Forskarar vil ikkje uttala seg om rasisme og kjønnsidentitet

Mange kjønns- og innvandringsforskarar unngår å seia noko offentleg om rasisme og kjønnsidentitet. Det viser ei undersøking forskarar frå Institutt for samfunnsforsking har gjort på oppdrag frå Fritt Ord.

To menn og tre kvinner sit rundt eit bord

FORSKARFRYKT: Fleire forskarar vil ikkje uttala seg om rasisme og kjønnsidentitet. Og dei kvir seg med å koma til orde i pressa som dei reknar som tabloid. Haldningane som kom fram i ei undersøking blei debatterte av Hannah Helseth (nr. 2 frå venstre, Mari Skurdal, Anine Kierulf og Torbjørn Røe Isaksen.  Lengst til venstre debattleiar Håkon Gundersen frå Morgenbladet. 

Foto: Martin Toft

– Forskarar er generelt tilbakehaldande eller forsiktige når dei uttalar seg om tema som vert oppfatta som kontroversielle eller krenkande for utsette grupper. Då er frykta for forenkling, spissing og polariserande vinklingar frå media ekstra sterk. Det seier Marte Mangset, forskar ved institutt for samfunnsforsking og førsteamanuensis ved OsloMet i ei pressemelding frå Fritt Ord.

Om formidling og politisk overtyding blant forskarar:

- Rasisme og kjønnsidentitet er to tema mange av kjønns- og innvandringsforskarane ikkje vil uttala seg offentleg om.

- Dei som forskar på kjønn og likestilling og innvandring og integrering er særleg aktive formidlarar i det offentlege, men også dei som avgrensar seg mest.

- Faglege skilje og konfliktar mellom forskarar og forskingsmiljø vert ei ekstra stor bør når det vert kopla til forskarane sitt verdisyn og moralske integritet.

- Forskarar i Noreg er en tydeleg venstreorientert eller raudgrøn gruppe samanlikna   med befolkninga elles, men fleirtalet av forskarane ser ikkje politisk homogenitet som eit problem. Eit stort mindretall saknar derimot større meiningsmangfald.

- Boka  Ytringsfrihet i en ny offentlighet  er publisert som del av Monitorprosjektet om status for ytringsfridomen i Noreg 2020–22, initiert og finansiert av Fritt Ord. Studien om ytringsrom og takhøgd i akademia er den første i sitt slag i Noreg.

(Kjelder: Studien om ytringsfridom og takhøgd i akademia, Fritt Ord)

Stiftelsen Fritt Ord og Institutt for samfunnsforsking lanserte i dag den første delen av boka Ytringsfrihet i en ny offentlighet. Boka fokuserer på opplevingar av ytringsfridom og ytringsfridom i akademia. Grunnlaget er ei surveyundersøking blant forskarar i Noreg og djupnintervju med klima-, kjønns- og innvandringsforskarar.

Raudgrøn gruppe

Tidlegare i dag blei det kjent at fleirtalet av desse forskarane i Noreg er ei tydeleg venstreorientert eller raudgrøn gruppe samanlikna med resten av folket, men fleirtalet av forskarane ser ikkje politisk homogenitet som eit problem. Eit ganske stort mindretall saknar derimot større meiningsmangfald, går det fram av den delen av undersøkinga som blei gjennomført av forskar Kjersti Torbjørnsrud ved Institutt for samfunnsforsking. Den viste at dei aller fleste av forskarane innanfor desse fagområda, sympatiserte med SV, Raudt eller Miljøpartiet Dei grøne.

Fem av ti forskarar har formidla forskingsresultat via massemedia eller sosiale media det siste året. Forskarane som er intervjua omtalar formidlingsarbeid som meiningsfylt og gjevande. Men fleire oppgir at dei formidar snarare på trass i enn på grunn av belønningssystem og meritteringskriterium i akademia, er eitt av funna i undersøkinga.

Unngår å formidla av frykt for hets

Det er altså kjønns- og innvandringsforskarane som uttrykkjer mest frykt for å uttala seg om noko som kan føra til ufine debattar med både forskarkollegaer og fagfellar, men dei er også dei som er svært aktive formidlarar. I fylgje undersøkinga skil dei seg ut ved at dei langt oftare enn andre forskarar gir opp at dei har unngått å formidla på grunn av ein tabloid medielogikk, fordi funna er politisk kontroversielle eller av frykt for hets og ubehagelege kommentarar.

Og dei peikar på rasisme og kjønnsidentitet som to tema der fleire av dei unngår å uttala seg offentleg. Grunnane til det er at det er tema som har å gjera med spesielt utsette grupper og der den offentlege debatten er knallhard. Samtidig er det stor usemje mellom forskarar om både metodebruk og teoretiske perspektiv.

Det viser seg også at faglege skilje og konfliktar mellom forskarar og forskingsmiljø vert ei ekstra stor bør når det blir kopla til forskarane sitt verdisyn og moralske integritet.

– Fleire av forskarane me har intervjua fortalde at usemjer om vitskapeleg kvalitet kan ta form av maktkampar om kva som er legitim kunnskapsproduksjon og -formidling, og at det kan vera vanskeleg å gi offentleg uttrykk for eit perspektiv som skil seg frå det dominerande, uttalar Marte Mangset i pressemeldinga frå Fritt Ord.

Under presentasjonen av funna i hovudkvarteret til Fritt Ord i formiddag, kom det også fram at forskarane tykte kritikk frå andre forskarar var verre å takla enn kritikk frå vanlege folk. Og ei «klam omfamning» frå folk dei politisk ikkje deler oppfatning med, er også noko dei fryktar, hadde Kjersti Torbjørnsrud registrert hos dei som ho hadde intervjua.

 

RAUDGRØNE: Forskar Kjersti Torbjørnsrud har funne ut at dei fleste forskarar innanfor samfunnsvitskaplege og humanistiske fag  i langt størrre grad enn folk flest støttar SV, Raudt og Miljøpartiet Dei grøne.  (Foto: Martin Toft) 

Humsam-forskarar skil seg frå folk flest

Funna viser dessutan at forskarar er meir positive til innvandring, meir opptatt av miljøvern, meir positive til statleg styring og offentleg forbruk og meir opptatt av likestilling enn folk flest i Noreg.

Samfunnsvitarar og humanistar skil seg sterkare frå folk flest enn forskarar som jobbar innanfor medisin, teknologi/naturvitskap og landbruks-/veterinærvitskap, særleg når det gjeld spørsmål om innvandring, offentleg vs. privat forbruk, religion og likestilling, syner undersøkinga.

Klimaforskarane som hadde blitt intervjua, skilde seg ut ved å fortelja at det i hovudsak var konsensus mellom dei i dei aller viktigaste spørsmåla. Det fekk forskaren Marte Mangset til å lura på om det var lite rom for nytenking i det miljøet.

– Ville ha nytte av å lesa Arne Næss

I ein paneldebatt etter presentasjonen av undersøkinga, gav førsteamanuensis Anine Kierulf ved Institutt for offentleg rett på UiO eit råd til alle som deltar i debattar på og utanfor akademia.

– Det er heilt tydleleg at dei ville ha nytte av å lesa filosofiprofessor Arne Næss sine normer for ein sakleg diskusjon, sa Anine Kierulf, som også leier ekspertutvalet som skal leggja fram ei utgreiing om situasjonen for akademisk ytringsfridom måndag 21. mars.

Samfunnsredaktør i E 24, tidlegare statsråd Torbjørn Røe Isaksen, meinte det var synd at mange ikkje hadde lyst til å delta i debatten om innvandring.

– Kva innvandringspolitikk Noreg har, har enorme konsekvensar for det norske samfunnet, sa han.

Den tidlegare forskings- og høgare utdanningsministeren var også sikker på at om undersøkinga hadde blitt utført på Noregs handelshøgskule i Bergen, ville funna ha vore litt annleis.

– Der hadde nok forskarane sympatisert meir med Høgre, FrP og kanskje med Venstre, trudde han.

Sa nei til journalist

Forskar Hannah Helseth frå Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) , viste til at ho nyleg hadde sagt nei til å bli intervjua av ein journalist i samband med Kvinnedagen 8. mars.

– Eg heldt på med ein artikkel som eg hadde deadline på den same dagen, så då måtte eg prioritera, men eg sende han vidare til ein annan forskar, fortalde ho. Hannah Helseth var kritisk til at fleire nytilsette i forskingskonsernet Norce, som også er eigarselskapet til det autonome  NKVTS; hadde fått tilsendt forslag til nye arbeidsavtalar. 

– Fagforeiningane  tilrår nytilsette  forskarar ikkje å skriva under på kontrakten fordi den gir arbeidsgjevar eksklusiv tilgang på datamaterialet og moglegheita  til å endra forskingsresultat. NORCE er sjølvsagt ikkje einig i  fagforeiningane si tolking. Men sjølve saka i seg sjølv seier noko om kva som står på spel i debatten om den akademiske ytringsfridomen, seier Helseth.

– Felles interesse i at røyndomen kjem fram

Ansvarleg redaktør Mari Skurdal i Klassekampen hadde ingen tru på at forskarar hadde så mykje dårlegare tid enn andre yrkesgrupper i samfunnet.

– Sjå på jordmødrene som jobbar nattevakt og deltar i barselopprør. Dei får likevel tid til å skriva kronikkar og debattinnlegg, slo ho fast.

Etter hennar meining burde heller ikkje forskarane si felles historie om at alle journalistar er ute etter å tabloidisera forskingsfunna, hindra dei i å uttala seg til journalistar.

– Både forskarar og journalistar har felles interesse i at det er røyndomen som kjem fram, understreka ho.

Manglar kunnskap om ytringsfridom

Førsteamanuensis Anine Kierulf var ikkje imponert over kunnskapen om ytringsfridomen i akademia.

 – Eg er sikker på at om du bad leiaren for eit institutt å gi opp grunntrekka i ytringsfridomen, så ville vedkomande ikkje ha klart det, var ho overtydd om.

Anine Kierulf klarte å få inn eit stikk til både journalistane og forskarane.

– Det som de har til felles, er at ein klar majoritet av yrkesgruppene dykkar tilhøyrer eller sympatiserer med venstresida, slo ho fast.  

Samfunnsredaktør Torbjørn Røe Isaksen tok på vegner av journaliststanden sjølvkritikk.

– Me har drive med ukritisk bruk av ekspertar. Og me tar ikkje med at også ekspertar er ueinige, minna han om.

• Les meir om akademisk ytringsfridom i Uniforum: 

Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på akademisk fridom

Anders Ravik Jupskås: – Ekstremisme-forskarar blei trakasserte

Anine Kierulf: – Det vil vera forbunde med eit visst ubehag å ytra seg

Emneord: Akademisk fridom, mangfold, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2022 19:12 - Sist endra 15. mars 2022 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere