Ingrid Sogner blir ny forskings- og innovasjonsdirektør ved UiO

Ingrid Sogner er tilsett som ny forskings- og innovasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo. Det bestemte Universitetsstyret i dag. 

NY DIREKTØR: Universitetsstyret har i dag tilsett Ingrid Sogner som ny forskings- og innovasjonsdirektør (Arkivfoto)

Foto: UiO

Det var til saman 18 søkjarar til den ledige stillinga som forsknings- og innovasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo etter  Kristel Marie Jæger Skorge som i januar blei tilsett som ny direktør for Kunsthøgskulen i Oslo. No er altså Ingrid Sogner tilsett som ny forskings- og innovasjonsdirektør ved UiO. 

Ingrid Sogner har fungert som avdelingsdirektør for forsking og innovasjon, sidan Skorge slutta i jobben. Ho var også  mellom  dei offentleg kjende søkjarane. 

Også Johannes Elgvin som no leier seksjon for forsking og kommunikasjon på Det samfunnsvitskaplege fakultetet, var mellom søkjarane til stillinga. Det var også seniorrådgjevar Gunnar Dick, prosjektkoordinator for fagleg utvikling av Livsvitskapsbygget i universitetsdirektørens stab og Torstein Lindstad, som no er avdelingsdirektør i Klima- og miljødepartementet. 

To av søkjarane, ei kvinne og ein mann, var mellom dei som  ikkje ville ha namna sine offentleggjorde. 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2021 14:44 - Sist endra 8. sep. 2021 16:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere