Dette er den nye forskings- og høgare utdanningsministeren

No er det heilt klart, Noregs nye forskings- og høgare utdanningsminister heiter Ola Borten Moe og er første nestleiar i Senterpartiet. Og i ettermiddag flytta han inn på statsrådskontoret i Kunnskaps-departementet. 

Masse folk står på ein plass

MIDTPUNKTET: Den nye forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe (Sp) tok imot masse gratulasjonar etter statsråd i dag klokka 12.15. 

Foto: Martin Toft

Klokka 12.15  i dag kom Ola Borten Moe (45)  ut frå statsråd hos Kongen saman med resten av Jonas Gahr Støres regjering. Dermed overtar Senterpartipolitikaren etter Høgremannen Henrik Asheim. 

Ola Borten Moe har tidlegare vore olje- og energiminister i Jens Stoltenbergs andre og siste regjering.  Den gongen var også SV med i regjeringskoalisjonen, men denne gongen er det berre Senterpartiet som er med på laget til Arbeidarpartiet. 

Varm velkomst i Kunnskapsdepartementet

Klokka 15.00 i ettermiddag kom Ola Borten Moe med ein svart regjeringsbil til Kunnskapsdepartementet i Kirkegata. Der blei han først møtt med ein varm velkomst og applaus frå alle dei tilsette i avdelingane for forsking og høgare utdanning som stod og venta på han i kantina i 1. etasje.  Deretter gjekk turen opp fleire etasjar til statsrådkontoret. Der stod avgått forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og tok imot han. 

TAKKAR:  Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe takkar forgjengaren sin i statsrådsstolen, Henrik Asheim for jobben han har gjort. (Foto: Martin Toft)

 

Vil verna akademisk fridom

Etter utveksling av hyggelege helsingar, forlet Henrik Asheim kontoret og overlet heile scena til den nye statsråden og pressekorpset. Dei første spørsmåla han fekk frå journalistane var om utdanningsinstitusjonane no kan venta seg meir politisk styring enn tidlegare.

– I regjeringsplattforma understrekar me behovet for å verna om akademisk fridom. Det går også fram at det er viktig at det er eit godt utdanningstilbod over heile landet. Me er spesifikke på Nesna, og det er ein pågåande dynamikk med prosessar mellom regjeringa, departementet og ulike institusjonar, understreka han.

– Folk bur over heile Noreg

Han avviste at med Senterpartiet i regjering ville det bli viktigare kvar ei utdanning er enn innhaldet i den.

– Det er ikkje nødvendigvis ei motsetning. Folk bur over heile Noreg. Folk skal ha kunnskap, og det skal vera arbeidsplassar og aktivitetar i heile Noreg som etterspør den kompetansen og teknologien som denne sektoren produserer. Det skulle derfor berre mangla at det ikkje er utdanningsinstitusjonar på plass i heile Noreg, slo han fast.  

Når det galdt framtida til Høgskulen på Nesna, så peika han på at det skulle bli ei sjølvstendig utdanning, men han ville ikkje svara på om den skulle leggjast under NTNU, Nord Universitet eller Universitetet i Tromsø. 

– Begynte ikkje å kjøra bil fordi me slo i hel alle hestane

Uniforum ville gjerne vita korleis det vil bli for han frå tidlegare å ha site i ein posisjon som olje- og energiminister og så bli minister for ein sektor som arbeider for å finna nye alternativ til oljeindustrien.

– Eg trur det blir veldig bra. Eg er av dei som trur at olje og gass blir erstatta fordi me har funne på noko anna, og dei løysingane vil liggja innanfor forskings- og utviklingsfeltet. Med andre ord, så begynte me ikkje å kjøra bil fordi me slo i hel alle hestane. Det var fordi me fann opp bilen, ikkje sant? Det er utfyllande og bra. Så trur eg det er ei fornuftig forvaltning av dei rike naturressursane våre over tid,. Det er også det som gir oss høvet til å ei så vidt offensiv satsing både på universitets- og høgskulesektoren og i heile forskingsfeltet på eit alminneleg plan. Det produserer verdiar som me igjen som samfunn kan omsetja vidare,  svara forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

– Viktig å ta vare på norsk som eit akademisk språk

Han heldt fast på lovnaden om at avbyråkratiserings- og effektiviseringskutta skal erstattast av ei tillitsreform.  Samtidig kom han også med eit sterkt forsvar for bruk av norsk i akademia. 

– Universitetet i Oslo er jo ein grunnstein i nasjonsbyggingprosjektet Noreg, og har alltid vore det. Det har ikkje vore eit prosjekt som har vore inneslutta. Dette har alltid vore ein open sektor som har vore open mot verda, og det skal me halda fram med å vera. Det er viktig å ta vare på det norske språket, også som eit akademisk språk. Det er eit problem om det skulle forsvinna heilt ut eller bli minimert. Som folk har me felles interesse av at det også blir snakka norsk, blir undervist på norsk og at det blir skrive doktorgradar på norsk i Noreg. Det vil ikkje seia at me ikkje også skal bruka andre språk, men det må vera ein balanse, sa Ola Borten Moe.  

Og før pressekonferansen var over, blei han oppfordra av alle journalistane til å prøvesitja statsrådstolen. Og den reiste han seg ikkje frå, før alle journalistane var ute av statsrådskontoret. 

I STATSRÅDSSTOLEN: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har sete seg ned i statsrådsstolen for første gong. (Foto: Martin Toft)

 

Av det som går fram av regjeringserklæringa, er truleg avgjerda om å skrota ABE-reforma det som vekkjer størst glede i universitets- og høgskulesektoren. Det slo Arbeidarpartiets nestleiar Hadja Tadik fast i ein epost til  NTB tidlegare denne veka. 

– Den såkalla ABE-reforma er den mest ineffektive måten å drive effektivisering på. Når vi avbyråkratiserer, vil vi ikkje bruke reine ostehøvelkutt i heile offentleg forvaltning, slik Høgre har gjort, gjorde Hadja Tadik klart. No blir ho ny arbeids- og integreringsminister.  

(Oppdatert klokka 18.08 med statsrådbyte i Kunnskapsdepartementet og med felles intervju med Ola Borten Moe) 

TALTE TIL FOLKET: Statsminister Jonas Gahr Støre talte til dei frammøtte på Slottsplassen etter sitt første statsråd hos Kongen som leiar av ei regjering. (Foto: Martin Toft) 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2021 14:05 - Sist endra 22. okt. 2021 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere