No planlegg UiO framtidas universitetssenter på Blindern

Om nokre år skal Blindern vera eit område som yrer av studentliv frå morgon til kveld. Det mest iaugefallande kan bli ei studentdemokratiblokk på 10 etasjar midt mellom Frederikke og Idrettsbygningen.

Oversynsbilete over velferdsbygningane på Blindern

HØGBLOKK: Ei ny høgblokk for studentdemokrati og foreiningar er føreslått plassert på dagens møtepunkt mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen.  (Illustrasjon frå skisseprosjektet til Eigedomsavdelinga og arkitektkontora Rodeo og Rebuilding)

Om planane til Eigedomsavdelinga og arkitektkontora Rodeo og Rebuilding får det slik dei vil, kan det reisa seg ei høgblokk på 10 etasjar der dagens mellombygg bind Frederikke saman med Idrettsbygningen.  I skisseprosjektet går det fram at bygningen primært vert føreslått som ein eigen bygning for studentane.  Det skal bli eit senter for studentdemokrati og foreiningsarbeid.  Arkitektane meiner ein slik bygning vil kunna vera med på å få fleire studentar til å vera på Blindern og på den måten skapa eit levande campus.

Prosjektleiar Thomas Forslund Johnsen i Eigedomsavdelinga på UiO synest det er viktig å ha med at prosjektet ikkje er avhengig av den nye høgblokka.

Dette skal dei tre velferdsbygningane på Blindern romma i framtida:

Kristian Ottosens hus:

Senter for tru og tanke

Torg for felles resepsjonstenester

Frederikkebygningen:

Mattorg og kantine

Agora og kollokvium

Amfi og union

Mellombygget (høgblokka)

Senter for demokrati og foreiningar

Idrettsbygningen

Fleirbrukshall

Senter for idrett under jorda.

Tidslinje:

Skisseprosjektet starta opp i 2021 med innsamling av informasjon

2022-23: Forprosjekt

Finansiering

2023-24:Detaljprosjekt

2024-25: Byggjestart

Arbeidet kan vera ferdig tidlegast i 2024 og prisen er estimert til 794,4 millionar kroner.

(Kjelde: Skisseprosjektet Frederikke: Universitetssenteret på campus)

– Prosjektet står ikkje eller fell på grunn av den bygningen i det heile tatt. Det er den mest spektakulære, fordi det er den nye. Den viktigaste er definitivt Frederikkebygningen som blir mykje større gjennom utvidinga av areal mot Problemveien og forsterkar Frederikke som møteplass og sosial arena på campus, slår han fast under eit møte med Uniforum og Universitas på Frederikkeplassen.

I skisseprosjektet tar arkitektane også til orde for at den planlagde høgblokka blir kalla opp etter Noregs første kvinnelege student Cecilie Thoresen.  Høgblokka skal vera i arkitektonisk harmoni med dei andre høgblokkene på Blindern, og utviklinga av ho må gå føre seg i samarbeid med Riksantikvaren og  Byantikvaren.

Dette grepet blir dermed det mest synlege når dei over 60 år gamle velferdsbygningane på Blindern kan stå fram i ny drakt ein gong etter  2025.  Men det skal skje store endringar innvendig både i den freda Frederikkebygningen, i den bevaringsverdige Idrettsbygningen og i det freda Kristian Ottosens hus.

– Vil leggja til rette for studentopplevingar

Thomas Forslund Johnsen er svært begeistra både for området og for planane.

– Alle desse fire husa, inkludert Lucy Smiths hus, er felleshusa her på Blindern. Det er her studentar frå alle fakultet møter kvarandre. I dette rehabiliteringsprosjektet er det viktig å leggja til rette for studentopplevingar og tenestetilbod. Også dette med Oslo Science City og masterplanen me har laga, kjem inn i dette.  Det er ikkje det same prosjektet, men Frederikkeprosjektet konkretiserer mange av ambisjonane som er omtalte i desse planane, konstaterer han.

Forslund Johnsen vil gjerne understreka at dette først og fremst er eit skisseprosjekt.

– Det er også fleire alternativ i dette forslaget.  Sjølv om det er fire bygningar som på mange måtar heng saman, er det mogleg å utvikla kvar enkeltbygning for seg, slår han fast.

 

 

 

 

DAGENS VELFERDSBYGNINGAR: I dag ligg Kristian Ottosens hus, Frederikkebygningen og Idrettsbygningen på ei felles linje på Blindern.Om tre år kan dei tre bygningane også få selskap av ei ny høgblokk som skal liggja mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Høghuset er det mest usikre

Thomas Forslund Johnsen er heller ikkje sikker på at det blir gjennomslag for forslaget om ei høgblokk mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen.

– Så er det det store høghuset som truleg er det mest usikre og ligg lengst fram i tid. Alle dei andre bygningane har jo funksjonar i dag. Og så er det foreslått ei utviding i form av eit høgt og smalt skivehus. Me er tydelege i tilrådinga av at dersom det skal vera ei utviding, bør det vera ein funksjon som byggjer opp under målet som er å forsterka Frederikke som sentrum for liv og aktivitetar på Blindern, understrekar han.

Då Uniforum møtte Thomas Forslund Johnsen var det  eit døgn før han skulle presentera prosjektet for første gong for universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Og den same bodskapen han ville gi til universitetsdirektøren kom han også med til Uniforum og Universitas.

– Bygningane har eit sterkt behov for rehabilitering og utvikling, og det er nødvendig med ei opprydding i plasseringa av dei ulike funksjonane. For kvifor skal frisørsalongen ha det mest attraktive hjørnelokalet på bakkeplan i Frederikkebygningen? spør han. Og i dette arbeidet har dei fått verdifull hjelp frå studentane.

STÅR BAK: Arkitekt Ingrid Roalsø frå Rodeo, arkitekt Børge Opheim frå Rebuilding og prosjektleiar Thomas Forslund Johnsen har vore med på å laga eit skisseprosjekt for framtidas velferdsbygningar på Blindern. (Foto: Martin Toft)  

Vil samlokalisera alle resepsjonstenestene i Kristian Ottosens hus

For etter forslag frå studentar som har deltatt gjennom heile utviklinga av skisseprosjektet, kan alle servicetenester for studentane som i dag er i Frederikkebygningen bli flytta inn i førsteetasjen i Kristian Ottosens hus.  Det vil seia både Kundesenteret, Karrieresenteret, SiO foreiningar og studentprestkontoret, medan Mosala og Rom for tru og tanke kan få eigne rom i underetasjen.  I tillegg vert det føreslått å flytta Knutepunktet med studentinformasjon i 1. etasje i Lucy Smith hus til Kristian Ottosens hus.  

Får eit innvendig torg

Frederikkebygningen skal kunna utvidast mot Problemveien, samtidig som det skal etablerast aktive fasadar mot Problemveien.  På den måten legg prosjektet til rette for ei gate som er meir bylik.  Likevel er kanskje den viktigaste endringa at det vil gi plass til etablering av eit generøst og fleksibelt innvendig torg sentral i bygningen. I Frederikkebygningen er det planen at butikkar og andre kommersielle tenester skal venda seg utover, medan serveringsstadene skal rettast mot og aktivera det innvendige torget, går det fram av skisseprosjektet arkitektkontora Rebuilding og Rodeo har laga på oppdrag frå Universitetet i Oslo.

TORG: Eit torg eller agora skal vera den sentrale møteplassen i Frederikkebygningen med førelesingar, konsertar, og andre arrangement. (Illustrasjon frå skisseprosjektet) 

– Det er også meininga at bygningen skal opnast meir opp, slik at sola kan skina inn på det innvendige torget, som blir kalla for ein agora som kan fungera som ein møteplass for studentar frå forskjellige fag på dagtid på veg til eller frå kafear eller butikkar med studentrekvisita, fortel arkitekt Ingrid Roalsø frå Rodeo. 

Om kvelden skal det vera mogleg å gjera Agoraen om til ei scene for gjesteførelesingar, debattar, konsertar og filmvising ved å bruka eit planlagt amfi.  Men det skal også kunna brukast som utstillingslokale kuratert av Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) eller andre formidlingsaktørar. 

Skal leggja 1300 kvadratmeter stort lokale under jorda

Idrettsbygningen er den einaste av dei tre bygningane som ikkje er freda. Den er likevel bevaringsverdig på grunn av eksteriøret. I denne visjonen for ei nær framtid skal høgda på idrettshallen aukast med 1 meter slik at den får den vanlege hallstandarden på 7 meter. Og det skal også byggjast eit mindre tribuneanlegg på mesaninetasjen, slik at det vil vera mogleg å ha idrettsarrangement med publikum. 

Det mest spennande som skal skje med Idrettsbygningen, vil bli gjennomført under bakkenivå.  Der vert det føreslått at det skal  etablerast ein 1300 kvadratmeter stor aktivitetsflate som skal liggja under idrettsplenen. I dag ligg det eit kulvertanlegg og energibrønnar der. Derfor må delar av dette anlegget leggjast om, går det fram av prosjektet. 

MELLOMBYGG: Der mellombygget som bind Frederikkebygningen (t.v.) saman med Idrettsbygningen føreslår skisseprosjektet at det skal byggjast ei  høgblokk for studentdemokrati og foreininingar: (Foto: Ola Gamst Sæther)

Livssynssenter kan flytta inn i Kristian Ottosens hus

I Kristian Ottosens hus skal resepsjonstenestene som i dag er både i Frederikkebygningen og i Kristian Ottosens hus, samlast. Vestibylen skal igjen få store inngangar. Og Knutepunktet som i dag er i Lucy Smiths hus, og som absolutt er ei resepsjonsteneste for studentar, planlegg dei også å tilby ein plass i Kristian Ottosens hus. For å få alt dette til, vil dei sjå grundigare på areala i underetasjen i Kristian Ottosens hus.  I tillegg til Knutepunktet, kan dermed Studentombodet, USIT, foreiningar, Karrieresenteret og eit livssynssenter få plass. Også kundeservice for studentar skal få rom i bygningen. Heile planen kan bli krona med ein kafé.

I framtidsplanane for Frederikkeplassen vert det føreslått at det skal leggjast ein infrastrukturgrid i plassen, slik at det blir mogleg å ha store konsertar eller andre arrangement der.  Når gridet ikkje er i bruk, skal koplingspunkta gå i eitt med brusteinen.  Det skal gå under namnet Blindernpaviljongen.

Og den nye ganggata gjennom Frederikke skal få utvida overlys og romslege takhøgder. Dersom utvidingsplanane av Frederikkebygningen mot Problemveien blir realiserte, er tanken at eit av dei trea som står der i dag, skal inkluderast i ein nisje ved hovudinngangen mot Problemveien. I tillegg er ideen å leggja ein terrasse eller vinterhage mot Frederikkeplassen.

SAMLA PLAN: Dette er ein illustrasjon av dei samla planane for velferdsbygningane på Blindern. (Illustrasjon frå skisseprosjektet)

– Får lov til å tilbakeføra bygningane slik dei var

Tilbake på Frederikkeplassen står me framleis saman med prosjektleiar Thomas Forslund Johnsen og arkitektane Børge Opheim frå Rebuilding og Ingrid Roalsø frå Rodeo. Der har me godt utsyn til velferdsbygningane som det er planen å modernisera.

– Det er stort sett fasadane og eksteriøret som er freda på Frederikkebygningen og Kristian Ottosens hus. Og det som me alltid vil få lov til å gjera er å tilbakeføra bygningane slik dei var opphavleg, fortel Thomas Forslund Johnsen og peikar på vindauga på fasaden der Akademika held til i dag.

– Det var den opprinnelege inngangen, og den var dobbelt så brei som dagens inngang, legg han til. 

Vernestyresmaktene har fylgt med.

– Riksantikvaren og Byantikvaren har vore med i prosessen. Me hadde ein runde med dei tidlegare i haust, der me begynte på eit samspel for å finna fram til ei løysing, seier Forslund Johnsen.

Så kjem også Ingrid Roalsø inn. 

– Ein ting er at kvar enkelbygning har ei eller annan slags form for vern. I tillegg har heile anlegget som heilskap blitt freda som eit kulturminne. Det vil seia at eit kvart nytt tiltak skal passa inn i den overordna forteljinga om kva plass og bygningsstruktur Blindern er. Og her har me svært tydelege grep med dei høge og låge blokkene og dei er tydeleg avgrensa og har eit bestemt formspråk, peikar ho på. 

– Så det blir ikkje noko høgblokk á la Munchmuseet mellom Idrettsbygningen og Frederikkebygningen?

– Det som er viktig med denne er at den skal ha eit samspel med dei blokkene som allereie finst, legg ho vekt på.

Ho blir supplert av arkitektkollega, Børge Opheim.

– Høgblokka kviler mykje på dei eksisterande bygningane her på Blindern. Då me såg på utgangspunktet for utviding av arealet, så ville me gjerne spinna vidare på det etablerte, kanskje nettopp for ikkje å utfordra det etablerte formspråket. Målet har vore å kombinera ny og gammal arkitektur og tilpassa bygningsmassen til framtidas behov, seier han. 

STUDERER TEIKNINGAR:  Ingrid Roalsø frå Rodeo, Børge Opheim frå Rebuilding og prosjektleiar Thomas Forslund Johnsen studerer teikningane over planane for framtidas velferdsbygningar og uteområde på Blindern. (Foto: Martin Toft) 

 

– Den nye høgblokka er vinkelrett mot dei andre blokkene, slik at den på ein måte skal staka fram ein ny kurs mot det nye campuset, fortel arkitektane. 

Det går også føre seg vurderingar om kva som kan gjerast med områda rundt Blindern Studenterhjem og studentparkeringsplassen.  – Det ligg lenger fram i tid, men det er med i masterplanen til Eigedomsavdelinga og også i moglegheitsstudiet til Oslo Science City, trekkjer Thomas Forslund Johnsen fram. Han vil også gi god tilbakemelding til alle som har deltatt. 

– Det er viktig å få fram at skisseprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom UiO og SiO, og at studentar og tilsette har deltatt aktivt i alle fasar av prosjektutviklinga. Prosjektet hadde aldri blitt så bra utan engasjementet frå alle som har deltatt, avsluttar Thomas Forslund Johnsen. 

No når skisseprosjektet for Universitetssenteret er ferdig, skal det takast eit konseptval, før det skal gjennomførast eit forprosjekt fram mot 2023. Om prosjektet får finansiering, kan det bli eit detaljprosjekt frå 2023 til 2024, før byggjearbeidet kan ta til ein gong mellom 2024 og 2025.

Om den tilrådde planen i skisseprosjektet vert vedtatt, er den samla prisen for dei fire bygningane estimert til 794,4 millionar kroner, går det fram av dei planane som Uniforum har fått kika på.

– Vil bidra til attraktive, framtidsretta tenester

Campusdirektør Fredrik Refsnes i Studentsamskipnaden (SiO) er godt nøgd med skisseprosjektet for framtidas velferdsbygningar på Blindern. 

– Me i SiO er glade for å ha blitt tidleg og godt involverte av UiO. Prosjektet har ført til ei brei involvering internt i SiO ettersom dette omhandlar mange av våre tenester og tilbod. Me er også glade for at studentane og studentforeneingar har vore tidleg involverte i prosjektet, svarar han i ein epost til Uniforum. 
 
– Har de tru på at dei tenestene de yter til studentane kan bli endå betre i dei moderniserte og lettare bruksendra bygningane?
– Ja, me har tru på at dette vil bidra til attraktive, framtidsretta tenester som skaper aktivitet på campus. Me meiner også at endringane vil skapa fleire sosiale møteplassar på campus, samt eit betre samspel mellom bygningane og tilboda. Det vil også bli eit betre samspel mellom innandørs og utandørs tilbod  og aktivitetar for studentane, trur han. 
 
Fredrik Refsnes trur den føreslåtte nye høgblokka kan føra til at fleire ting skjer på universitetsområdet. 
– Me er positive, og håpar det nye bygget vil bidra til auka aktivitet og liv på campus. Då både fagleg og sosial aktivitet, foreiningsaktivitet og eigenaktivitet for studentane.
Refsnes likar spesielt godt den heilskaplege tilnærminga til campusutvikling. 
– Ein opnar opp bygningane, og gjer tilboda og areala meir tilgjengelege samanlikna med i dag. Prosjektet ser areal og tilbod i samanheng med kvarandre. Det trur me gir gode løysingar som vil koma studentane til gode i mange år framover.
 
– Kva likar du minst? 
– Me skulle gjerne sett at dette let seg realisera raskare, slik at også dagens studentar hadde fått glede av dei nye løysingane, svarar campusdirektør Fredrik Refsnes i Studentsamskipnaden (SiO).
 

• Les også: Framtidas Blindern står ikkje ferdig før lenge etter 2025

Emneord: Studentforhold, Velferd på UiO, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2022 19:00 - Sist endra 31. jan. 2022 10:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere