UiO vil at fossilbilane skal betala dobbelt så mykje som elbilane for parkering

– Akkurat som Oslo kommune vil UiO innføra parkeringsprising. Men elbilane skal betala halvparten av fossilbilane. Det sa miljøkoordinator Lise Kolberg i Eigedomsavdelinga i ein debatt om tiltaksplanen for klima- og miljøstrategien ved UiO.

Portrett av ei kvinne

FÅR NED ENERGIBRUKEN: – Ja, det får me til, men det vil kosta oss mellom 16 og 17 millionar kroner i året. Men når me set i gang ENØK-tiltak, går energibruken ned, sa mijøkoordinator Lise Kolberg i Eigedomsavdelinga.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var Klimahuset på Tøyen som var scena for den aller første debatten om tiltaksplanen Universitetet i Oslo har laga for å realisera måla i den vedtatte klima- og miljøstrategien.

• Les meir: UiO foreslår betaling for parkering og elbillading i ny tiltaksplan 

Viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit Mette Halskov Hansen leia sjølv samtalen mellom paneldeltakarane Lise Kolberg, miljøkoordinator i Eigedomsavdelinga, postdoktor Henrik Andersen Sveinsson frå MN-fakultetet,  professor Elin Lerum Boasson frå SV-fakultetet, Jørgen Hammer Skogan, leiar av Studentparlamentet, professor Trine Syvertsen frå HF-fakultetet og Adrian  Leander Skagen frå Extinction Rebellion og Studentparlamentet (Grøn liste) på UiO.

– Skal i dialog med Ruter

For dei tilsette og studentane på UiO som verken vil kjøra fossilbil eller elbil til jobb, skal det også finnast moglege miljøtiltak.

– Me skal inn i ein dialog med Ruter for å få til ei ordning med rabatterte billettar, fortalde Lise Kolberg. Ho lova også ei sterk utbygging av ladestasjonar for elbilar på UiO, på same måten som Oslo kommune satsar på dette ved sida av parkeringsprising og meir gange og sykkeltrafikk.

– Men elbilane skal betala halvparten av fossilbilane for parkering. For oss blir det viktig for å finansiera og drifta parkeringsplassane. I Oslo kommune skal fossilbilane uansett fasast ut innan 2030, peika ho på.

Miljøkoordinatoren på UiO hadde også stor tru på eit anna tiltak.

– Eigedomsavdelinga gjer ein stor innsats for å få ned energibruken i dei 100 bygningane våre innan 2030. Mellom 2016 og 2018 klarte me å redusera energibruken med 13 prosent, fortalde ho.

– Livredd

Adrian Leander Hagen frå Extinction Rebellion var ein av dei som tok initiativet til ein demonstrasjon då Universitetsstyret skulle vedta ein klima- og miljøstrategi 8. februar.  

– Det står nesten ingenting om naturen i strategien og heller ikkje om mat. No er eg livredd for framtida mi, sa han fortvila.  

LANGT IGJEN: – Målet var å redusera utsleppa med 50 prosent. Så langt er det kutta 5 prosent i flyreiser og 30 prosent i energi. Det er langt igjen før det blir eit kutt på 50 prosent, sa Adrian Leander Skagen frå Extinction Rebellion og Studentparlamentet (Grøn liste). (Foto: Ola Gamst Sæther)

Og han tykte heller ikkje dei føreslåtte kutta til UiO var særleg imponerande.

– Målet var å redusera utsleppa med 50 prosent. Så langt er det kutta 5 prosent i flyreiser og 30 prosent i energi. Det er langt igjen før det blir eit kutt på 50 prosent. Når det gjeld mat, er det viktigare at den er berekraftig enn at den er kortreist, meinte han.

– Kan laga ein modell for færre utslepp

Henrik Andersen Sveinsson frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet var ikkje i tvil om kva som ville vera det viktigast tiltaket for å få ned klimaavtrykket til Universitetet i Oslo.

– Det viktigaste for oss er å kutta ut reiser med fly. Me kan laga ein modell for færre utslepp, slik som det i dag finst ein modell for pengebruk på UiO. Då kan dei som ikkje får det til, bli straffa for det. Nokre forskarar må sjølvsagt reisa for å sjekka målingar, medan andre ikkje har det same behovet, var han sikker på.

MAGISK: –  Om alle kutta frå bygningar kan løysast teknologisk og at me som brukar bygningane ikkje treng å forsaka noko som helst er jo det heilt fantastisk. Det høyrest magisk ut, tykte Henrik Andersen Sveinsson. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Lova å kutta i Kina-reisene

Ordstyrar Mette Halskov Hansen lova at ho sjølv også kunne bidra for å redusera talet på flyreiser.

– Før reiste eg fem eller seks gonger i året med fly tur-retur Noreg-Kina. Det er mogleg å kutta det ned til ei reise i året, hadde ho funne ut.

Adrian  Leander Skagen viste til at planen om samla kutt på flyreiser, likevel ville gi dei tilsette høve til tre flyturar Oslo-Paris.

 – Det er mogleg å kutta meir enn det, var han overtydd om.

– Høyrest magisk ut

Henrik Andersen Sveinsson let seg imponera over planen for energiøkonomisering til Eigedomsavdelinga.

– Om alle kutta frå bygningar kan løysast teknologisk og at me som brukar bygningane ikkje treng å forsaka noko som helst er jo det heilt fantastisk.  Det høyrest magisk ut, tykte han.

– Ja, det får me til, men det vil kosta oss mellom 16 og 17 millionar kroner i året. Men når me set i gang ENØK-tiltak, går energibruken ned, repliserte Lise Kolberg.

Professor i statsvitskap, Ellen Lerum Boasson meinte at tiltaksplanen var ein gylllen sjanse.

– Dette er den einaste moglegheita UiO har til å styra forskarane. Det må vegast opp mot at alle skal vera stolte av at UiO klarer å redusera klimaavtrykket, syntest ho.  

– Kan ikkje halda på med det lenger

Medieprofessor Trine Syvertsen gjorde det klart at ho var tilhengjar av klar leiing også på dette området.

– Ei synleg leiing må gi ei god forklaring på kvifor me gjer dette. Sjølv har eg tatt ei flyreise tur-retur Oslo-Shanghai berre for å halda eit innlegg på 1 ½ time. Det kan eg ikkje halda på med lenger. Bra at det kjem fram, sa ho.

 Elin Lerum Boasson viste til at det er mykje å takka universiteta for på dette området.

EINASTE: – Dette er den einaste moglegheita UiO har til å styra forskarane.Det må vegast opp mot at alle skal vera stolte av at UiO klarer å redusera klimaavtrykket, syntest Elin Lerum Boasson. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Om det ikkje hadde vore for universiteta og forskarane, hadde me ikkje identifisert klimaendringane, poengterte ho.

– Men me er for få humanistar og samfunnsvitarar til at me alle skal undervisa i klima og miljø, la ho til.

– Har rom for å kutta meir

Leiar for Studentparlamentet Jørgen Hammer Skogan var heilt sikker på ein ting.

ROM FOR KUTT: – Om me har tre reiser til gode mellom Oslo og Paris etter kutt i flyreiser, har me rom for å kutta meir, konstaterte, Jørgen Hammer Skogan som er leiar for Studentparlamentet. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg er einig i at me ikkje har nok reduksjonar på flyreiser. Om me har tre reiser til gode mellom Oslo og Paris etter kutt i flyreiser, har me rom for å kutta meir, konstaterte han.

Adrian Leander Skagen viste til at regjeringa gjerne vil at 50 prosent av alle studentane skal dra på utveksling.

– Slik som situasjonen er no, bør me ikkje reisa til USA, men halda oss i Europa, var hans råd.

– Det er mykje verre å dra  med fly på korte konferanseopphald, sa Henrik Andersen Sveinsson.

– Lenge borte om gongen

Viserektor Mette Halskov Hansen var heller ikkje like streng mot studentane som Adrian Leander Skagen.

– Dei studentane som reiser på utveksling er lenge borte om gongen.

 Trine Syvertsen vedgjekk at ho elska å reisa.

– Eg likar å reisa sjølv, og eg har venner over heile verda. Og eg kunne tenkt meg å dra over alt, sa ho.

– Avhengige av reklame som oppfordrar til meir forbruk

Medieprofessoren fortalde også om korleis Institutt for media og kommunikasjon hadde sett i gang ein idédugnad for betre å forstå kva faget deira kunne gjera innanfor temaet klima og miljø.

PROBLEMATISK: – Det er problematisk med fjernsynsapparat og mobilar som blir skifta og går i søppeldynga etter nokre år, peika medieprofessor Trine Syvertsen på. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 – Me fekk mange lykkeynskingar frå dei faste vitskaplege tilsette, men det var dei mellombelse vitskaplege tilsette og stipendiatane som var mest konstruktive. Dei peika på korleis me kunne bidra innanfor FNs to berekraftmål 12 og 13. Det første handlar om ansvarleg produksjon og forbruk og det siste om å stansa klimaendringane. Dei viste kor problematisk det var med fjernsynsapparat og mobilar som blir skifta ut og går i søppeldynga etter nokre år, og korleis media er økonomisk avhengige av reklame som oppfordrar til meir forbruk, og som også driv med grønvasking av oljeselskap, fortalde Trine Syvertsen.

– Endå meir miljøvennleg fjernvarme

Frå salen kunne UiO:Energi-direktør Vebjørn Bakken koma med eit gladnyhende.

– No er det klart at det blir pengar til å byggja ut eit anlegg for karbonfangst på anlegget til Fortum på Klemetsrud. Dermed blir fjernvarmen til UiO frå energigjenvinningsanlegget der endå meir miljøvennleg, peika han på og viste til  gårsdagens store nyhendesak  i Oslo.

Adrian Leander Skagen heva likevel ein liten peikefinger til UiO.

– Universitetet bør takka nei til pengar frå oljeselskap, sjølv om det går til utvikling av miljøvennleg energi eller batteri, var rådet han kom med. 

KLIMADEBATT I KLIMAHUSET: UiO inviterte i går til debatt om innhaldet i tiltaksplanen for klima- og miljøstrategien. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

 

 

 

 

• Les meir om klima og miljøstrategi i Uniforum: 

UiO har fått ein klima- og miljøstrategi

No får UiO ein klima- og miljøstrategi

Klimastrategien: – Ekstremt viktig å ha legitimitet som forskningstung institusjon

Klimastrategien: – Enklere å komme med kritiske utspill enn positive

SUM vil bygges ut til å bli Oslo bærekraftsenter

NTL-leiar Natalia Zubillaga: Dette er ein klimastrategi frå oven

Professor advarer mot ordlyden i UiOs foreslåtte klimastrategi

UiO anbefales om ikke å gå inn i prosjekter som ikke er bærekraftige

UiO skal laga klima- og miljøstrategi

Sannsynligvis slutt med grais parkering på UiO

(Oppdatert  og korrigert sitat frå Henrik Andersen Sveinsson 24.februar klokka 09:35)

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2022 16:37 - Sist endra 24. mars 2022 09:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere