Studentar skal få betre organiserte praksistilbod i studia
No har partane i arbeidslivet, dei frivillige organisasjonane, Universitets- og høgskulerådet og Kunnskapsdepartementet underskrive ein avtale om arbeidslivsrelevvans. Målet er å få til betre samanheng mellom det studentane lærer og det som skjer i arbeidslivet.

"MISMATCH": – Samtidig ser me, noko også Kompetansebehovutvalet viste, at det er ein "mismatch" i undervisninga som kanskje ikkje er studentaktiv nok, og som heller ikkje er kopla nok opp til korleis arbeidslivet fungerer, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. I dag markerte han internsjonsavtalen om arbeidslivsrelevans mellom partane i arbeidslivet, Universitets- og høgskulesektorane, dei frivillige organisasjonane og Kunnskapsdepartementet.
Det var i vår regjeringa la fram Utdanning for omstilling — Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning. Eitt av tiltaka i meldinga for å styrkja kvaliteten og arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning var å laga ein intensjonsavtale om tettare samarbeid. Det er den avtalen som no er underskriven av Universitets- og høgskulerådet (UHR), LO, NHO, Akademikarane, Unio, YS, Virke, Spekter, Vaksenopplæringsforbundet (VOFO), KS og Kunnskapsdepartementet.
Avtalen varer i fire år, men skal vurderast grundig etter to år, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Markerte avtalen med marsipankake
Intensjonsavtalen blei feira i Georgs Sverdrups hus på Blindern i formiddag med talar av prorektor Åse Gornitzka på UiO og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, men også med vitnemål frå studentar som hadde skaffa seg jobbar gjennom praksisopphald både på og utanfor Universitetet i Oslo.
Signaturane frå leiararane for arbeidstakar-, og arbeidsgjevarorganisasjonane, dei frivillige organisasjonane og Universitets- og høgskulerådet stod side om side med signaturen til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim på marsipankaka som markerte avtalen.

Lovar tøff opposisjonspolitikk
Det var ein svært nøgd statsråd Uniforum møtte etter at seremonien var over. Og han såg lyst på sine eigne framtidsutsikter på arbeidsmarknaden sjølv om han snart må gå av frå den jobben han har i dag.
– Me lever heldigvis i eit inkluderande samfunn, så veljarane i Akershus viste meg tillit og sa at eg kunne sitja på Stortinget i fire nye år. Det er eg veldig glad for, seier han med eit breitt smil.
– Derifrå skal eg driva ein tøff opposisjonspolitikk, lovar han.
Henrik Asheim synest avtalen om arbeidslivsrelevans er svært viktig.
– Ja, den forpliktar partane i arbeidslivet, dei friivillige organisasjonane og universiteta og høgskulane til å samarbeida meir om korleis det skal gjerast. Det skjer mykje bra, men det skjer kanskje ikkje systematisk nok, trur han.
No overlet han stafettpinnen vidare til etterfylgjaren sin som må fylgja opp avtalen.
– Etter kvart må ein annan statsråd fylgja dette opp i kompetansepolitisk råd der ein snakkar mykje om desse spørsmåla og sørgjer for at det skjer noko, er rådet frå Henrik Asheim.
– Dei fleste får relevante jobbar
– Er det mange studentar som tar ei utdanning og oppdagar at ingen vil ha dei når dei er ferdige?
– Nei, alt tyder på at dei fleste kandidatane som kjem ut, får ganske relevante jobbar og at arbeidsgjevarane opplever at dei har relevant kompetanse. Samtidig ser me, noko også Kompetansebehovutvalet viste, at det er ein "mismatch" i undervisninga som kanskje ikkje er studentaktiv nok, og som heller ikkje er kopla nok opp til korleis arbeidslivet fungerer. Det vil seia at me har mange tilbod om praksis for studentar, men me ynskjer også at arbeidslivet koplar seg på og inn i sektoren slik at dei kan spørja kvarandre om kva som trengst. Det trur eg er veldig bra, synest Asheim.
– Får det til om det finst ein primus motor
Han er klar over at universiteta og høgskulane også tidlegare har samarbeidd med arbeidslivet.
– Men det har ikkje vore systematisert. Det er ofte slik at om det er ein primus motor på universitetet eller i arbeidslivet, så får me det til. Det me no har klart å få til er ein avtale mellom partane i arbeidslivet, frivillig sektor og Universitets- og høgskulerådet om at dei vil samarbeida om dette, slår han fast.
Henrik Asheim er viss på at det vil gi fleire studentar høve til å få relevant praksis medan dei studerer.
– Absolutt, det er eg heilt sikker på. Uansett kven som blir statsråd og styrer landet, så vil det bli nokre av dei tinga me skal gjera meir av, seier Henrik Asheim.
• Les meir om arbeidslivsrelevans i Uniforum:
Nå skal høyere utdanning bli tilgjengelig for alle
151 millioner skal øremerkes arbeidslivsrelevans
Regjeringen vil sikre kontakt mellom studenter og arbeidslivet
Ekspertutval: Faga og arbeidslivet bør samarbeida om undervisninga
Framleis uventa høg arbeidsløyse blant dei som har master i IKT
KRONIKK: Derfor må det bli omkamp om arbeidslivsrelevans
Rekordmange har søkt om studieplass på UiO
UiO får snart vite om det blir 40 nye ekstra plasser på medisin
Regjeringa føreslår 5000 studieplassar til ein halv milliard kroner
Regjeringa vil oppretta 4000 studieplassar
Vil tilby 40 ekstra studieplasser i medisin
Ny forskerlinje skal lokke informatikkstudenter før næringslivet tar dem
Næringslivet frir til informatikkstudentar
– Me har lært noko nyttig på UiO
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere