LEIAR: Uavhengige universitet må verna truga kunstverk

Universiteta kan i fellesskap organisera eit felles tiltak under paraplyen “Kunstverk i fare” etter modell av “Scholars at Risk” og “Students at Risk”. Truleg vil det bli behov for slike redningsaksjonar for omdiskuterte kunstverk, ikkje berre frå Hongkong, men også frå andre stader der autoritære regime er på frammarsj.

Bilete av ein skulptur på campusen til Univerisity of Hong Kong

FJERNA: Dette er kunstverket "Pillar of Shame" av den danske kunstnaren Jens Galschiøt på campusen til University of Hong Kong. Kunstverket markerer massakren av studentar på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Rett før jul blei det demontert og fjerna av kinesiske styresmakter. (Arkivfoto frå 2008)

Foto: Avinash Kaushik/flickr

Rett før nyttår kom det melding om at kinesiske styresmakter hadde fjerna tre kunstverk frå tre universitet i Hongkong. Alle kunstverka hadde det til felles at dei var markeringar av massakren av studentar og andre demokratiaktivistar på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Den første skulpturen “Pillar of Shame” av den danske kunstnaren Jens Galschiøt blei demontert og fjerna frå Hongkongs eldste universitet University of Hong Kong 23. desember, ifylgje ntb.

På julaftan blei skulpturen “Demokratiets gudinne” fjerna frå Chinese University of Hong Kong (CUHK). Den er laga av kunstnaren Chen Weiming og er ein over seks meter høg kopi av statuen som studentane reiste på Den himmelske freds plass i 1989. Den same dagen blei ein annan skulptur som markerte massakren, fjerna frå Lingnam University of Hong Kong. Det høyrer med til historia at den nye Kina-kontrollerte byregjeringa for Hongkong blei innsett kort tid etter til tonane frå den kinesiske nasjonalsongen og med eit dominerande kinesisk flagg. Dette er tre døme på korleis kinesiske styresmakter fjernar kunst som dei ikkje likar, frå akademiske institusjonar i Hongkong.

Skulpturar som viser tidlegare slaveeigarar og sørstatsgeneralar, er også blitt fjerna frå britiske og amerikanske universitet. Det er også skulpturar av Lenin og Stalin i tidlegare kommunistiske diktatur i Aust-Europa og i landa som tidlegare utgjorde det kommunistiske Sovjetunionen. I Spania har det også blitt fjerna eller forsøkt fjerna skulpturar av den tidlegare diktatoren og fascisten Francisco Franco frå universiteta. Det er ganske forståeleg sidan desse tre mennene alle stod for verdiar som ikkje høyrer heime i liberale regime eller på ein akademisk institusjon.

I Noreg kan me heller ikkje slå oss på brystet og seia at slikt ikkje skjer på norske institusjonar. For kort tid sidan flytta Kunsthøgskulen i Oslo eit omdiskutert verk av den anerkjente kunstnaren Vanessa Beecroft  til ein mindre synleg stad etter at det kom klagar frå studentar som meinte kunstverket var rasistisk og sexistisk. Ho er også kjent for å ha samarbeidd med rap-artisten Kanye West.

Hausten 2020 blei ein benk i Botanisk hage føreslått fjerna av bydelutvalet i Gamle Oslo fordi den skulle markera den svenske botanikaren Carl von Linné, som lokalpolitikarane meinte stod for rasistiske haldningar. Fungerande museumsdirektør Jan Lifjeld forsikra i Uniforum om at Naturhistorisk museum ikkje ville skjula forkastelege sider ved den svenske botanikaren. På eit tidspunkt føreslo Linné nemleg å kategorisera menneskearten  i fire ulike rasar. Den saka enda på ein god måte. Benken står der framleis, men med høve til å endra på plaketten ved sida av benken.

På 1980-talet måtte Universitetet i Bergen fjerna måleriet “Mordet på Andreas Baader” av Odd Nerdrum fordi det var for politisk og for provoserande for “Utvalget for kunstnerisk utsmykking” ved UiB. Det høyrer med til historia at måleriet blei kjøpt inn av filosofiprofessor Arild Haaland og advokatbroren hans William Haaland og gitt i gåve til Universitetet i Bergen. Odd Nerdrum bad universitetet om å låna han biletet, og seinare gav han det aldri tilbake. No heng det på Astrup-Fearnley-museet i Oslo.

Fjerninga av kunstverka i Hongkong er likevel noko heilt anna. Det er ein del av dei kinesiske styresmaktene sin kampanje for å skriva om historia og dyssa ned massakren på studentar og demokratiaktivistar i Beijing i 1989. Fleire av studentane flykta seinare til den demokratiske byen Hongkong og til andre demokratiske land. Dette var studentar og akademikarar som kjempa for å få innført demokratiske verdiar og akademisk fridom i Kina.

Derfor bør universitet i Noreg og i andre demokratiske land ta initiativ til å ta vare på desse kunstverka og stilla dei ut på universitetsområdet for å markera både massakren på Den himmelske freds plass og den kunstnarlege fridomen. Universiteta kan i fellesskap organisera eit felles tiltak under paraplyen “Kunstverk i fare” etter modell av “Scholars at Risk” og “Students at Risk”. Truleg vil det bli behov for slike redningsaksjonar for omdiskuterte kunstverk, ikkje berre frå Hongkong, men også frå andre land der autoritære regime er på frammarsj og prøver å slå ned på både kunstnarar og akademikarar som kritiserer regima. Det hadde vore strålande om Universitetet i Oslo kunne ha fylgd opp Oslo Peace Days med ei slik støtte for truga kunstverk.

 

Emneord: Akademisk fridom, Kunst, Kina, Menneskerettar Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 7. jan. 2022 04:30 - Sist endra 10. jan. 2022 09:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere