Fysikar ber UiO sørgja for gjenbruk av vitskapleg utstyr

Ikkje alt vitskapleg utstyr går ut på dato, sjølv om forskaren som har brukt det går av med pensjon. Det ber fysikaren Arnt Inge Vistnes UiO om å gjera noko med.

Ein mann med blå skjorte står på kne i eit laboratorium og viser fram eit spektrometer

FULLT BRUKBART: Fysikaren Arnt Inge Vistnes viser fram fullt brukbart  utstyr for væskekromatografi som andre forskarar kan overta når han gir seg.  

Foto: Martin Toft

I underetasjen i Kjemibygningen held den 72 år gamle, men framleis aktive fysikaren Arnt Inge Vistnes til. Rommet han held til i, er smekkfullt av vitskapleg utstyr, både heilt nytt og hauggammalt. Mykje av det kan framleis brukast, medan noko truleg bør kasserast. Noko av det er så historisk interessant at det kan henda det hamnar på Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV).  Mykje av det eldste vitskaplege utstyret  i laboratoriet har Arnt Inge Vistnes fått i arv frå professorar som for lengst har gått av med pensjon. 

Dette rommet er laboratoriet i kvanteoptikk som Arnt Inge Vistnes bygde opp på Fysisk institutt i 2006.

Vitskapleg utstyr for ein million kroner

No har Fysisk institutt gitt Vistnes beskjed om at det store optiske bordet og all den generelle moderne optikken skal brukast i undervisninga på nyåret.  Derfor må den delen av laboratoriet vera rydda om ein månad.

Resten av laboratoriet trur han ikkje det er realistisk å rydda før nyttår.

 – Der er det mykje anna utstyr  som kan brukast av andre forskarar både på UiO, andre norske universitet eller på utanlandske universitet. For meg og for forskarsamfunnet vil det vera ei mykje betre løysing om andre forskarar kan nytta utstyret enn å kasta det, seier han til Uniforum.

Sjølv kalkulerer han med at det  vitskaplege utstyret i laboratoriet har ein verdi på over ein million kroner.  

– Derfor etterlyser eg ein universitetsmarknad på UiO,  eller nasjonalt, der fullt brukbart vitskapleg utstyr kunne bli gitt bort gratis eller selt for ein billeg penge til forskarar på andre institutt eller universitet, føreslår han.

No må han heilt på eiga hand forsøka å finna fram til miljø på UiO eller på andre universitet som kan vera interesserte i å overta fullt brukbart utstyr som elles risikerer å gå i søpla. 

Utstyr som ikkje lenger eignar seg for forsking, men som kan ha ein viss verdi for andre folk, vil han leggja ut på finn.no. 

– Det gjeld til dømes fire akvarium, og så kan dei første som melder seg få kvart sitt heilt gratis, smiler han.  Så viser han Uniforum kroken der han har stabla akvaria opp på kvarandre.

– Dei har me nytta til forsking der me har brukt zebrafiskar, fortel han.

Svært spesialisert utstyr

Men mesteparten av utstyret han viser fram, er ikkje noko som folk flest kan bruka. Derimot er det svært spesialisert utstyr for måling av væske, lys og elektroniske bylgjer. På lista over utstyr ramsar han opp vassbad, væskekromotografi og viskiometer. I laboratoriet er det også svært spesialisert utstyr som til dømes ein laseroscillator som gir laserpulsar som berre er 50 sekundmeter lange. Ein spektrograf er også  blant tinga som finst i laboratoriet.

– Eg sjølv har forska på lys, elektromagnetiske bylgjer og magnetisk resonans, fortel han.

– Eg har overtatt eit gammal optisk bord for vitskaplege forsøk frå Torger Holtsmark og laboratoriet til Alf Lofthus. Eg ynskjer ingen andre får den børa eg har hatt med å ta imot og ta vare på utstyret frå forgjengarane mine. Det er grunnen til at eg ber UiO, fakultetet og instituttet ta i eit tak for at det skal vera mogleg å gjenbruka det mest moderne vitskaplege utstyret. Grunnen til at det ikkje skjer, er at me ikkje tenkjer over det før det er for seint, trur han.  

MÅ RYDDA I LABORATORIET: Fysikaren Arnt Inge Vistnes må rydda vekk verdifullt vitskapleg utstyr frå laboratoriet i kvanteoptikk som han bygde opp på Fysisk insttitutt i 2006. No etterlyser han eit apparat på UiO og nasjonalt som kan tilby fullt brukbart vitskapleg utstyr til andre forskarar. (Foto: Martin Toft)

Arnt Inge Vistnes undrar seg på om ikkje det er nokon som også kunne ha interesse av å overta den førre generasjonen av optikk som han har ståande.

– Det ville vera fælt å kasta dette i søpla. Kanskje kunne nokre vidaregåande skular ha glede av det? Eller moglegvis nokre vitensenter eller ein eigen studentlab på UiO der studentane sjølve kunne utføra eksperiment på gøy eller fordi dei vil forsøka å forstå fysikken betre?  Eg har lenge jobba for at UO skal få ein slik moglegheit, men me har så langt ikkje fått etablert eit slikt tilbod, seier han.

Arnt Inge Vistnes trur det er mogleg å få det vitskaplege utstyret han har i laboratoriet sitt inn i ein sirkulær økonomi. Som eit døme viser han til kva Statsbygg gjorde då Veterinærhøgskulen flytta til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.

– Då stod det masse flott vitskapleg utstyr igjen i bygningane på Adamstua. Statsbygg laga då eit system som gjorde at andre forskarar kunne få utstyr for ein billeg penge. Eg meiner at universiteta burde kunne ta på seg ei slik oppgåve, seier Arnt Inge Vistnes. 

– Udelt positivt

Uniforum har presentert forslaget frå Arnt Inge Vistnes for instituttleiar Susanne Friederike Viefers på Fysisk institutt. Ho synest det er ein god tanke.

– Eg tenkjer at gjenbruk av fullt brukbart vitskapleg utstyr må vera udelt positivt. No går jo den teknologiske utviklinga fort også på denne fronten, så ein del avansert utstyr blir utdatert i løpet av nokre år om det skal være konkurransedyktig på forskingsfronten. Men eit alternativ/supplement til å gjenbruka utstyr i forskingslaboratorium kan då vera å oppgradera studentlaboratorium og dermed moderniserea undervisninga, er svaret ho kjem med til Uniforum.

 

STØTTAR FORSLAG: Instituttleiar Susanne Friederike Viefers på Fysisk institutt støttar forslaget frå fysikaren Arnt Inge Vistnes om å finna ein måte å selja eller å gi vekk fullt brukbart vitskapleg utstyr på. (Foto: UIO)

Susanne Friederike Viefers kjenner ikkje til at dette er gjort systematisk på Fysisk institutt tidlegare. Ho trur dette i stor grad skuldast at laboratoria sjeldan  "tilhøyrer" ein person. Dermed vidarefører fagmiljøet normalt laben, sjølv om ein av dei tilsette sluttar. Viefers peikar også på at i den grad utstyr har vore kjøpt eller selt vidare, så har fagmiljøa styrt dette.  

– Me har også opplevd at ein tilsett har slutta og etterlate seg utstyr som var moderne, men så spesialisert at det rett og slett blei vurdert som umogleg å selja vidare sjølv internasjonalt, fortel ho.

Instituttleiar Susanne Friederike Viefers rosar initiativet til Arnt Inge Vistnes.

– Me set stor pris på at Arnt Inge Vistnes har fokus på dette og har tatt initiativ til å få gjenbrukt mest mogleg av utstyret når han no legg ned laben sin. Instituttleiinga har hatt god dialog med Arnt Inge om dette det siste året, og det er bestemt at ein god del av utstyret skal brukast til å gi vår undervisningslab på bachelornivå eit kraftig løft slik at studentane kan møta topp moderne eksperimentalfysikk tidleg i studieløpet. Når det gjeld resten, er planen å snakka med aktuelle forskingsmiljø og høyra kva som kan vera av interesse, understrekar ho overfor Uniforum.

Føreslår ein vitskapeleg «Finn.no»

Susanne Friederike Viefers kjem også sjølv med ein idé om korleis det vil vera mogleg å gi bort eller selja vitskapleg utstyr.

– For å gjera noko meir systematisk kunne ein kanskje tenkja seg å oppretta ei nettside, eit slags «Finn.no» for vitskapleg utstyr som kan vera av interesse for andre brukarar. Det kan vera ein kombinasjon av ting som vert gitt bort og ting instituttet kan selja vidare, føresett at det lønnar seg med tanke på eventuell frakt. Dette er førebels ikkje diskutert hos oss og må i så fall avstemmast med dei eksperimentelle forskingsgruppene og mekanismane dei sjølve måtte ha for gjenbruk gjennom sine faglege nettverk, framhevar ho.

Også Viefers trekkjer fram samarbeidet med Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV).

– Når det gjeld å ta vare på gamalt utstyr av historisk interesse, så har instituttet eit aktivt samarbeid med avdeling for Museum for universitets- og vitskapshistorie ved Kulturhistorisk museum. Me har ei stor samling som MUV jobbar med å kartleggja og stilla ut i passande lokale på instituttet, fortel Susanne Friederike Viefers.

Uniforum har også vore i kontakt med Bjørn Jamtveit som er prodekan for forsking på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I ein epost gir han uttrykk for at han støttar synspunkta til instituttleiar Susanne Friederike Viefers på Fysisk institutt.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskning, Arbeidsforhold, Fysikk Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2021 14:51 - Sist endra 8. okt. 2021 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere