Medisinprofessorar meiner forsking får for liten plass i nytt gigantsjukehus i Oslo

Berre ein brøkdel av areala i dei framtidige nybygga til Oslo universitetssykehus på Gaustad og Aker skal øyremerkast forsking. Det er altfor lite,  uttrykte UiO-professorane Annetine Staff og Karen C. Lødrup Carlsen  i ein debatt i  går. Forskingsdirektøren ved OUS var ikkje einig.

Portrett av ei kvinne

385 KVADRATMETER: – Samla skal det byggjast eit nytt bygg på 140 000 kvadratmeter på Gaustad. Berre rundt 385 kvadratmeter  av arealet er øyremerkt forsking, påpeika UiO-professor Karen C. Lødrup Carlsen.

Foto: Martin Toft

Medan dei to tidlegare Arbeidarparti-statsrådane Gudmund Hernes og Tove Strand i eit debattinnlegg i Aftenposten før helga protesterte mot planane om nedlegging av Ullevål sykehus for å satsa på utbygging på Gaustad og på Aker, diskuterer dei tilsette og sjukehusleiinga allereie no innhaldet i det framtidige gigantsjukehuset i Oslo.

Og så langt er dei ikkje einige i den førebelse fordelinga av areal mellom pasientrom, forskingsrom og undervisningslokale. Det kom klart fram under ein debatt  som Legeforeininga, Norsk sjukepleiarforbund og Forskarforbundet ved Oslo universitetssykehus arrangerte på Litteraturhuset i går ettermiddag.

– Umogleggjer effektiv planlegging

Anne Cathrine (Annetine) Staff som både er UiO-professor og forskingsleiar for Kvinneklinikken ved Oslo universitetssykehus, gjorde det klart at det var sett av altfor liten plass til forskingsaktivitetar i dei planlagde nye sjukehusbygga. Ho er også leiar for medverknadsgruppe 19 som nettopp har sett på arealplanane for forsking og utdanning for den delen av Nye OUS som skal byggjast på Aker.  

UMOGLEG: – Planane gjer det umogleg å oppretthalda dagens pasientnære forsking, var  UiO-professor Annetine Staff heilt overtydd om.  (Foto: Martin Toft)

Det ho var mest kritisk til var at dei fleste klinikkane manglar oversyn over planane.

– Dei får ikkje vita lokalisering på Nye Aker før nærare innflytting. Det umogleggjer effektiv planlegging av integrert forsking, undervisning, opplæring og klinikk, peika ho på.

– Det vanskeleggjer prioriteringar internt i klinikken, la ho til.

– Eit unntak frå dette, understreka ho, er Klinikk for psykisk helse og avhengighet. Den har fått sin eigen prosess og fått avklart lokale og har derfor vore enklare å planleggja enn dei fleste somatiske klinikkane.  

– Samfunnsoppdraget er truga

Etter Annetine Staffs oppfatning vil det vera umogleg å oppfylla målet om 15 prosent auke i klinisk studiar kvart år, om ikkje ting blir endra. Det er eit mål som Helse- og omsorgsdepartementet har pålagt Helse Søraust, og som Helse Søraust i sin tur har bede OUS om å klara.

– Dagens planar gjer det umogleg å oppretthalda dagens pasientnære forsking og langt mindre å auka aktiviteten, var Staff heilt overtydd om. Ho viste til at pasientane ikkje kan vera andre stader enn der dei kliniske forskarane er, samtidig som forskingspersonell oftast jobbar deltid i klinikk.  Annetine Staff slo fast at dette ikkje kunne realiserast så lenge flytting av all forskingsaktivitet til Aker vert planlagt utan meir forskingsareal enn dei avgrensa areala i dagens nybygg.

– Samfunnsoppdraget er truga med dagens arealplanar til forsking ved Nye Aker, slo ho fast. Ho peika på at ei utgreiing frå i år viste at mange aktivitetar på sjukehuset ynskjer å vera i dei gamle areala til Aker. Derfor såg ho føre seg at klinikkleiarane vil få ei svært vanskeleg oppgåve.

– Klinikkleiarane får eit vanskeleg oppdrag med å finna plass til alle dei fire lovpålagde oppgåvene behandling, utdanning, opplæring og forsking innanfor langt mindre lokale enn i dag. Risikoen blir at tilbodet om pasientdeltaking i kliniske studiar ved Nye OUS neppe blir i samsvar med krav frå styresmaktene, konkluderte ho med. 

– Manglar areal for rettleiing og undervisning i helsefagutdanning

Når det gjeld undervisninga i Nye OUS både på Aker og Rikshospitalet, vil medisinstudentane koma godt ut av det, hadde ho og dei andre i medverknadsgruppe 19 funne ut.

– Derimot manglar det areal for rettleiing og undervisning i helsefagutdanning, sjølv om OUS har avtalefesta å levera praksisplassar og driva med opplæring,  Det er også avgrensa lokale til opplæring av eige personell som til dømes legar i spesialisering eller til tilsette legar, sjukepleiarar og helsefag, konstaterte ho.  

Annetine Staff frykta at at både arbeidsmiljøet og produktiviteten ville bli truga. Det same ville biobankprosjekta bli.. Samtidig åtvara ho mot at etablerte miljø kunne bryta saman.

– Det er vanskeleg å byggja nye miljø når ikkje det fysiske miljøet er lagt til rette for samhandling, var grunngjevinga hennar. 

– Berre 385 kvadratmeter på Gaustad er øyremerkt forsking

UiO-professor Karen C. Lødrup som har leia medverknadsgruppe 19 på Nye Rikshospitalet, som har sett på arealplanane for forsking og utdanning for framtidas sjukehusbygg på Gaustad, var like kritisk som kollegaen frå Aker.

 – Etter innsparing har ikkje lenger Nye Rikshospitalet eit eige auditorium for sine tilsette. Auditoriet på 450 kvadratmetet blei i staden omgjort til to seminarrom på 65 kvadratmeter med 40 plassar i kvart rom. Dei einaste auditoria vil det vera UiO som disponerer, trekte Lødrup fram. Ho er også leiar for Barne- og ungdomsklinikken på Oslo universitetssykehus.  

– Samla skal det byggjast eit nytt bygg på 140 000 kvadratmeter på Gaustad. Berre rundt 385 kvadratmeter  av arealet er øyremerkt forsking, sa ho.  

Samtidig skal den samla pasientkapasiteten for både Nye Aker og Nye Rikshospitalet auka med 25 prosent. Som leiar for medverknadsgruppe 19 kom ho med klare innspel på kva som no bør skje:

- Forsking og utdanning må planleggjast på  tvers av eksisterande lokale og nybygg ved Nye Rikshospitalet og Nye Aker.

- Klinikkane må planleggja for integrert klinikk og FoU-aktivitet.

- Klinisk forsking må fylgja pasientane i etappe 1. 

- På Ullevål må dei avdelingane som blir igjen ha funksjonelle areal til etappe 2. er gjennomført.

UiO-professor Lødrup kravde at klinikknær forsking fylgjer klinisk verksemd. 

– Klinikkane skal tildelast lokale i nybygg eller i eksisterande lokale i 2022 for å ta vare på framtidig aktivitet, bad ho om.

– OUS skal styrkja klinisk forsking

Det blei Erlend B. Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning ved Oslo universitetssykehus som blei skyteskiva for kritikken, og som måtte forsvara avgjerdene som var tatt, og samtidig svara på innspela frå dei to forskingsleiarane på OUS. Han understreka at prosessen ikkje er komen lenger enn til forprosjektfasen. 

– Det er kryssande omsyn, og det er skilnad på tilråding frå fokusgruppe/medverknadsgrupper og ei avgjerd. Klinikkane og sjukehuset må gjera samla prioriteringar. Å auka arealramma til forsking og utdanning i trinn 1 er ikkje aktuelt, varsla han. 

 

IKKJE LANDA: – Leiarar må aktivt involvera seg i korleis dei skal ta vare på ansvaret for forskings- og utdanningsverksemda i Nye OUS. Mykje er ikkje landa, sa Erlend B. Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning på Oslo universitetssykehus. (Foto: Martin Toft)

Smeland  viste dessutan til at OUS ville fordela ramma til forsking og utdanning saman med Universitetet i Oslo. Han slo fast at det skal vera både sambruk og bruk av eksisterande areal. Sjukehusleiaren stod fast på at måla for forskingsaktiviteten på OUS framleis gjeld. 

– OUS skal styrkja klinisk forsking i samarbeid med brukarar, næringsliv og offentleg sektor. Me skal styrkja translasjonsforskinga,sa han. Dette vil seia medisinsk forsking som byggjer bru  mellom grunnforsking og klinisk forsking. 

I tillegg nemnde han at OUS ville utvikla vidare moglegheiter for datahandtering, dataanalyse og datadeling. Og sjukehuset skulle heller ikkje forsømma utdanning av eigne tilsette.

– OUS skal driva systematisk karriereoppfylging av forskarar og målretta rekruttering til forsking. Me skal sikra forskingsverksemda i og fram mot nye bygg ved OUS og livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo, garanterte han. 

Smeland svara også på kritikken mot at biobankar kan bli skadelidande om dagens planar blir realiserte.

Han fortalde at det skal bli meir bruk av data og aukande bruk av biobankar. 

GOD PLASS: Det var god plass under debattmøtet  i Litteraturhuset i går ettermiddag om arealfordeling av forsking og utdanning i Nye Oslo universitetssykehus (Foto: Martin Toft)

– Medisinutdanninga er rimeleg bra tatt vare på

Ifylgje Smeland skal OUS få ei endå tydelegare rolle som utdanningsinstitusjon, både når det gjeld legar i spesialisering, auka utdanningsaktivitet og auka krav til rettleiing og oversyn (supervisjon) / (LIS-reforma/RETHOS).

– Det er spesielt ei utfordring knytt til poliklinikkundervisning. Medisinutdanninga er rimeleg bra tatt vare på i UiO-areal. Ei utfordring er også areal til rettleiing, både for legar i spesialisering og på helsefagutdanningane, vedgjekk han. 

OUS har også behov for eit Simuleringssenter/Utdanningssenter. Det blir planlagt i eit eige pågåande prosjekt, opplyste Smeland. Han var einig i at klinikknær forsking i større grad bør integrerast i klinisk verksemd.

Til slutt kom han også med ei oppfordring til alle einingane på Oslo universitetssykehus.

– Klinikkane må gjera samla prioriteringar og leiarar må aktivt involvera seg i korleis dei skal ta vare på ansvaret for forskings- og utdanningsverksemda i Nye OUS. Mykje er ikkje landa, sa Erlend B. Smeland.

• Les meir om sjukehusplanane til  OUS i Uniforum: 

Hormonlaboratoriets tilsette nektar å flytta til Livsvitskapsbygget

Helse Sør-Øst gir grønt lys: Oslo universitetssykehus får lokaler i Livsvitenskapsbygget

Regjeringa vil at UiO og Oslo universitetssjukehus skal dela Livsvitskapsbygget

Livsvitenskapsbygget: Universitetet i Oslo vurderer partnerskap med OUS som beste løsning

Ny OUS-direktør: – Sterke faggrupper må ha ei hand på rattet

Bjørn Atle Bjørnbeth blir ny direktør for Oslo  universitetssykehus

13 personer vil bli  ny direktør for Oslo universitetssykehus

Nytt Oslo universitetssykehus bør bygges på Gaustad

Per Morten Sandset: - Det vil vera skadeleg å flytta Rikshospitalet til Ullevål

Regjeringa vil gi milliardlån til utbygginga av nye sjukehus på Gaustad og Aker

Bjørn Erikstein går av som direktør, men beholder 80 pst. av lønnen

Fortsatt uklart om OUS-bygging

 

Emneord: Medisin, OUS, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 26. apr. 2022 16:42 - Sist endra 26. apr. 2022 16:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere