Fem glade vinnarar av "Våg å vite"-prisane på SV-fakultetet

– Eg synest det er kjempegøy å få pris for arbeidet eg har lagt ned, seier Benedicte N. Berntsen. Ho er ein av dei fem vinnarane av "Våg-å-vite"-prisane på SV-fakultetet.

Fem kvinner med kvar sin sjekk

PRISVINNARAR: Desse fem vann årets "Våg-å-vite"-prisar på SV-fakultetet.  F.v. Jenny Yang, Natalie Rolandsgard, Christine Kvamme Amengual, Sofie Gilbert og Benedicte N. Berntsen.

Kvart år deler Det samfunnsvitskaplege fakultetet ut "Våg å vite"-prisar til masterstudentar med dei mest banebrytande masteroppgåvene. Studentane skal gjennom masteroppgåvene sine ha utfordra etablerte sanningar i samfunnet.

 I år gjekk fire prisar til fem kvinner frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Psykologisk institutt, Senter for teknologi, innovasjon og kultur og frå Fred- og konfliktstudiet ved Institutt for statsvitskap. Kvar pris er på 10 000 kroner, og dei to som delte ein felles pris fekk 5000 kroner kvar. Prisane blei delte ut av dekan Anne Julie Semb og studiedekan Trine Waaktaar.

– Kjempegøy

Ei av dei fem prisvinnarane var Benedicte H. Berntsen frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. Ho fekk prisen for ei oppgåve har tittelen 'Nedenfra-og-opp' og 'ovenfra-og-ned':  Den handlar om sosial mobilitet og livskvalitet i Norge og inneheld  analysar av samanhengane mellom sosial mobilitet, sosiale relasjonar, subjektiv livskvalitet og psykososial helse.  

– Eg synest det er kjempegøy å få pris for arbeidet eg har lagt ned, seier ho til Uniforum.

Og jobb har ho allereie fått. 

– Ja, eg jobbar som vitskapleg assistent på eit forskingsprosjekt som er eit samarbeid mellom sosiologi på UiO og Politihøgskulen, fortel ho til Uniforum. 

Benedicte H. Berntsen trur heller ikkje det skal bli vanskeleg å få brukt opp dei 10 000 kronene. 

– Eg skal kanskje invitera gode venner på ein god middag, smiler ho. 

Skreiv felles masteroppgåve

Natalie Rolandsgard og Christine Kvamme Amengual har skrive ei felles masteroppgåve på Psykologisk institutt. Den har  tittelen: Alle jentene går rundt og sier at de er deprimerte”

Det er ein kvalitativ studie av korleis dei unge forstår det å vera open om psykiske problem. 

Nettbasert psykoterapi

Jenny Yang ved Senter for teknologi og innovasjon (TIK) får også pris for oppgåva som ho har kalla: "A Brave new world: How technology can transform access to mental health care." Oppgåva handlar om innføring av nettbasert psykoterapi. Yue Yu Yang drøftar utfordringane med å tilpassa og implementere ei slik teneste ved Lovisenberg sykehus,  står det i ei melding frå SV-fakultetet.  

Seksuell trakassering av demonstrantar

Den siste prisvinnaren er Sofie Gilbert. Ho har skrive om statlig seksuell trakassering av demonstrantar i Egypt. Oppgåva har tittelen "Correlates of Sexual Violence in Protest Spaces: Evidence from the Egyptian Revolution" Ifylgje juryen, som er sett saman av dekanatet på SV, analyserer oppgåva seksuell vald mot demonstrantar i Midan al-Tahrir i Kairo under den arabiske våren. Ho har funne ut at statlege aktørar  ofte har ei eigeninteresse i å hevda at slik vald er tilfeldig og opportunistisk. Denne oppgåva viser at ei slik framstilling ikkje er korrekt. skriv juryen. Den viser at seksuell vald i dette tilfellet ikkje er tilfeldig, men tvert om vert brukt strategisk. 

Underhaldninga under prisutdelinga var det studentkoret på Psykologisk institutt, Klin Kokos som stod for.  

 

Emneord: Priser, SV-fakultetet
Publisert 4. nov. 2021 22:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere