Forskingsrådsdirektør: – For lite satsing på forsking samanlikna med EU og USA

– Det er naudsynt med eit taktskifte for å nå klimamåla. Det taktskiftet har me absolutt ikkje fått.  Det seier administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet i ein kommentar til regjeringas forslag til statsbudsjett for 2022. 

Ei kvinne med rosa jakke og kvit skjorte står i Vandrehallen i Stortinget

IKKJE NØGD: Administrerande direktør Mari Sundli Tveit er svært misnøgd med budsjettforslaget regjeringa Solberg la fram i dag. – Konsekvensen er at me må lysa ut mindre pengar til forskarane, seier ho. 

Foto: Martin Toft

For første gong har Mari Sundli Tveit kommentert eit forslag til statsbudsjett etter at ho begynte i jobben som administrerande direktør for Forskingsrådet. Og ho er ikkje nådig med kritikken over det ho tykkjer er manglande satsing på naudsynt forsking i det siste budsjettframlegget frå den blågrøne regjeringa til Erna Solberg.  

– For det første treng me eit taktskifte i forsking og innovasjon for å få til den omstillinga Noreg står overfor. Det handlar om klimamåla, det handlar om den framtidige velferdsstaten og det handlar om dei 250 000 jobbane som må erstattast når me skal ut av olja. Det taktskfittet har me absolutt ikkje fått, slår ho fast overfor Uniforum i Vandrehallen i Stortinget i dag. Ho peikar på kva andre land gjer på det området:

– Sjå kva EU gjer, sjå kva Storbritannia gjer, sjå kva USA gjer. Me gjer det ikkje, konstaterer ho.

– 1,7 milliardar i eingongskutt

Mari Sundli Tveit er heller ikkje nøgd med løyvingane som er føreslått direkte til Forskingsrådet. 

– I løpet av dei siste fem åra har Forskingsrådet fått 1.7 milliardar kroner i eingongskutt. Opptrappingsplanen blir i år finansiert ved at ein omdisponerer også frå avsetjingane hos oss. Det blir endå stramare med tanke på dei forpliktingane me har til miljøa ute og til utlysingane våre.

I dag er tilslagsprosenten på FriPro-programma våre altfor låg, berre ti prosent i år. Den samla effekten av det er at avsetjingsnivået no er så lågt at me må setja på bremsa. Konsekvensen av det er at me må lysa ut mindre pengar, og dermed blir det mindre pengar til forskarane, fortel ho til Uniforum.

Kutt i drifta

Ho viser til at det er ingenting til Fellesløftet og at budsjettforslaget er svakt på grunnforsking, samtidig som det blir eit kutt i drifta til Forskingsrådet.  

– Det er på 35 milllionar kroner og går ut over vår evne til å delta i den samla omstillinga. Det er ikkje bra, meiner ho.

No lit ho på at ei ny regjering vil gjera  naudsynte endringar. 

– Me har vore svært tydelege på det også i innspela våre til Langtidsplanen. Den viktigaste oppgåva no for ei ny regjering er å leggja grunnlaget for den omstillinga. Og korleis gjer ein del? Jo, ved å satsa på forsking og innovasjon slik andre land har skjønt,  seier ei svært engasjert Mari Sundli Tveit til Uniforum i Vandehallen i Stortinget. 

– Ueinig

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim slår tilbake mot kritikken frå administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet om at Noreg er ei sinke i forskingsatsinga si samanlikna med EU, Storbritannia og USA.

– Det er eg ueinig i. Det ser du på budsjetta som me har samanlikna med andre land. Men det ser du også av det faktum at me deltar i det europeiske forskingssamarbeidet der Noreg går i front på mange viktige område, ikkje minst på det grøne skiftet, seier han til Uniforum.

– Veldig stolt

Samtidig forstår Henrik Asheim at Forskingsrådet gjerne vil ha meir. 

– Eg har stor respekt for at Forskingsrådet alltid vil ha meir pengar til forsking. Men eg er veldig stolt over at regjeringa i det sjuande budsjettet på rad let 1 prosent av bruttonasjonalproduktet gå til forsking. Eg er også stolt over at me no deltar i Horisont Europa og gjer mange viktige grep. Og så  fylgjer me opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, seier Henrik Asheim i ein kommentar til Uniforum. 

Sjølv er han svært nøgd med det siste budsjettet han og regjeringa legg fram før dei går av. 

– Ja, og det blir spennande å sjå kva den nye regjeringa prioriterer. Eg håpar at den tar vare på  nokre av satsingane våre, seier Henrik Asheim til Uniforum. 

– Verkar til dels positivt

Rektor Curt Rice på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) er så langt mellomnøgd med budsjettforslaget frå regjeringa.

– Det er jo ein del ting ein kan sjå positivt på. Til dømes er det mykje snakk om berekraft og miljø. På NMBU er me ekstremt opptekne av det, men eg må gå inn i tala for å sjå meir på moglegheitene der, seier Curt Rice til Uniforum. Han har også merka seg oppfylginga av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. 

UROLEG: – Det som uroar meg mest er om fokuset på miljø og klima er sterkt nok, seier NMBU-rektor Curt Rice. (Foto: Martin Toft)

 – Det verkar til dels positivt. Eg får melding om at dei kuttar ein del i reisekostnader. Dei tenkjer vel at me har reist så lite at om dei kan henta inn litt av det på toppen av ABE-en, så gjer dei det. Det må eg nok sjå nærmare på, konkluderer han med. 

– Urolege for at det ikkje er nok til klima og miljø

Curt Rice er også ganske kritisk til nokre av punkta i budsjettframlegget. 

– Det som uroar meg mest er om fokuset på miljø og klima er sterkt nok. FN har gått ut og sagt at me er på kode raud. Spørsmålet er om Noreg klarer å svara på det. På NMBU der me har stor fokus på berekraft, er me urolege for at det ikkje er nok, seier han til Uniforum. 

– Treng investeringar

Etter at Curt Rice skifta arbeidsplass frå OsloMet til NMBU har han også fått andre ting å uroa seg over. 

– Det er forvaltninga av bygningar. Det kostar veldig mykje pengar og ikkje berre på vegner av NMBU, men på vegner av nasjonen Noreg har me eit heilt utruleg vakkert campus som treng investeringar. Den dialogen må me halda fram med og få regjeringa til å skjøna omfanget av, understrekar ein djupt bekymra Curt Rice.  

Får etterlengta studieplassar

Etter at Curt Rice blei tilsett som rektor ved NMBU, overtok prorektor Nina Waaler som fungerande rektor ved OsloMet.  I det store og det heile er ho ganske nøgd med innhaldet i budsjettforslaget.  

ETTERLENGTA: - Me får nye studieplassar i master i barnevern. Det er etterlengta, seier Nina Waaler, fungerande rektor ved OsloMet. (Foto: Martin Toft)

– Så langt eg kjenner det, så er det positivt. Me får nye studieplassar i master i barnevern. Det er etterlengta, så det er me svært glade for, seier Nina Waaler som også var blant rektorane som tok turen til Vandrehallen i Stortinget i formiddag. 

– Spent på ABE-kuttet

Det er likevel ein viktig ting ho ynskjer å vita meir om.

– Og så er eg veldig spent på ABE-kuttet, me har fått signal på at det no er på 0,5. Det er litt lågare enn det me har budsjettert med, så me kryssar fingrane for det, seier ho til Uniforum.

Det er likevel ting i budsjettet ho vil be ei ny regjering om å endra på. 

– Budsjettet er ikkje sånn som Forskingsrådet ynskjer det, og det synest eg er svært leit. Viss det er noko det må satsast på, er det auka forskingsaktivitet, seier ho. 

• Les alle dagens budsjettsaker i Uniforum: 

UiO-rektor gler seg over 1,3 milliardar til Livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseum

Regjeringa vil gjera det enklare å ta utdanning

Studentene ber Jonas rydde opp

Regjeringen vil gi mer penger til Livsvitskapsbygningen og Vikingtidsmuseet

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2021 17:34 - Sist endra 14. okt. 2021 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere