Toppforskingssenter i spesialpedagogikk opnar på UiO

I formiddag opnar kunnskapsminister Guri Melby Senter for spesialpedagogikk og inkludering på UiO.

MASSE PUBLISERING: Frå å vera eit nytt fakultet der ein publiserte sjeldan eller lite til det no blir publisert mykje internasjonalt og det gjer oss meir synlege, seier nestleiar Øistein Anmarkrud og leiar Monica Melby-Lervik i Senter for spesialpedagikk og inkludering ved UiO. 

Senter for spesialpedagogikk og inkludering (SpedAims) har eit budsjett på over 104 millionar kroner  over fem år og er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Nord Universitet, Universitetet i Bergen, og Universitetet i Agder.

UiO er vertskap og Monica Melby-Lervåg er leiar medan Øistein Anmarkrud er nestleiar. Begge held til i Det utdanningsvitskaplege fakultetet i Helga Engs hus og det er også  der senteret skal leiast frå. 

Klokka 12.00 i dag vert senteret opna offisielt av kunnskapsminister Guri Melby, men også barneombod Inga Beier Engh og representantar for dei samarbeidande universiteta vil vera på plass. 

Skal gi best mogleg tibod til barn med støttebehov 

Både Monica Melby-Lervåg og Øistein Anmarkrud er sikre på at senteret vil spela ei viktig rolle i arbeidet med finna fram til forskingsbaserte metodar for å gi best mogleg hjelp til barn som har behov for støtte i barnehagen eller skulen. 

– Mandatet for senteret er å heva kvaliteten på spesialpedagogisk forsking i Noreg. Fleire evalueringar har vist at spesialpedagogisk forsking har hatt utfordringar. Her på UiO har me i  ein lang periode jobba med å byggja opp kvaliteten på forskinga, og me har no også gjennom dette senteret slått oss saman med andre institusjonar, og det vil bidra endå meir til det, seier Monica Melby-Lervåg til Uniforum.  Nestleiar Øistein Anmarkrud ser fram til realiseringa av senteret. 

– Me har store ambisjonar

– Det blir veldig stort og svært viktig både for UiO, men også innanfor samfunnsvitskapleg forsking.  Så det er ein betydeleg  innsats. Og me har store ambisjonar.  Det me har tenkt å gjera er å svara på dei fire store spørsmåla i spesialpedagogikken. Kven har behov for spesialundervisning?,når bør dei få det?, kva bør den innehalda? og korleis skal den gjennomførast?, fortel han.

– Skal utvikla eit forskingsbasert støttesystem

Og leiar Monica Melby-Lervåg supplerer gjerne med litt fleire opplysningar. 

– Senteret skal bidra til å utvikla eit forskingsbasert støttesystem. Sjølvsagt kan ikkje forsking løysa alle problem og utfordringar som elevar med spesielle behov har i skule og barnehage, men me ynskjer å bidra til eit meir forskingsbasert støttesystem for dei elevane, fortel ho. 

– Må sikra at tiltaka er forskingsbaserte

Og det har ikkje alltid vore like lett å få det til tidlegare.

– Det har jo vore eit problem at veldig mykje av  spesialundervisning og støttetiltak som er gitt ikkje har vore forskingsbasert, men ofte vore litt anekdotisk fundert, og i altfor mange tilfelle, gitt av ufaglærte. For å heva kvaliteten på det tilbodet som blir gitt der ute, må me også heva kvaliteten på forskinga og sikra at tilbaka er forskingsbaserte,  seier Øistein Anmarkrud til Uniforum. 

Praksisnær forsking

– Mandatet vårt er å betra  forskingskvaliteten og det ønsker me å gjera gjennom praksisnær forsking av høg kvalitet. Spørsmål som gjeld kva typar opplæring som har best effekt på trivsel, motivasjon og læring, er  døme på praksisnære spørsmål som det er stor interesse for også internasjonalt seier Melby-Lervåg. Gjennom å gjera robuste undersøkingar  av slike spørsmål vil me kunna få ny kunnskap som kan bli brukt, men også publisert i svært gode tidsskrifter, noko  som er senterets målsetting. For å gjennomføra  desse undersøkingane  kjem senteret til å ha eit nært samarbeid med barnehagar og skular.

- Enorm utvikling i forsking

I Oslo skal senteret i stor grad engasjera postdoktorar i forskinga utanom dei faste vitskaplege tilsette. På dei andre universiteta skal det også lysast ut ein del doktorstipend øyremerkte til forskinga på senteret.

- Det har vore artig å ha vore her på  Det utdanningsvitskaplege fakultetet og sett den enorme utviklinga det har vore i forsking. Frå å vera eit nytt fakultet der ein publiserte sjeldan eller lite til det no blir publisert mykje internasjonalt og det gjer oss meir synlege. Det vil også senteret profittera på, seier Melby-Lervåg.  

Både nasjonalt og internasjonalt har senteret eit utstrekt samarbeid.

  – Me har mange internasjonale kontaktar og nokre av dei er med i det rådgjevande styret vårt. Og det er viktig for oss å vera synlege også internasjonalt når det gjeld forsking på barn med spesielle behov understrekar både  Anmarkrud og Melby-Lervåg.

Skal finna, idenitifisera og samanfatta forsking

Dei har også ein klar plan for kva senteret skal gjera i åra framover. Ei arbeidsgruppe skal til dømes  arbeida  med   systematiske forskingsoversyn, såkalla metadata-analysar og det å finna, identifisera og samanfatta forsking.

– Så har me ei gruppe som skal jobba med registerdata, som mor-barn-undersøkinga og kopla det opp mot statistikk frå skulesystemet for å sjå på risiko og vernefaktorer for å ha behov for ekstra støtte i skulen. Og så har ein studie der me skal fylgja 1200 barn frå dei er fire år og mange år framover. Her skal me også ha eit utval  med samiske barn, noko  som er ganske unikt i norsk samanheng. Det er ei gruppe barn som me ikkje veit så mykje om, når det gjeld temaet spesialpedagogikk, seier Anmarkrud. 

I tillegg skal dei også sjå nærare på barn som har vanskar med matematikk og skriving, og også følge barn med store samansette vanskar. Dessutan skal ei arbeidsgruppe også sjå på om det finst andre og betre metodar å organisera dagens spesialundervisning på.

Skal formidla forsking

Senteret kjem også til å fokusera spesielt på formidling av forsking. Både Øistein Anmarkrud og Monica Melby-Lervåg ser også fram til å få formidla funna ut til samfunnet.

– Meininga er å få ein litt meir populærvitskapleg vri på det, og det skal me gjera gjennom film, podkastar, sosiale media og ein nettportal for å formidla robust kunnskap.

Stor tru på SpedAims

Kunnskapsminister Guri Melby, som skal opna det nye senteret, er godt nøgd med at det no er ein realitet. 

– Eg har stor tru på at SpedAims vil levera viktig og relevant forsking av høg kvalitet- både solid grunnforsking og praksisnær forsking. Eg har forventningar til at senteret vil ha god kontakt med praksisfeltet, brukarane og alle aktørar som jobbar på feltet.
– Kva fylgjer får senteret for barn med spesielle behov og foreldra og lærarane deira. 

– SpedAims kan få stor betydning for barn, foreldre og lærarar. Per i dag har me for lite kunnskap om kva som kjenneteiknar inkluderande barnehagar og skular, og kva tiltak og tilrettelegging som virkar. Med forskinga frå SpedAims vil alle som jobbar med og rundt barna og elevane få betre føresetnadar for god tilrettelegging, er Guri Melby overtydd om. 

 

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, pedagogikk, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere