Åse Gornitzka etterlyser namn på gode kandidatar til UiOs menneskerettspris

UiO-rektoratet ber folk om å føreslå kandidatar til UiOs  menneskerettspris for 2022. – Det ligg ingenting i vegen for at også folk utanfor universitetet kan føreslå kandidatar, seier prorektor Åse Gornitzka.

REFLEKSJON:  Prorektor Åse Gornitzka tykkjer UiOs menneskerettspris spelar ei viktig rolle.  – Me er også samfunnet og prisen er ein refleksjon på at me står i ein slik samanheng.

Foto: Ola Gamst Sæther

For første gong er det prorektor Åse Gornitzka som står i breidda for organiseringa av UiOs menneskerettspris, prisen som byggjer på initiativet til den avdøde psykiatriprofessoren Leon Eitinger og kona hans Lisl. 

Leo Eitinger (1912-1996)

Leo Eitinger blei fødd i Brno, Tsjekkia (Austerrike-Ungarn), og kom til Noreg som flyktning i 1939. Under 2. verdskrigen blei han deportert til Auschwitz og Buchenwald. Av dei 762 norske jødane som blei deporterte, var Eitinger ein av 23 som overlevde.

Han blei seinare professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og internasjonalt anerkjent for sine vitskaplege arbeid om psykiske seinskader hos holocaust-offer. Eitinger er også kjent som ein forkjempar for menneskerettane. Eitinger mottok fleire utmerkingar og prisar for arbeidet sitt og innsatsen sin spesielt for jødane, krigsfangane og krigsveteranane.  Saman med kona si danna han Lisl og Leo Eitingers fond i 1984.

Les meir om Leo Eitinger i Store norske leksikon og Norsk biografisk leksikon

UiOs menneskerettspris er delt ut kvart år sidan 1984, og Universitetet i Oslo går no ut og ber folk både på og utanfor UiO om å nominera personar eller organisasjonar til prisen for 2022. Prorektor Åse Gornizka peikar på at dei som blir nominerte må ha gjort noko utanom det vanlege for å fremja menneskerettane.

– Prisen er til for å heidra ein spesiell innsats og aktivt engasjement for menneskerettar i brei forstand. Dei må ha gjort noko utanom det vanlege for å fremja menneskerettane og har kjempa for ulike delar for dei rettar som tilhøyrer det å vera menneske. Og både personar og organisasjonar kan vera aktuelle, understrekar ho.  

– Begge delar er like viktige

Åse Gornitzka trekkjer fram at dette er ein pris som er delt ut kvart år sidan 1984 og at det finst eit breitt spekter av prisvinnarar, og ho viser til fjorårsvinnaren Jens Petter Gitlesen.

– Prisen for 2021 gjekk til ein som hadde jobba med menneskerettar og brot på menneskerettar i «vårt eige nabolag». Mange andre vinnarar har fått prisen for det dei har gjort ute i verda. Begge delar er like viktige. Formålet med prisen er å heidra folk som engasjerer seg på menneskerettsområdet, sånn sett er prisen dessverre aktuell framleis, seier Åse Gornitzka til Uniforum.

– Fekk ikkje så mykje merksemd som den fortener

– Er det nokre av prisvinnarane som står på den lista som har gjort spesielt inntrykk på deg?

– Ja, eg var til stades då Nora Sveaass fekk prisen. Det tenkjer eg er eit godt døme på eit engasjement og korleis universitetet og vitskaplege tilsette og akademikarar kan kombinera eit fagområde med brei fagleg tilnærming til eit heilt unikt engasjement. Ho brukte profesjonen sin som psykolog i arbeidet med dei som hadde traume og etterverknader etter tortur. Det var sterke forteljingar. Eg må seia at eg vart først godt kjent med prisen gjennom arbeidet i rektoratet. Det var ein pris som kanskje ikkje fekk så mykje merksemd som den fortener.  Det trur eg har blitt betre med åra. No er det også ei prisutdeling som er blitt ein del av Oslo Peace Days. Slik har den ei større ramme rundt seg, svarar ho.

– Sat med livvakter rundt seg

Etter at ho har tenkt eg endå litt meir om, kjem ho også på ei anna prisutdeling som gjorde inntrykk på henne, den til Seyran Ateş. 

– Imamen frå Berlin, ho sat der med ei rekkje med livvakter rundt seg. Det er også sterkt å sjå, seier ho. Prorektoren ynskjer også å sjå Nefize Özkal Lorentzens dokumentarfilm om den kvinnelege imamen frå Berlin.

– Dette er jo ein pris som blir delt ut i regi av Universitetet i Oslo. Og kva betyr det for universitetet å dela ut ein menneskerettspris?

– De kjenner jo til historia om Leo og Lisl Eitingers fond og korleis prisen blei til. Leo Eitinger kom til Noreg frå Tsjekkoslovakia i 1939 og blei arrestert av tyskarane i 1942 og kom til Auschwitz i 1943. Han kom tilbake til Noreg og etablerte seg som ein ganske prominent figur i det offentlege Noreg. Sjølv eg hugsar han frå NRKs monopoltid. Det å vera professor i psykiatri og ha den historia og at han såg universitetet som ein verdig kandidat til å forvalta  ein slik pris, det seier at dette også er ein del av samfunnsengasjementet vårt, seier ho med ettertrykk.

– Me er også samfunnet

Åse Gornitzka viser til at universitetet står i ein samfunnsorden som viser til dei verdiar som er viktige for universitetet som institusjon. 

– Menneskerettsverdiane, dei individuelle rettane, at me som menneske har rettar som er universelle. Det reflekterer det verdisettet som universitetet representerer, men også høvet vårt til å ha eit sterkt engasjement som samfunnsaktør. Me seier ofte “der ute i samfunnet”, som om ikkje UiO var ein del av det. Me er også samfunnet og prisen er ein refleksjon på at me står i ein slik samanheng.

No ynskjer UiO å få inn nominasjonar til prisen innan 15. mars.  Og det kan alle som er interesserte, gjera.
– Det ligg ingenting i vegen for at også folk utanfor universitet kan føreslå kandidatar. For oss er det viktig å få inn namn på gode kandidatar uansett kven som melder dei inn, peikar ho på.

Det er eit bestemt håp ho har for denne prisen.

– Eg håpar den får meir merksemd, saman med dei arrangementa me har hatt rundt den med ein kombinasjon av fagleg tyngd og med kjensler og engasjement, dette er ein pris som rører hjarte og hovud, tenkjer Åse Gornitzka.

Les intervjua med tidlegare prisvinnarar i Uniforum:

2021: * Jens Petter Gitlesen: Mottar UiOs menneskerettighetspris: – Prisen betyr at innsatsen er blitt verdsatt

2019 * Seyran Ates: Hun startet sin egen moské – nå vil hun grunnlegge et universitet

2018 * Nora Sveaass: På parti med ofrene

2017 * Isthar Gözaydin: UiOs menneskerettpris gav meg truverdet tilbake

2016 *Diana Kordon: – Viktig å få dømt dei skuldige for overgrepa i Argentina

2015 * Deeyah Khan: – Mangfald er best mot valdeleg ekstremisme

2014 * Journalisten Fabrizio Gatti: Jobber undercover, men liker ikke å kle seg ut

2013 * Manfred Nowak: Naudsynt med menneskerettsdomstol for heile verda

2012 * Robert Quinn: Aktivist for forfylgde akademikarar får UiOs menneskerettspris

2011 * Nawal El Saadawi: Egypts kvinner må organisere seg

2010 * Sonja Biserko: – Serbia må få ein ny intellektuell elite

2009 * Nils Johan Lavik: – Saknar kunnskap om politiske despotar

2008 * Erik Møse: For rettferd i Rwanda

2007 * Khaled Abou El Fadl: - USA verre nå enn i McCarthy-tiden

2006 * Ole Henrik Magga: Samenes fremste talsmann hedret av sitt gamle universitet

2005: * Theo van Boven: - Krigen mot terror undergraver forbudet mot tortur

Emneord: Menneskerettar, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere