332 åtak på akademia i verda på eitt år

Det var 332 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar i 65 land mellom 1. september 2020 og 31. august 2021. Det viser rapporten «Free to Think 2021» som blei lansert av Scholars at Risk torsdag ettermiddag.

Fire demonstrantar parodierer politiet og dei militære i Myanmar

AKADEMIKARAR FORFYLGE: Etter kuppet i Myanmar i februar protesterte både studentar, akademikarar og andre for gjeninnføring av demokratiet og for gjeninnsetjing av  Aung San Suu Kyi som statsminister.  Politiet og dei militære slo hardt ned på protestane. Her parodierer demonstrantar politiet og dei militære. Myanmar er eit av 65 land der det har vore 332 åtak på akademia frå september 2020 til og med 31. august i år. 

Foto: Skjermdump frå internett/flickrhttps://www.flickr.com/photos/gop32000/50954614807/sizes/h/

«Free to Think 2021» er den sjuande rapporten Scholars at Risk har laga om forfylging av akademikarar og studentar i heile verda. Heile den akademiske verda var prega av covid-19-pandemien i den perioden rapporten dekkjer, så mange universitetstilsette og studentar måtte halda seg på heimeuniversiteta sine utan å kunna reisa til universitet i andre land. Mange protesterte mot måten styresmaktene handterte pandemien på og korleis dei reagerte på krisa i det offentlege helsevesenet. står det i rapporten. 

Blei drepne og fengsla

Oppsummeringa i rapporten viser at det til saman var 110 studentar og universitetstilsette som anten blei drepne, utsette for vald eller forsvann mellom 1.september 2020 og 31. august i år. 101 studentar og universitetstilsette blei fengsla, 34 blei forfylgde, medan 34 mista jobben sin. I tillegg var det seks stykke som blei utsette for reiserestriksjonar. Dessutan var det 47 andre tilfelle som ikkje fell inn i hovudkategoriane. Til saman var det altså 332 åtak på tilsette og studentar på høgare utdanningsinstitusjonar i 65 land i den perioden rapporten dekkjer.

Administrerande direktør Robert Quinn i Scholars at Risk konstaterer i ei melding  på nettsida til organisasjonen at åtaka på akademia held fram over heile verda. 

– Åtak på høgare utdanning er øydeleggjande for universitetstilsette, studentar og institusjonar i heile verda med konsekvensar som fører til både tap av liv og karrierar, slår han fast. 

 – Akkurat no er me inne i ein kritisk augneblink der stadig fleire afghanske universitetstilsette leitar etter trygge tilfluktsstader frå Taliban på grunn av den stadig aukande avgrensinga av ytringsrommet i Afghanistan. Samtidig prøver representantar i lovgjevande forsamlingar i meir opne samfunn, inkludert USA, å forsøkja å avgrensa kva det kan bli undervist om i auditoria. Free to Think viser fram nyansane og særtrekka i desse åtaka og krev ei løysing frå oss for å verna  akademisk fridom, høgare utdanning av høg kvalitet og sjølve demokratiet, understrekar Robert Quinn. I 2012 blei han tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris for innsatsen han har gjort for å verna forfylgde akademikarar i alle land gjennom organisasjonen "Scholars at Risk",  ein organisasjon han grunnla i 2001.

Åtak på alle kontinent

Scholars at Risk trekkjer fram Myanmar og Tyrkia som to av dei landa der studentar og akademikarar kravde eit sivilt styre og vern av grunnleggjande fridomar. I Afghanistan var det før Taliban overtok makta frå den sivile regjeringa, fleire åtak på universiteta og både universitetstilsette og studentar blei drepne.

Også i Nigeria har væpna grupper gått til dødelege åtak og raid på universitetsområde for å forsøkja å bortføra studentar og tilsette. I Myanmar brukte både politi og soldatar brutal makt for å undertrykkja studentar som protesterte mot militærkuppet den 1. februar og mot at universiteta blei tatt i bruk militært. I Brasil brukte riksadvokaten og ein høgsterettsdommar posisjonane sine til å slå ned på ein akademisk tale som kritiserte arbeidet deira. I India blei meir enn tolv universitetstilsette og studentar stilte for retten skulda for brot på antiterrorlovene i landet som ein fylgje av kritikk mot statsminister Narendra Modi og regjeringa hans, går det fram av rapporten.

I Hongkong frykta studentar og akademikarar trugsmålet om forfylging med grunnlag i den nasjonale tryggingslova som blei innført i Hongkong av fastlands-Kinas regjering.

Både i Bangladesh og i Kviterussland var det universitetsleiarar som i samarbeid med styresmaktene sparka ut studentar og tilsette for å ha uttrykt offentleg kritikk mot makthavarane. Samtidig har Kinas regjering brukt sanksjonar mot universitetstilsette og forskarar og institusjonar i EU, i Storbritannia og i USA som svar på forsking som ikkje fall i god jord hos dei kinesiske styresmaktene.

Kritiserer både Israel, Tyrkia og USA

Heller ikkje Israel slepp unna kritikk i Free to Think 2021 frå Scholars at Risk. Landet held framleis fram med ein politikk som avgrensar akademisk rørslefridom ut og inn av Dei palestinske områda, går det fram av rapporten. Desse handlingane set bremser på den frie flyten av idear over grensene som er grunnleggjande for utdanning av høg kvalitet og for å byggja opp global forståing og globalt samarbeid, heiter det i rapporten frå Scholars at Risk. Også inne på Dei palestinske områda har det vore åtak på, forfylgingar og arrestasjonar av studentar som deltok i protestar med krav om tilgang til utdanning, krav om eit demokratisk samfunn og krav om at dei som står bak tidlegare lovbrot blir stilte for retten. Det same er tilfellet i land som Pakistan, Zimbabwe, Sør-Afrika og Thailand.

Når det gjeld Tyrkia, trekkjer rapporten fram at landets president Recep Tayyip Erdogan utnemnde ein politisk alliert som ny rektor ved Bogazici-universitetet, noko som førte til fleire månader med protestar mot regjeringa sitt brot på det institusjonelle sjølvstyret.

Landet som reknar seg som den akademiske fridomen si høgborg, USA går heller ikkje fri for kritikk i denne rapporten. Det blir vist til at delstatsforsamlingar har forsøkt, og i nokre tilfelle lykkast med, å vedta lover som forbyr emne og tema som det er akademisk debatt rundt, i undervisningsromma. Eit døme på det er eit tema som kritisk raseteori, nemner rapporten.

Ber alle om å reagera mot åtaka

Scholars at Risk som arbeider for vern av forfylgde akademikarar og studentar over heile verda, oppfordrar no alle land, organisasjonar i høgare utdanning og det sivile samfunnet i heile verda til å reagera mot desse åtaka, til å ta avstand frå vald og tvang for å avgrensa undersøkingar og ytringar, og til å verna truga universitetstilsette, studentar og høgare utdanningsinstitusjonar. Dei må offentleg slå ring rundt retten deira til akademisk fridom og støtta prinsippet om at kritisk tale ikkje er illojalitet, at idear ikkje er brotsverk, og at alle må vera frie til å meina, stilla spørsmål ved og dela ideane sine, er utfordringa organisasjonen kjem med.

Dødsdømt svensk-iransk akademikar får pris frå Scholars at Risk

Ti år på oppdrag med å skaffa forfylgde akademikar vern i Noreg

 Biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan måtte flykta frå Jemen

Akademikarar og studentar er blitt målskiver i Jemen

Forfylgde forskarar meiner dei blir tatt godt vare på ved europeiske universitet

UiO-forskar Idil Eser risikerer 15 år i tyrkisk fengsel

Noreg støttar global avtale for akademisk fridom

Svein Stølen: – Me tar opp akademisk fridom med kinesiske styresmakter

Guri Melby: - Viktig at verdsopinionen engasjerer seg i demonstrasjonane i Hongkong

UiO-forskar Idil Eser risikerer 15 år i tyrkisk fengsel

Menneskerettsprisvinnar Isthar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

På flukt for å ha kjempa for akademisk fridom

Akademisk frihet i Kina: Ny lov forbyr "krenking"av martyrer"

Iselin Nybø: - Tok opp akademisk frihet i Kina

Ishtar Gözaydin blei frifunnen  i Tyrkia

– Akademisk fridom må med i listene over verdas beste universitet

 

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2021 05:00 - Sist endra 8. feb. 2022 10:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere