Svein Stølen: – Me jobbar hardt på UiO for at det skal vera høgt under taket her

Både rektor Svein Stølen og Åse Gornitzka håpar på lysare tider i 2022. – Men det lovar ikkje godt med det tronge budsjettet UiO får, konstaterer UiO-rektoren.

Ein mann og ei kvinne står ute

KREVJANDE: – Det er ikkje enkelt eller hyggeleg å leva i ei tid med korona. Det er utfordrande. Så det har vore eit krevjande år, oppsummerer UiO-rektor Svein Stølen året 2021, saman med prorektor Åse Gornitzka. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Foto: Ola Gamst Sæther

Fire dagar før jul bad Uniforum rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka om  å koma med sine refleksjonar av 2021 og visjonar for 2022.  Koronapandemien, Oslo Science City,  livsvitskap, utkast til klima- og miljøstrategi og behovet for auka merksemd rundt forsking, er ting dei kjem inn på i intervjuet med Uniforum.

Det siste året har vore prega av koronapandemien, noko Svein Stølen også først grip tak i.

– Det er ikkje enkelt eller hyggeleg å leva i ei tid med korona. Det er utfordrande. Så det har vore eit krevjande år. Året starta med at universitetet i stor grad var stengt ned, og me avsluttar også året med at det er stengt litt ned. I ein periode var det krevjande både å vera student og tilsett her. På mange måtar har det prega året, tykkjer han.

Han er imponert over korleis studentar og tilsette har takla det.  

– Tolmodet frå studentane og dei tilsette sin energi og vilje til å bidra har gjort at me har kome godt gjennom det. For det er mykje å gleda seg over i løpet av dette året, slår han fast.

– Men det har vore tøft

Og prorektor Åse Gorntitzka synest det viktigaste dei har klart å få til, er stort sett å ha hatt høg aktivitet på universitetet.

– Me har ikkje fullt oversyn over konsekvensane av det me har vore gjennom, men det at me har klart å halda universitetet ope er bra. Dei resultata me har sett siste året, har heller ikkje vore så verst. Men det har vore tøft, vedgår prorektoren. 

 Begge er opptekne av posisjonen forskinga har fått i kampen mot koronapandemien.

– Ei av dei tinga me vil vera opptekne av i året og åra som kjem, er rolla til forskinga. Mykje av debatten i sektoren handlar om utdanning, det regionale og arbeidslivet sitt kortsiktige kompetansebehov. Me tenkjer at det er viktig å snakka og argumentera endå meir om forsking og kva den bidrar med. For sanninga er at forskinga har vore viktig både i 2020 og i 2021 for å møta pandemien, seier Svein Stølen. 

Prorektor Åse Gornitzka fylgjer opp med å visa til  EUs mål for å skapa interesse for forsking.

– I EU opererer dei med “missions” for å få opp entusiasmen for forsking blant den vanlege borgaren. Og så kom jo pandemien. Då blei dei brått heilt openbert kvar forskinga hadde å bidra med. Då sprang ein jo til forskinga med ein gong. Entusiasmen for og heiaropa til forskinga var svært høglydte då pandemien trefte oss. Sånn sett blei EUs månelanding for å skapa engasjement rundt forsking, nådd med pandemien, konstaterer ho.  

Åse Gornitzka ser eit triangel som er knytt tett saman.

– Det at ein snakkar om forsking og ser koplinga mellom tiltak, politikk, og forskingsresultat, men også tar ein samtale om uvissa rundt forskinga og forskinga sin natur, er viktig. Det er ikkje minst viktig å argumentera for den grunnleggjande forskinga, meiner  ho. 

– Dei mørke skyene er budsjettkutta

Men det er ikkje berre koronapandemien som skapar uro hos rektoratet i 9. etasje i Lucy Smiths hus. Også statsbudsjettet for 2022 som nettopp er vedtatt i Stortinget fører til at dei går inn i julehøgtida svært urolege til sinns.

EI VIKTIG ROLLE: – Me får til dømes ikkje teknologiane i bruk utan at samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv hjelper oss å forstå teknologiane  i eit samfunnsperspektiv. Derfor har HumSam-faga ei viktig rolle, seier rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

– Dei mørke skyene me ser koma inn i 2022, er budsjettkutta. Dei vil få mykje å seia for oss, og dei gjer oss urolege. Utdanning og det regionale har det vore stort fokus på. Eg meiner at me, gitt denne pandemien, må sjå på den store verdien og behovet for kunnskap og forsking som beredskap. Me skal møta kriser også i framtida, og då gjeld det at Noreg held tritt med dei store nasjonane når det gjeld å investera i forsking, peikar Svein Stølen på og overlet resten av resonnementet rundt forsking til prorektor Åse Gornitzka.  

“Research is not an investment, but a testament”

– Den grunnleggjande forskinga er jo fundamentet for det me held på med på universitetet. Det vil også seia at me forvaltar ein verdi, og i og for seg er dette ikkje ei investering i den forstand. Me forvaltar grunnforskinga sin verdi i seg sjølv, og det kan på sikt bli ein instrumentell verdi. Det er kjerneoppgåva vår å ta vare på den arven. Ein av mine amerikanske kollegaer har sagt at “Research is not an investment, but a testament”.  Det er ei spissformulering, men samtidig eit godt argument for kvifor me har universitet, kvifor me har grunnleggjande forsking og kvifor me har akademisk fridom, understrekar ho.  

– Det er ein god lærdom

Svein Stølen viser til korleis Time Magazine har utropt dei fire forskarane som står bak mRNA-vaksinane til årets heltar i 2021. 

– Mange av dei møtte motgang, fekk ikkje pengar til forskinga, og nokre  måtte til og med byta jobb. No har dei stått på og lagt grunnlaget for dei vaksinane me har i dag. Det viser at det ikkje er politikarane, universitetsleiarar eller universitetsbyråkratane som kan bestemma kva som er nyttig forsking på litt lenger sikt. Om me ikkje hadde hatt desse folka som jobbar med det dei tenkjer er viktig med innsikt og dedikasjon  år etter år, trassa motgang, så hadde me altså ikkje kunna møta pandemien på den same gode måten. Det er ein god lærdom som heile samfunnet bør ta til seg, seier Stølen entusiastisk.   

– Me skal absolutt bruka norsk

Det siste halvåret har også vore prega av satsinga på Oslo Science City. Først med språkdirektør Åse Wetås som bad det om å skaffa seg eit norsk namn. Seinare kom lanseringa av moglegheitstudien, og då måtte styreleiar Svein Stølen forklara forslag om namneendringar på Forskningsparken stasjon til Oslo Science City stasjon og Majorstua til Gateway Oslo Science City. Og på UiO var Oslo Bærekraftsenter lagt inn i  Kjemibygningen, før det var formelt vedtatt av Universitetsstyret.  

Svein Stølen tar ikkje kritikken tungt.

– Ja, det var arkitektar som hadde stått bak denne moglegheitsstudien, og dei brukar eit språk som kanskje er litt annleis enn det språket me brukar. Oslo Science City synest eg for så vidt er eit godt namn, men me skal absolutt bruka norsk i utstrekt grad. Eg synest at veksthuset for livsvitskap som skal inn i Livsvitskapsbygget er eit viktig døme, og at me kallar det andre senteret for Senter for data og utrekningsvitskap med dScience i parantes, er nok både smart og riktig. Eg trur nok det me gjer i Oslo Science City som er å samspela meir med eksterne og meir internt er riktig og viktig, seier han. 

– Og eg synest saka de (Uniforum) hadde med dekanane var fin. Det er soleklart at det er utfordringar me skal passa oss for. Men det er også mange moglegheiter for gevinstar her. Dekanane var med rette opptekne av demokrati og inkludering. Men eg vil utfordra dei på andre område også. Forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap har viktige og sjølvstendige posisjonar  innan digitalisering, livsvitskap og klima også. Me får til dømes ikkje teknologiane i bruk utan at samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv hjelper oss å forstå teknologiane  i eit samfunnsperspektiv. Derfor har HumSam-faga ei viktig rolle, seier han. 

– Det er ikkje noko vedheng som må med for syns skuld

Prorektor Åse Gornitzka er einig og supplerer med eit nytt døme.

– Regulerering  av teknologien er viktig. Kan du snakka om kunstig intelligens utan å ta med dei rettslege implikasjonane og utforma gode lover og regelverk til å handtera den typen teknologi?  For meg er det utenkjeleg. 

– Så HumSam-miljø skal ikkje vera redda for at dei ikkje får spela ei viktig rolle også i satsinga på  livsvitskap?

– I dag er dei med i mange av dei konvergensmiljøa som eksisterer.  Me må arbeida for å jobba på tvers av heile universitetet kontinuerleg, og samtidig ta godt vare på disiplinfaga. Ikkje minst innanfor klima, miljø og berekraft er det mange ekstremt viktige  humsam-posisjonar, men også i livsvitskap. Absolutt, poengterer Svein Stølen.

– Og humaniora og samfunnsvitskapane  må vera heilt og fullt med når det gjeld å utforma problemstillingar. Så det er ikkje noko vedheng som må med for syns skuld, understrekar Gornitzka.  

Og Svein Stølen hadde fått gode tilbakemeldingar frå næringslivsleiarar på innhaldet i innovasjonsdistriktet Oslo Science City.

– Ja, dei var spesielt opptekne av temaet demokrati og ulikskap. Ja, det er noko me treng, fortalde dei meg. Me skal gå vidare og jobba med dette og passa på at det ikkje blir lagt nokre uheldige  bindingar på oss. Me må vita kva me er som eit universitet. Og det har me jaggu nok sjølvtillit til, er han heilag overtydd om. 

– Å vera eit stille universitet i den saka, ville ha vore uheldig

Både på Universitetet i Oslo,  i Uniforum og i nasjonale media har det vore debatt om utkastet til klima- og miljøstrategi for UiO.  Den helsar Åse Gornitzka og Svein Stølen velkommen.

UTENKJELEG: – Kan du snakka om kunstig intelligens utan å ta med dei rettslege implikasjonane og utforma gode lover og regelverk til å handtera den typen teknologi?  For meg er det utenkjeleg, seier prorektor Åse Gornitzka. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det har vore fint at det har vore ein debatt. Å vera eit stille universitet i den saka, ville ha vore uheldig. Eg synest at dei debattane som har vore i fleire omgangar, har vore positive for det aller meste, tenkjer eg, seier Gornitzka. Og Stølen er einig.

–Ja, eg synest det er interessant at me fekk store overskrifter i avisene på eit utkast. Det viser også at UiO er ganske viktig. Det blir lagt merke til når det er debattar hos oss. Først snakka dei om “koko” og Blekkulf, men etter at det reviderte forslaget blei lagt fram i Universitetsstyret har det vore merkeleg stille, har Stølen observert.  

– Eg trur forslaget blei bra, og no skal me jobba med tiltak. Det kan bli spennande, trur han.

– Jobbar hardt for at det skal vera høgt under taket

I sommar blei det klart at førsteamanuensis Anine Kierulf på Det juridiske fakultet skulle leia eit utval som skal sjå på situasjonen for den akademiske ytringsfridomen i Noreg.  Svein Stølen meiner det er ei viktig oppgåve.

– Eg synest det er svært viktig. Me jobbar hardt på UiO for at det skal vera høgt under taket her. Me har i den samanhengen vore opptekne av at akademisk ytringsfridom også må koplast til akademisk fridom.  For om du ikkje kan forska på ulike område, så har du ikkje så mykje å akademisk ytra deg om heller. Derfor må me passa oss for at me ikkje berre snakkar om det siste leddet, men også det første leddet, som er veldig viktig. Forskingsbasert kunnskap som så skal ytrast akademisk. Dette er eit arbeid som me heile tida må jobba hardt med for å røkta på Universitetet i Oslo, seier Stølen.

 – Dette går også rett inn i arbeidet som me held på med om forskingsintegritet. Det er ikkje alltid at akademisk fridom står like høgt i medvitet til avgjerdstakarane i samfunnet, skyt Gornitzka inn.

– Og derfor er det viktig at me tar til motmæle om me er ueinige med nokon og at me lærer studentane opp i det, understrekar Stølen.

I Trondheim har NTNU nettopp inngått forlik med førsteamanuensis Øyvind Eikrem på Institutt  for sosialt arbeid. Han risikerte å få sparken etter at han blei skulda for å ha kome med svært omdiskuterte ytringar på ei Facebook-side han angiveleg administrerer. 

UiO-rektor Svein Stølen vil ikkje svara på om det hadde vore mogleg med ei liknande sak på UiO.

– Nei, det handlar om NTNU. Her fokuserer me på UiO, er alt han vil seia om den saka. 

Fire fortener tittelen Årets akademikar 2021

Avisa Khrono har nyleg utropt Cecilie Hellesteit til Årets akademikar 2021 for å ha stilt spørsmål ved  den sterke auken i talet på utanlandske forskarar ved norske utdanningsinstitusjonar. Åse Gornitzka og Svein Stølen har for moro skuld plukka ut fire UiO-forskarar som dei meiner kan dela tittelen “Årets akademikar 2021.”

– Den første eg vil plukka ut er, Peter Maassen, for innsatsen han har gjort for å løfta fram eit samarbeid mellom Afrika og EU profesjonelt og institusjonelt. Arbeidet hans har fått eit stort gjennomslag i Brussel. Det er ein utruleg viktig jobb.  

– Og eg vil plukka ut Sofie Høgestøl, også fordi ho har vist at ein uredd akademikar og sterk formidlar, og ein rollemodell for korleis  ein kan takla utfordringar, noko ho har vist gjennom å fortelja om dysleksien sin, seier Åse Gornitzka.

– Jan Grue er den tredje me vil plukka ut. Han har sterke forskingsbidrag og har gitt ut ei sterk sakprosabok om tema som ikkje har vore så mykje ute i det offentlege tidlegare, seier ho.

– Og det dreg også linja vidare til UiOs menneskerettspris som i år gjekk til Jens Petter Gitlesen som kjempar for rettane til dei psykisk utviklingshemma, viser Stølen til før han avslører det siste namnet.

– Me må også trekkja fram Anne Spurkland og den innsatsen ho har gjort med å fortelja om koronapandemien både i bøker og i media. Derfor fekk ho då også UiOs formidlingspris for 2021.

– Alle dei fire står likt som Året akademikar 2021, konkluderer Stølen med.  

– Det er vanskeleg å setja sterke fagfolk opp mot kvarandre og kåra ein vinnar, legg han til.

No skal rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka ta seg juleferie.  

– Me seier tusen takk for innsatsen til studentane og dei tilsette.  Det er eit år som viser kor viktig det er med eit fellesskap, ikkje minst når delar av det fellesskapet er røva frå oss, seier prorektor Åse Gornitzka og rektor Svein Stølen. Det gjer dei  på vegner av seg sjølve og resten av rektoratet, viserektorane Per Morten Sandset, Bjørn Stensaker og Mette Halskov Hansen, og på vegner av  universitetsdirektør Arne Benjaminsen og assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen.

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. des. 2021 18:07 - Sist endra 8. feb. 2022 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere