NTL-leiar om forslag frå Ola Borten Moe: – Hårreisande!

NTL-leiar Natalia Zubillaga på UiO raser mot forslaget frå Ola Borten Moe om å etablera eit eige selskap etter modell av Nye Vegar som skal stå for bygging i universitetssektoren. No ber ho regjeringa om å driva ein annan politikk og føra Livsvitskapsbygget tilbake til UiO frå Statsbygg.

KVAR HAR HAN VORE? – Det er ganske hårreisande når han vel å peika på dei statlege helseføretaka og Nye Vegar som alternativ for gode måtar å organisera dette på. Med all respekt får det meg til å undra over kvar han har vore dei siste åra og om han ikkje har fylgt med på dei diskusjonane som har vore i sektoren. Det lurer leiar  for NTL-UiO Natalia Zubillaga, på. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 21. januar forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kom med forslaget om å etablera eit eige selskap som skulle byggja nye bygg for universitetets- og høgskulesektoren. Kunnskapsministeren hadde sett seg lei på dei store overskridingane på veterinærbygget på NMBU på Ås og på livsvitskapsbygget på UiO.  Han vil bruka dei statlege aksjeselskapa Sjukehusbygg og Nye Vegar som modell.  Etter hans meining vil ei slik organisering få ned prisen på desse bygningane som i dag kostar meir enn  nye sjukehusbygningar. Borten Moe viste til Danmark og Finland der dei har klart å få ned prisen på byggjekostnadene. 

• Les også: Vil standardisere UH-bygg for å få ned prisen

– Vanskeleg å forstå kva han vil oppnå

Leiaren for NTL-UiO Natalia Zubillaga er rysta over forslaget til kunnskapsminister Ola Borten Moe.

– Eg blei jo veldig overraska over at ein statsråd frå Senterpartiet på nytt set i gang ein slik diskusjon om bygg og eigedomsforvaltning i sektoren vår. Høgre-regjeringa føreslo å overføra bygningane og eigedomane våre til Statsbygg, noko som reiste motstand både frå leiinga, studentar og fagforeiningane. Tilbakemeldinga var ganske unison. Me tenkte at no kan me lata den saka liggja. Det er vanskeleg å forstå kva han vil oppnå med dette utsegnet, tykkjer Natalia Zubillaga.

Ho meiner Borten Moes utsegner ikkje berre avgrensar seg til rolla til Statsbygg.  Og ho har heller ingen sans for dei modellane han meiner eit slikt selskap kan bruka.

– Det er ganske hårreisande når han vel å peika på dei statlege helseføretaka og Nye Vegar som alternativ for gode måtar å organisera dette på. Med all respekt får det meg til å undra over kvar han har vore dei siste åra og om han ikkje har fylgt med på dei diskusjonane som har vore i sektoren, og ikkje minst dei store kampane som har vore, både når det gjeld føretaksorganisering og eigedom, seier NTL-leiaren svært oppgitt.

– Den politiske styringa har blitt svekka

 Zubillaga meiner dette er i konflikt med innhaldet i Hurdalsplattforma til regjeringa.

– Så peikar han også på Nye Vegar som eit døme på organiseringa vår, når det me opplever er at det tvert imot har vore heilt motsett. I Hurdalsplattforma står det jo at ein vil sjå på om denne måten å organisera offentlege tenester på har vore vellykka.  Det er ingen tvil om standpunktet NTL har i denne saka. NTL-foreiningar har vore ute og kritisert dette kraftig. Det er ingenting som tilseier at organiseringa av Nye Vegar har gjort prosjekt meir kostnadseffektive. Det er ikkje blitt gjennomført noka evaluering av det, viser ho til.

 Zubillaga kritiserer også pengebruken til selskapet.

– Nye Vegar er jo eit statleg aksjeselskap med eit høgt lønna direktørsjikt og høg bruk av innleigde konsulentar. Og den politiske styringa har blitt svekka.  Eg spør meg difor om det verkeleg er sånn at det er denne regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet som skal begynna å snusa på det som eg meiner kan bli ei privatisering av desse områda, lurer Natalia Zubillaga på.

Ho peikar på den kampen dei sjølvforvaltande universiteta tok for å kunna halda på kontrollen av eigarskapen og drifta av eigne bygningar og hindra at Statsbygg overtok som eigar.

– Statsbygg er offentleg. Me kritiserte overføringa av eigedomsmassen til Statsbygg, og det hang saman med kor viktig det er med kontroll over eigedomsforvaltinga og bygga for å kunna løysa samfunnsoppdraget vårt. Det handla ikkje om Statsbygg i seg sjølv, men det forslaget Borten Moe peikar på no med statlege aksjeselskap er ikkje betre, men derimot langt verre enn forslaget Høgre-regjeringa kom med og legg opp til ytterlegare privatisering. Då spør eg om det verkeleg er sånn at det er denne regjeringa som skal lansera eit slikt forslag for sektoren vår, seier Natalia Zubillaga.

– Men Ola Borten Moe reagerer jo på alle kostnadsoverskridingane på livsvitskapsbygget på Universitetet i Oslo og på veterinærbygget på NMBU på Ås. Så viser han til at dei har klart å få det billegare i Danmark og i Finland. Har han ikkje eit godt poeng?

– Det er klart at arbeida har vore omfattande og kompliserte. Det skal me ikkje leggja skjul på. Eg veit no at til dømes på NTNU og det prosjektet som dei jobbar med der, er dei i gang med å etablera eit betre samarbeid med Statsbygg for å få ned dei store overskridingane. Eit samarbeid med Statsbygg om utvikling av bygga må bli betre, synest ho. 

Meiner sjølvforvaltning er kostnadseffektivt

Konsekvensen meiner ho må vera å sikra meir politisk styring. 

– Svaret på dette meiner me ikkje er ei privatisering av byggherre-rolla. Me må evna å finna løysingar som sikrar politisk styring, som sikrar at det offentlege eig desse tenestene, og som samtidig også sikrar dei sjølvforvaltande universiteta eigedomsrett og forvaltning og drift av bygga.  Eg er uroa for at dersom ein går over til ei liknande organisering som Nye Vegar eller helseføretaka, så er eg uroleg for at vegen blir ganske kort til ei overføring av eigarskap, forvaltning og drift også, fryktar ho.

Natalia Zubillaga vil ikkje stikka under ein stol at kostnadane sprang løpsk både for veterinærbygget til NMBU og Livsvitskapsbygget til UiO.

– Me skal ikkje leggja skjul på at det er det som har skjedd både på Ås og med Livsvitskapsbygget, men me meiner at forslaget frå Borten Moe ikkje er alternativet. Då me slåst mot overføringa til Statsbygg, viste me til at det faktum at me forvalta bygga sjølve, var kostnadseffektivt det også, understrekar ho.

Ber regjeringa om å tilbakeføra Livsvitskapsbygget til UiO

 Så oppfordrar ho regjeringa til å omgjera ei av avgjerdene til Erna Solbergs regjering.

– Det Høgre-regjeringa gjorde i ei undersetning, var å overføra Livsvitskapsbygget til Statsbygg. Og det som me har spelt inn til denne regjeringa, er at dei bør sjå på moglegheita til å overføra lLvsvitskapsbygget tilbake til Universitetet i Oslo.  Kan me starta der i staden for å sjå på helseføretaka og Nye Vegar? vil ho spørja regjeringa om. 

LIVSVITSKAPSBYGG: I Gaustadbekkdalen er bygginga av Livsvitskapsbygget godt i gang. No har Statsbygg overtatt eigarskapen frå UiO, men NTL-leiar Natalia Zubillaga vil ha eigarskapen tilbake til UiO. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Hittil har ho ikkje vore inne på regjeringskontora og lagt fram forslaget der.

– Me har ikkje tatt direkte kontakt med dei, men dette er noko NTL vil fylgja opp.  Og me har spelt det inn i høyringar også. NTLs politikk er temmeleg klar når det gjeld denne måten å organisera offentleg sektor på. Og NTLs politikk knytt til sektoren vår og politikken overfor Nye Vegar er ganske klar. Me har politikken på plass for å kunna fylgja dette ordentleg opp. Også NTL ved NTNU er veldig overraska over dette utspelet og uroa for framtida på dette området, seier Natalia Zubillaga.

– Vil gjerne gå i dialog

No oppfordrar ho Ola Borten Moe til å ta kontakt.

– Kanskje Ola Borten Moe kunne tatt seg tid til å snakka med oss som har jobba veldig mykje med dette. Å ta ein telefon til oss er fullt mogleg, er tilrådinga ho kjem med til kunnskapsministeren.

– Me vil gjerne gå i ein dialog med han om tankane våre rundt korleis dette skal organiserast vidare, seier Natalia Zubillaga.

Ho likar heller ikkje at Ola Borten Moe føreslår ei standardisering og industrialisering av bygga i sektoren. 

– Poenget er at me nettopp ikkje har desse standardiserte bygga i universitets- og høgskulesektoren.

Ola Borten Moe meiner NTL-leiar har misforstått

Uniforum har konfrontert forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe med synspunktet til NTL-leiar Natalia Zubillaga om at forslaget om å etablera eit eige selskap som skal byggja nye universitetsbygg er verre en Høgre-regjeringa sitt forslag. Me har også bede han om å svara på kommentaren frå Natalia Zubillaga om at det ikkje er noko som tilseier at etableringa av selskapet Nye Vegar har gjort prosjekt meir kostnadseffektive. 

HØYRER GJERNE: – NTL sine tankar om korleis me kan byggja rimelegare, høyrer me gjerne på, seier  forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. (Arkivfoto: Martin Toft)

Ola Borten Moe svarar ikkje direkte på dei spørsmåla, men han meiner det er NTL-leiaren som ikkje har lese forslaget hans godt nok.

– Her har NTL-leiaren ved UiO misforstått. Det eg har snakka om, er korleis me kan byggja nye bygg som sektoren ønsker seg, rimelegare. Det er ikkje berekraftig at bygga blir dyrare og dyrare, og derfor ønsker me å sjå på forhold mellom pris og kvalitet, kontraktsmodellar og andre sider av bygginga. Me ønsker å sjå på korleis me gjennomfører store byggjeprosjekt i sektoren, svarar han Uniforum i ein epost.

– Erna Solbergs regjering bestemte at eigarskapen for livsvitskapsbygget skulle overførast frå UiO til Statsbygg. No føreslår NTL at denne avgjerda blir omgjort og at UiO får tilbake eigarskapen. Korleis vil du stilla deg til eit slikt forslag om det kjem på ditt bord? 

– Dette har vore behandla av Stortinget og ligg fast.

– Natalia Zubillaga inviterer også statsråden til å ta ein telefon til henne slik at han kan bli oppdatert på situasjonen. Ho vil gjerne gå i ein dialog med deg om tankane til NTL rundt korleis dette skal organiserast vidare. Kjem du til å takka ja til den invitasjonen? 

– Me ønsker å setja oss ned med Statsbygg og andre aktørar for å sjå framover, og då vil sjølvsagt sektoren sine erfaringar og synspunkt vera viktige innspel. NTL sine tankar om korleis me kan byggja rimelegare, høyrer me gjerne på, svarar Ola Borten Moe.

Universitetsdirektøren støttar NTL-forslag

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo stiller seg derimot langt meir positiv enn forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe til forslaget frå NTL-leiar Natalia Zubillaga om å tilbakeføra eigarskapen til Livsvitskapsbygget til UiO frå Statsbygg. 


– Eg stiller meg svært positivt til eit slikt forslag frå NTL, svarar han Uniforum i ein epost.
 

VIL HA LIVSVITSKAPSBYGGET TILBAKE: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen vil ha Livsvitskapsbygget tilbake til UiO frå Statsbygg .– Eg stiller meg svært positivt til eit slikt forslag frå NTL, svarar han. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Trur du at det vil vera mogleg å få til etter at Oslo universitetssykehus også er med som medeigar og brukar av Livsvitskapsbygget?

– Ja, UiO og OUS har lang erfaring i å disponera lokale i bygningane til kvarandre. Driftsmessig vil det etter mitt syn vera enklare med to enn tre driftsorganisasjonar som skal samarbeida om bruk av lokale i eitt og same bygg. Det vil også vera mogleg å seksjonera bygget, slik at UiO og OUS eig og driv kvar sine delar av bygget, føreslår han.

– Vil det føra til ekstra mykje arbeid for Eigedomsavdelinga ved UiO, eller er dette noko dei kan handtera, i tillegg til alle dei andre prosjekta dei arbeider med?

– Eigedomsavdelinga driftar I dag alle andre bygg ved universitetet og er godt rusta og har kompetansen som vert kravd, for at universitetet sjølv skal kunne eiga, forvalta og driva Livsvitskapsbygget, seier Arne Benjaminsen.

• Les meir om eigarmodell for Livsvitskapsbygget i Uniforum:

Henrik Asheim forsvarer eiermodellen for Livsvitenskapsbygget

 Nina Sandberg(A) vil vita kvifor UiO kan mista forvaltningsansvaret for Livsvitskapsbygget

Regjeringa tar omkamp om eigarskapen til Livsvitskapsbygningen

Livsvitenskapsbygningen blir enda større

Regjeringa vil at UiO og Oslo  universitetssjukehus skal dela Livsvitenskapsbygget

Livsvitenskapsbygget: Universitetsstyret vurderer partnerskap med OUS som beste løsning

OUS kan overta 20 prosent av Livsvitenskapsbygget

 

Emneord: Arbeidsforhold, byggeprosjekter, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2022 04:30 - Sist endra 3. feb. 2022 14:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere