Framtidas Blindern står ikkje ferdig før lenge etter 2025

– I dag ligg det berre føre konkrete planar om å renovera sjølve Frederikkebygningen. Resten av dei storstilte planane på Blindern er berre eit skisseprosjekt, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

IKKJE REALISTISK:  – At det skulle bli ferdig i løpet av tre år, er ikkje realistisk, seier  universitetsdirektør Arne Benjaminsen om skisseprosjektet for dei framtidige veldferdsbygningane på Blindern. Der står det at det kan bli ferdig i 2025. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag kveld det blei kjent gjennom Uniforum og Universitas at Universitetet i Oslo har laga eit skisseprosjekt for framtidas velferdsbygningar på Blindern. Truleg var det mest oppsiktsvekkjande forslaget å reisa ein ti etasjar høg bygning mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen. Etter planen skulle det bli eit senter for studentdemokrati, med plass til både Studentparlamentet og studentforeiningar. Ifylgje skisseprosjektet vil det kunna vera mogleg å ha prosjektet ferdig ein gong i løpet av 2025. 

 • Les også : No planlegg UiO framtidas universitetsenter på Blindern

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen heller no malurt i begeret til dei som allereie har begynt å planleggja å flytta kontora sine til det planlagde demokratibygget.

– Nokon trur at dette prosjektet allereie er klart for bygging. Dette er berre eit skisseprosjekt som me laga i samband med at me uansett måtte laga ein plan for den heilt naudsynte rehabiliteringa av Frederikkebygningen.

– Så det er ingen sjanse for at dette kan ha blitt verkeleggjort i 2025?

– Nei, det vil ta mykje lenger tid. Me har faktisk ingen andre konkrete planar enn rehabilitering av Frederikkebygningen. Resten av prosjektet må greiast ut og gå gjennom normale prioriteringsdiskusjonar, understrekar Arne Benjaminsen. 

Han viser til rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Øvre Blindern.

– Det måtte gjennom grundige og litt humpete prosessar før det var mogleg å starta arbeidet. Så planane for eit framtidig universitetssenter på Blindern er i dag berre eit skisseprosjekt, og det vil ta lang tid før det eventuelt kan realiserast. At det skulle bli ferdig i løpet av tre år, er ikkje realistisk, slår han fast.

 • Les meir om framtidsprosjekt i Uniforum:  

– Vi har snakket overraskende lite om Oslo Science City

No planlegg UiO framtidas universitetsenter på Blindern

– Sikkert noen som spør seg om ikke dScience har fått litt vel stor oppmerksomhet

Svein Stølen: Arkitektene og byplanleggerne har foreslått bærekraftsenteret

Svein Stølen: – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg

 

 

 

 

Emneord: byggeprosjekter, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2022 11:46 - Sist endra 31. jan. 2022 09:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere