller UiO seg positiv til intensjonane i desse fire hovudpunkta. UiO ser utviklingsavtalane som eit tenleg verkemiddel, men åtvarar mot å knyta økonomi til dei. Dei meiner det kan føra til lågare ambisjonar og mindre mangfald.  UiO tykkjer også det er eit positivt grep å forenkla resultatindikatorane frå åtte til to.

UiO stiller seg derimot avventande til forslaget om å skjera ned på talet på finansieringskategoriar for studieplassar og studiepoengutteljing.  Når det gjeld forslaget frå utvalet om kapasitetsbygging for forsking ved dei nyaste universiteta, meiner UiO at det er så svakt grunngjeve at det bør avvisast. Men UiO støttar forslaget om livslang læring og desentraliserte studietilbod. 

I forslaget til høyringstekst støttar UiO også forslaget om å føra vidare ressursbalansen mellom rammene til universiteta og høgskulane og Forskingsrådets prosjektmidlar. UiO er også einig i at pengane som Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal forvalta, skal brukast til utviklingstiltak og ikkje finansiera varige tiltak.

Den endelege høyringsteksten må vera Kunnskapsdepartementet i hende innan den 10. juni.

Meirinnsyn i tilsetjing i vitskaplege stillingar og faglege leiarstillingar

Som Uniforum tidlegare har meldt, skal Universitetsstyret også ta stilling til eit forslag om ytterlegare meirinnsyn i saker om tilsetjing i professorat, førsteamanuensisstillingar og faglege leiarstillingar. I eit utval som har gått gjennom dette, har vitskapsombod Knut Ruyter eit meir radikalt syn på graden av meirinnsyn i høve til dei andre som sit i utvalet.  Stridsspørsmålet er meirinnsyn i vurderingar av det som blir omtalt som «personlig egnethet» Men med det standpunktet står han igjen som ei einsleg svale i utvalet. For både personaldirektør Irene Sandlie, jussdekan Ragnhild Hennum,  SV-dekan Anne Julie Semb og representant for tenestemannsorganisasjonane, Mariann Midthus Østby går imot eit så radikalt meirinnsyn.

Men utvalet står samla bak ei innstilling som generelt gir både søkjarane og ålmenta meir innsyn enn tidlegare i vurderingar som skal gjerast i tilsetjingar i professorat, førsteamanuensisstillingar og faglege leiarstillingar på Universitetet i Oslo. No er det opp til Universitetsstyret å vedta forslaget frå utvalet. 

Det øvste styringsorganet til UiO får også på sitt bord årsrapportane frå forskingsetisk utval, vitskapsombodet, felles redelighetsutval og forskingsombodet.  Også studentombodet legg fram årsrapporten sin i møtet i Universitetsstyret 11. mai.

Peikar ut prisvinnarar

Universitetsstyret skal også avgjera kven som får UiOs forskingspris, formidlingspris, utdanningspris og innovasjonspris. Også vinnaren av UiOs menneskerettspris for 2022 blir peika ut av Universitetsstyret. Men det blir bestemt bak stengde dører, og på eit seinare tidspunkt blir namna på prisvinnarane kunngjorde offentleg.

Dette er saklista: 

Møte nr. 3/2022 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet.

Tid og sted: 11. mai 2022 10:45–16:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 15/22 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-SAK 16/22 Tildeling av UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og undervisning

Saksnr. 2021/15892

Saken er unntatt offentlighet offl § 26.2 ledd


V-SAK 17/22 Tildeling av UiOs menneskerettighetspris - Lisl og Leo Eitingers fond 2022

Saksnr. 2022/995

Saken er unntatt offentlighet offl § 26.2 ledd


V-SAK 18/22 Ansettelse assisterende universitetsdirektør

Saksnr.

Saken er unntatt offl. § 25


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 19/22 Høring av rapport fra ekspertutvalg om finansiering av universiteter og høyskoler

Saksnr 2022/7742

Forslag til vedtak:

Rektor får fullmakt til å ferdigstille høringsuttalelsen på grunnlag av de synspunkter som framkom under styrets drøftinger.

Saksdokumenter:


V-SAK 20/22 Rehabilitering av Brøggers hus - Innbetaling av MVA

Saksnr. 2015/15293/5326

Forslag til vedtak:

1) Innløsning av merforbruk dekkes av mindreforbruk på prosjekter som universitetsstyret har bevilget til investeringer. Dette er mindreforbruk som tilbakeføres til universitetsstyret etter prosjektene er avsluttet og er til disposisjon/uten bindinger.
Mindreforbruket er knyttet til Klimahuset, Domus Juridica, Sentrumsbygningene og Kristian Ottosens hus. Samlet mindreforbruk på disse prosjektene beløper seg til 12,3 mill kroner.

2) Resterende inndekningsbehov på 19,6 mill. kroner foreslås inndekket innenfor eksisterende budsjettrammer ved henholdsvis Eiendomsavdelingen (EA) og NHM.

Saksdokumenter:


V-SAK 21/22 Forslag om ytterligere merinnsyn i saker om ansettelse i professorater, førsteamanunesisstillinger og faglige lederstillinger

Saksnr

Forslag til vedtak:

1. Det skal gjøres følgende endringer i regelverk og praksis knyttet til innsyn og merinnsyn for parter og offentligheten for øvrig i ansettelsesprosesser for vitenskapelige toppstillinger og faglige lederstillinger, samt for øvrige stillinger så langt det passer: 

a) Det skal ved konkret begjæring gis innsyn for offentligheten i utvidet søkerliste, likevel kun når det gjelder opplysninger om søkere som ikke er unntatt offentlig søkerliste.

b) Det skal ved konkret begjæring gis innsyn for offentligheten i fakta og vurderinger av faglig og pedagogisk-faglig karakter i rapport fra prøveundervisning i forbindelse med ansettelse i førsteamanuensisstilling og professorat. Universitetsdirektøren skal utarbeide en mal for slike rapporter fra prøveundervisninger som skiller mellom slike typer opplysninger.

2. Universitetsdirektøren skal utarbeide en generell veileder for innsyn og merinnsyn for parter og offentligheten for øvrig i dokumenter og opplysninger knyttet til i ansettelsesprosesser for vitenskapelige toppstillinger og faglige lederstillinger som skal gjelde for alle enheter ved UiO.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 9/22 Status bygg- og eiendomssaker

Saksnr 

Saksdokumenter:


I-SAK 10/22 Status for informasjonssikkerhet og personvern ved UiO 2022

Saksnr

Saksdokumenter:


I-SAK 11/22 Årsrapporter 2021 - fra utvalg og ombud innen forskningsetisk arbeid

Saksnr

Saksdokumenter:


I-SAK 12/22 Studentombudets årsrapport 2021

Saksnr

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 5/22 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i  lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 6/22 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 22/22 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2022 17:12 - Sist endra 9. mai 2022 20:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere