Rundt 70 personar demonstrerte for klimaet på UiO

For tredje gong i år arrangerte klimaengasjerte forskarar, andre tilsette og studentar på UiO i dag ein klimaprotest på Frederikkeplassen.

Ein mann talar medan to kvinner held oppe eit banner

I ELDEN: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth heldt appell for klimaet på Frederikkeplassen i dag.

Foto: Ola Gamst Sæther

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth var ein av dei som heldt appell for at politikarane og andre skal setja i verk tiltak for å nå klimamålet om at den globale oppvarminga på jorda ikkje skal stiga meir enn1,5 grader fram til 2030.  Uniforum talde rundt 70 studentar, forskarar og andre tilsette under protesten klokka 12.00 i dag. 

Også Xander Dunlap, postdoktor ved Senter for utvikling og miljø (SUM) og leiaren av Changemaker, Naja Amanda Lynge Møretrø heldt innlegg under markeringa.  

For stort gap til å teia stille

Hovudbodskapen til arrangørane er at  gapet mellom det vitskapen seier, og det politikarane  gjer, er for stor til å teia stille. Det er samfunnsansvaret vårt å heva stemma når gapet mellom handling og vitskap er så stort, spesielt når krisa er av ein eksistensiell art, heiter det i ei sak som arrangørane har publisert på UiOs nettsider.  

KLIMAPROTEST:  Dei frammøtte under akademiprotesten for klimaet på Frederikkeplassen i formiddag. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Dei viser til at akademia står i ei særstilling for å visa korleis me kan tenkja nytt rundt biologisk og kulturelt mangfald, nye forbruks- og produksjonsmønster og samfunnsutviklinga, skriv initiativtakarane til akademiprotesten på UiO. 

– Litt skufffa

Student Jonas Kittelsen ved Senter for utvikling og miljø er ein av dei som arrangerer demonstrasjonane. Han talde opp  talet på frammøtte til rundt 90. Han er ikkje nøgd med det. - Så me er litt skuffa over at ikkje fleire  møtte opp, men sjølve demonstrasjonen var verkeleg flott med mange flotte historier, skriv han i ein sms til Uniforum.

Protestane skal skje annankvar onsdag denne våren. Neste demontrasjon blir dermed den 25. mai.   –  Me håpar mange fleire stiller opp då, seier Jonas Kittelsen. 

(Oppdatert 12. mai klokka 09:50 med kommentar frå Jonas Kittelsen)

• Les meir om klima og akademiprotesten på Blindern: 

100 demonstrerte for at politikarane skal ta klimatrugsmålet meir alvorleg

Etterlyser flere samfunnsvitere inn i klimaforskningen - mener det trengs alternativ til FNs klimapanel

Forskarar og studentar med klimaprotest mot politikarane på Blindern

Derfor passer ikkje hjemmekontor som klimatiltak på UiO

Professor: Nedgangen i klimautslippene må komme før 2025

Klimarapporten: – Et nytt søkelys på gjennomgripende samfunnsendringer

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2022 16:51 - Sist endra 12. mai 2022 09:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere