Finn-Eirik Johansen var skeptisk til å gi ekstra støtte til odontologi

Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum og odontologi får 61,6 millionar kroner i koronakompensasjon i 2021. Styrerepresentant Finn-Eirik Johansen er kritisk til at odontologi får litt ekstra i støtte. 

Portrett av ein mann

SKEPTISK: Styrerepresentant Finn-Eirik Johansen var skeptisk til å gi ekstra støtte til odontologi. – For skuldast ikkje problema på odontologi også den vanskelege økonomiske situasjonen på fakultetet? spurte han i Universitetsstyret. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var I oktobermøtet i fjor Universitetsstyret  først sette av 46,276  millionar kroner i kompensasjon til musea og odontologi på grunn av bortfall av inntekter under koronapandemien. Summen skulle utgjera rundt 80 prosent av dei samla tapa.

 • Les også i Uniforum: 

UiO gir truleg 61,6 millionar i koronakompensasjon til odontologi og musea

Bad om auka sum til kompensasjon

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen bad Universitetsstyret i dag, tysdag 7. desember om å auka den summen med 11,6 millionar, slik at desse tre einingane får ein samla kompensasjon på 57,9 millionar kroner. Grunnen til det er at oppdaterte tal frå 2. tertial viser at inntektstapa har vore større enn det som gjekk fram av den første prognosen. Odontologi får i tillegg ei ekstra tildeling på 3,77 millionar kroner knytt til uføresette kostnader på grunn av covid-19.

På møtet i Universitetstyret i dag gav representant for dei vitskaplege tilsette, Finn-Eirik Johansen uttrykk for at han var litt skeptisk til å gi ei ekstra støtte til odontologi på 3,7 millionar kroner i tillegg til koronastøtta. 

– Det kan vera andre som også har lidd tap. Og eg lurer på kvifor odontologi får ekstra støtte, ville han ha svar på. 

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forklarte det med at det var budsjetterte inntekter som hadde falle bort. 

– Det er spesielt klinikkane ved Det odontologiske fakultetet det gjeld. Alle desse tre verksemdene er budsjetterte med både billettinntekter og klinikkinntekter, understreka han. 

Finn-Eirik Johansen tykte likevel det var urimeleg å gi støtte til odontologi  i høve til andre einingar som hadde slite økonomisk.

 – Det kan lett danna presedens ved å dekkja koronakompensasjon for odontologi. For skuldast ikkje problema på odontologi også den vanskelege økonomiske situasjonen på fakultetet? spurte han.

 – Ja, det skuldast det også, stadfesta universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

– Eit gjennomsnittleg fakultet eller institutt ville hatt større handlingsrom til å handtera det, slo Benjaminsen fast. 

Marianne Midthus Østby, representant for dei teknisk-administrative tilsette, trekte også fram at Kulturhistorisk museum også vil få framtidige planlagde inntektsstap på grunn av bortfall av billettinntekter under bygginga av nytt vikingtidsmuseum.

– Eg vil gjerne ha eit oversyn over inntektsstap framover, sa ho.  

Får pengar frå ein ekstra reservekonto

Planen blir dermed at utbetalingane til musea og odontologi skal skje ved å nytta 46,276 millionar kroner som allereie er sett av til inndekning av tap av inntekter.  Resten, 15,394 millionar kroner blir tatt frå potten som ber namnet UiO bank/fordelingsbalanse.

Både representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Ingrid Lossius Falkum og Marianne Midthus Østby etterlyste ei betre forklaring på kva UiO bank/fordelingsbase gjekk ut på. Dei meinte at det burde vera definert i sakspapira til Universitetsstyret.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen tok sjølvkritikk på det, og gav Universitetsstyret ei forklaring på ståande fot. 

– Dette er ein reserve som UiO har på bok gjennom å ha brukt mindre pengar eller tent meir pengar enn tidlegare budsjettert.  Det kan vera mindre energibruk enn tidlegare rekna ut, kanskje eit litt dårleg døme akkurat no, avbraut han seg sjølv med, - eller forteneste på valuta, sa han. 

– For oversynet si skuld hadde det vore fint å vita kor stor denne posten er, slik at me får større forståing for det me vedtar, sa Marianne Midthus Østby.

MÅTTE OPPKLARA UFORSTÅELEG POST: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen tok sjølvkritikk på at nemninga UiO bank/fordelingsbase ikkje var godt nok forklart i sakspapira til Universitetsstyret. Representant for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus Østby (i bakgrunnen) etterlyste også den samla summen på den potten. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 

Utan den ekstra tildelinga til odontologi hadde desse tre einingane rapportert om eit samla inntektstap på 72,5 millionar kroner for 2021. 80 prosent av dette blir altså dekt av UiO, og derfor bad universitetsdirektøren Universitetsstyret om å vedta forslaget om å løyva 57,9 millionar kroner. Den ekstra tildelinga til odontologi på 3,77 millionar skal dekkja utvida praksis for avgangsstudentar i 2021, ekstra bemanning for å  fylgja opp smitteverntiltak i klinikk, ekstrautgifter til smittevernutstyr og vask av arbeidstøy.

Universitetsstyret vedtok til slutt samsrøystes forslaget om å vedta ein koronakompensasjon på til saman 61,6 millionar kroner til Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum og Det odontologiske fakultetet for å dekkja inntektstap i 2021.  

Håpar 204 millionar i pensjonskutt blir retta opp i revidert

Universitetsstyret diskuterte også  universitetsdirektøren sitt framlegg til korleis UiO bør revidera 2022-budsjettet i samsvar med forslaget til statsbudsjett for 2022. Den største hovudpina der er kuttet på 204 millionar kroner på grunn av ein ny modell for innbetaling av premie for pensjon. 

Universitetsstyret blei  bede om å fordela kuttet til fakultet og andre einingar med grunnlag i den delen av lønnskostnadene deira som går til pensjon.

Det gjer størst utslag på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som kan få eit kutt på rundt 49,4 millionar kroner, medan det minste fakultetet, Det teologiske fakultetet, kan få eit kutt på 1,9 millionar. 

For å spara inn ytterlegare må UiO også redusera talet på studieplassar i opptaket for 2022. 

Forslaget til statsbudsjett for 2022 får også andre konsekvensar for UiO. Det gjeld kutt på inndekning av satsingar på 6,28 millionar kroner og reduksjon i reisevaner i staten på 10,9 millionar kroner. 

I tillegg kjem UiOs del av ei redusert løyving til sektoren, som samla utgjer eit kutt på 33,4 millionar, som etter planen skjer for at staten skal finna rom for andre prioriteringar. UiO sentralt vil ta seg av handteringa av desse kutta, går det fram av sakspapira.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trekte fram at så langt ser det ut til at ABE-kutta (avbyråkatisering-og effektiviseringsreforma)  blir ført vidare. Han viste også til at Forskingsrådet ikkje får ekstra pengar til Fellesløftet, noko som også vil gå utover framtidige forskingsprosjekt på UiO. 

– Når det gjeld budsjettkuttet på 204,013 millionar håpar me at dette er ein feill som gjer at me får tilbake desse pengane i revidert budsjett for 2022, forklarte administrasjonen i  Økonomiseksjonen til Universitetsstyret. 

– Meir krevjande

Ekstern representant Kristin Clemet trudde likevel det ville bli tøffare budsjetttider i framtida. 

– Det kan bli meir krevjande i åra som kjem.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trudde at det ville koma endringar i revidert statsbudsjett for 2022.

– Og då må me koma tilbake til Universitetsstyret når me får vita innhaldet i revidert budsjett, sa han.

Styrerepresentant Marianne Midthus Østby peika på at UiO har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå tidlegare.

– Eg vil gjerne vita om det fører til mindre aktivitet. 

Ho fekk eit klart svar frå rektor Svein Stølen.

– Dette er rammetal som må fylgjast opp. Og det er klart at det blir krevjande. Ikkje minst blir det ein krevjande konkurransesituasjon for UiO globalt, sa han, og brukte også konkurransen om EU-midlar som eit døme. 

Universitetsstyret vedtok til slutt samrøystes forslaget frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen: 

1.Universitetsstyret vedtar ein reduksjon i løyving på 204,013 mill. kroner fordelte på dei respektive einingane i samsvar med notatet som blei lagt fram med forslaget. .

2. Rektor vert gjeven fullmakt til å føreta reduksjon i talet på studieplassar i samsvar med forslaget i statsbudsjettet for 2022.

3. Rektor vert gjeven  fullmakt til å føreta endringar som fylge av Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til UiO for 2022 og andre mindre justeringar i fordelinga.

(Oppdatert klokka 20:12 med presisering av at Finn-Eirik Johansen var skeptisk til ekstra-støtta til odontologi som kom i tillegg til koronakompensasjonen)

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2021 14:01 - Sist endra 8. feb. 2022 10:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere