Dei får prisen som Årets hjernehelsejournalist

Ansvarleg redaktør Trine Nickelsen og journalist Yngve Vogt i Apollon deler prisen som Årets hjernehelsejournalist 2021. Dei får prisen for temabehandlinga om demens i siste nummer av forskingsmagasinet.

Ein mann og ei kvinne står på huk med eit Apollonstativ i mellom seg

GLADE PRISVINNARAR: Journalist Yngve Vogt og ansvarleg redaktør Trine Nickelsen i Apollon gler seg over å få prisen Årets hjernehelsejournalist 2021. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er Hjernerådet som gir ut denne prisen til journalistar som lyftar fram hjernen og hjernehelse i media. Dei to får prisen for den breie temabehandlinga om hjernesjukdomen demens i årets tredje utgåve av forskingsmagasinet Apollon, som blir gitt ut av Universitetet i Oslo. 

Solid kunnskap på eit lettfatteleg måte

I grunngjevinga står det at journalistane Trine Nickelsen og Yngve Vogt har skrive temartiklar som gir solid kunnskap på ein lettfatteleg måte til eit breitt publikum. “I intervjuer med en rekke forskere skriver de to journalistene om hva demens er, hvordan sykdommen kan utredes i fremtiden ved bruk av kunstig intelligens, arv og miljø, hvordan trening og melkesyre kan virke på demensutviklingen med meir,” skriv juryen.

– Hyggeleg, inspirerande og overraskande

Apollon-redaktør Trine Nickelsen er svært glad for å få tildelt denne prisen.

– Det var hyggeleg, inspirerande og overraskande, seier ho til Uniforum.

For henne er denne prisen ei anerkjenning av Apollon.

– Det er bra for Apollon og for heile UiO, synest ho. 

Trine Nickelsen trur dei trefte noko folk er svært opptatt av, då dei valde å laga eit temanummer om demens. 

– Me har aldri fått stor merksemd for ei utgåve som me har fått for denne utgåva av Apollon. Og me har aldri fått så mange nye abonnentar. Eg vil gi æra til journalist Yngve Vogt og til alle dei andre i redaksjonen, fortel ho.

– Har høve til å gå rett til kjeldene

Trine Nickelsen trur magasinet har ein stor fordel framfor mange andre tidsskrift og aviser.

– Mange publikasjonar skriv om demens, men me i Apollon har høve til å gå rett til kjeldene,  altså dei forskarane som utforskar sjukdomen og prøver å leita etter ein medisin mot den, seier ho.

– Gjer at Apollon blir sett

Journalist Yngve Vogt er også svært nøgd med å dela prisen som Årets hjernehelsejournalist med redaktør Trine Nickelsen.

– Det var både overraskande og veldig hyggeleg å få den prisen til oss i Apollon. Det gjer at Apollon blir sett, trur han.

Og han legg til: – Dette inspirerer oss til å skriva enda meir om hjerneforskinga ved UiO. Og så håpar eg at prisen fører til me får enda fleire tips, seier han med eit smil.

Prisen som Årets hjernehelsejournalist 2021 vert delt ut til Trine Nickelsen og Yngve Vogt i Det Norske Teatret måndag 25. oktober klokka 14.00. Prisutdelar er stortingsrepresentant Tellef Inge Mørland.

Hjernerådet er ein paraplyorganisasjon med 65 medlemsorganisasjonar frå det norske hjernemiljøet, både brukarorganisasjonar og fagmiljø og fagorganisasjonar.

 

Emneord: Priser, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2021 19:06 - Sist endra 20. okt. 2021 13:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere