Maja Janmyr: – Mest stolt over å ha forska på det nubiske urfolket i Egypt

– Under den arabiske våren klarte eg å få fram historia om nubiarar i Egypt som kravde å få flytta tilbake til området ved Nilen der dei blei tvangsflytta frå for 61 år sidan. Det er eg mest stolt av, seier Maja Janmyr som er tildelt UiOs pris for yngre forskarar for 2021. 

Portrett av ei kvinne

ASYLMOTTAK: – Det var interessa mi for flyktningane sine kår som gjorde at eg begynte å studera juss. Før eg starta på juss-studiet jobba eg  i ein periode på eit asylmottak i Polen med tjetsjenske flyktningar, fortel jussprofessor Maja Janmyr, som er tildelt UiOs pris for yngre forskarar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Då Maja Janmyr blei tilsett som professor ved Det juridiske fakultetet i 2018, blei ho den yngste kvinnelege jussprofessoren. Og ho er framleis ung nok til at ho er tildelt UiOs pris for yngre forskarar. Ho får prisen for å ha bygd opp eit miljø i migrasjonsforsking på  Institutt for kriminologi og rettssosiologi. Janmyr er også den første juristen frå Noreg som leier eit Starting Grant-prosjekt frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Maja Janmyr er truleg den einaste jussprofessoren i Noreg som er vaksen opp i Saudi-Arabia. Seinare har ho farta rundt som forskar både i Midtausten, Afrika og i Storbritannia. Til Noreg kom ho då ho fekk eit doktorstipend ved Universitetet i Bergen. Siste arbeidsstad er altså Universitetet i Oslo der ho er professor og ekspert i flyktning- og migrasjonsrett.

– Kjempegøy

Det er ein sein ettermiddag Uniforum møter Maja Janmyr i eit nesten folketomt Domus Juridica.

– Gratulerer med UiOs pris for yngre forskarar!

– Tusen takk. Det var kjempegøy, fortel ho.  Og nyhendet fekk ho då ho sat på heimekontoret.

– Det var kjempefint å bli ringt opp av rektoratet, og på få den måten fekk eg ein ordentleg kontakt med universitetet igjen etter å ha sete så lenge på heimekontor. Det har ikkje vore det same å sitja heime for seg sjølv med digitale hjelpemiddel, kan me trygt seia, vedgår Maja Janmyr. 

Jobba med flyktningar frå Tsjetjenia

For henne var det ikkje heilt tilfeldig at ho begynte å forska på flyktning- og migrasjonsrett. 

– Det var interessa mi for flyktningane sine kår som gjorde at eg begynte å studera juss. Før eg starta på juss-studiet, jobba eg i ein periode på eit asylmottak i Polen med tjetsjenske flyktningar. Det skapte vidare den interessa eg hadde for flyktningar frå oppveksten i Midtausten. Det var ein skikkeleg smeltedigel av kulturar og migrasjonsforteljingar, minnest ho. 

Møtte flyktningar frå Sudan i Libanon

Libanon var eitt av landa ho drog til som forskar. Ho reiste dit for å studera situasjonen til syriske flyktningar. Men opphaldet førte til at det også blei ei anna flyktninggruppe ho kom til å forska på.

– For då eg var i landet, oppdaga eg at det var andre flyktningar der også, som fall utanfor FNs store humanitære hjelpetiltak til millionar av flyktningar frå Syria og frå andre land i regionen. Då blei eg nyfiken på korleis det var for dei flyktningane som levde i skuggen av ein større humanitær respons. Midlane som går til dei er ikkje øyremerkte, slik pengane som går til dei syriske flyktningane er. Dermed plukka eg opp den ballen og fylgde ei gruppe med sudanske flyktningar som hadde sett opp ein protestleir utanfor hovudkontoret til FNs flyktningorganisasjon i Libanon. Dei følte seg, og med rette, viser forskinga mi, diskriminerte og utelatne når det gjaldt dei humanitære hjelpetiltaka frå FN, fortel ho.

Men Janmyr gløymde likevel ikkje dei syriske flyktningane som ho eigentleg var komen dit for å forska på. 

– Dei hadde det ikkje bra, og dei har det framleis ikkje bra. Majoriteten av syrarane lever i Libanon utan lovleg opphald og har formelt ikkje lov til å vera i landet. Dei risikerer heile tida både arrestasjon og deportasjon, peikar ho på.

– Kan vera kjempetøft

Maja Janmyr har spesialisert seg i flyktning- og migrasjonsrett. Som forskar på dette fagområdet opplever ho at det til tider kan vera hardt.

 – Ja, det kan vera kjempetøft. Nyleg arrangerte ein av mine prosjektmedarbeidarar eit seminar med ein traumeekspert. Der diskuterte me riskane ved å intervjua menneske som har traume, men også korleis me skal handtera situasjonane som forskarar og korleis me skal ta vare på kvarandre. Eg må også som prosjektleiar ta vare på gruppa mi og teamet mitt. Det er absolutt tøft iblant, og det kan me ikkje stikka under ein stol, slår ho fast.

BLIR PÅVERKA: – Oppgåva mi som forskar blir å sjå på om Flyktningkonvensjonen har hatt noko å seia for dei landa som ikkje har ratifisert den. Arbeidshypotesen vår er at også dei landa som ikkje har gjort det, likevel blir påverka av konvensjonen, seier Maja Janmyr (Foto: Ola Gamst Sæther).

– Ventar at situasjonen i Afghanistan berre blir verre

No har mange titusen afghanarar flykta frå heimlandet sitt etter at Taliban overtok makta og USA og dei andre vestmaktene trekte seg ut. Maja Janmyr fryktar at det kan bli eit stort problem som verdssamfunnet må løysa.

– Me ventar at situasjonen i Afghanistan berre blir verre. Det er mange internflyktningar der. Så får me sjå om dei kjem seg ut. Me har ein stor jobb framfor oss der både forskarar og heile verdssamfunnet no vurderer korleis me kan svara på situasjonen i Afghanistan. Derfor er det utruleg flott at Universitetet i Oslo gjennom vår rektor har gått ut og sagt at dei skal gi spesiell støtte til «Scholars at Risk» for å få to ekstra forskarar frå Afghanistan, synest ho.

Eitt av dei store nøkkelspørsmåla

Maja Janmyr minner også om at Flyktningkonvensjonen fyller 70 år i 2021. Og ho viser til at det har vore masse diskusjon om kva styrkjer den har og kva manglar den har.

– Eit av dei store paradoksa i dette rettslege instrumentet som er så viktig for så mange flyktningar over heile verda, er at føreordet i konvensjonen slår fast at me ikkje kan løysa verdas flyktningproblem utan samarbeid mellom statar. Samtidig har me ikkje rettsleg regulert korleis denne ansvarsfordelinga skal sjå ut. Det er eitt av dei store nøkkelspørsmåla me har slite med sidan konvensjonen kom til for 70 år sidan. Det signaliserer også litt om kva haldning statar og menneske i statar har til å ta ansvar for menneske i konflikt,  konstaterer ho.

Forska på nubiske urfolk i Egypt

Maja Janmyr har også drive med forsking i Egypt. Og midt under Den arabiske våren greip ho  sjansen til å forska på noko som det ikkje har vore mogleg å forska på verken før eller seinare.

– Den nubiske minoriteten blei tvangsflytta i fleire rundar frå sine opphavlege heimeområde langs Nilen i Egypt. Ei av dei store tvangsflyttingane var i 1960 då president Nasser bygde det som blei kalla for Nasser-demninga. Dei blei då flytta med tvang, og det blei forventa av dei at dei skulle assimilerast i det arabiske. Det har konsekvensar opp til i dag, der me har fleire generasjonar av nubiar som lever som minoritetar, som ikkje får tala sitt eige språk. Den interessa og merksemda som ein har i Egypt kring det nubiske spørsmålet, har vore om kulturelle spørsmål, det vil seia bygningar og andre ting som er mindre politisk brennbare. Men å mobilisera seg som ein minoritet eller eit urfolk, det har ikkje vore på tale, fortel Maja Janmyr. 

Etter revolusjonen under Den arabiske våren opna det seg eit lite rom for dei til å koma saman og krevja rettar, mellom anna å få venda tilbake til områda dei kom frå og til å anerkjenna dei som urfolk. Maja Janmyr let ikkje det høvet gå ifrå seg. 

– Eg var på rett stad til rett tid under den rette hendinga. Og eg kunne plukka opp det som skjedde. Det er dette eg er mest stolt over å ha fått til som forskar, og det er det som har berørt meg mest. For det var nære på at det ikkje blei noko av det i det heile tatt. Marginane var så små. I dag ville ein ikkje kunne ha gjort den type forsking i Egypt, fortel ho til Uniforum.

– Akkurat no er det litt tøft for nubiarane i Egypt?

– Ikkje berre for nubiarane, men for dei fleste i Egypt. Eg har framleis litt kontakt med folk der, fortel ho.

Skal setja forskarlupa på land som ikkje har ratifisert Flyktningkonvensjonen

No er Maja Janmyr i gang med å planleggja to nye forskingsprosjekt om flyktning- og migrasjonsrett.

– Begge dei to prosjekta handlar om statar som ikkje har ratifisert den globale Flyktningkonvensjonen. Tre firedelar av verdas statar har gjort det, men 44 av FNs medlemsland har ikkje ratifisert den. Og fleire av desse landa har store mengder med flyktningar. Me pratar om Pakistan som har fleire millionar flyktningar, og Bangladesh som har tatt imot store mengder med rohinga-flyktningar frå Myanmar. Heller ikkje Libanon som eg har jobba med har ratifisert flyktningkonvensjonen. Oppgåva mi som forskar blir å sjå på om Flyktningkonvensjonen har hatt noko å seia for dei landa som ikkje har ratifisert den. Arbeidshypotesen vår er at også dei landa som ikkje har gjort det, likevel blir påverka av konvensjonen, seier Maja Janmyr.

Det som ho synest er ganske spesielt, er at desse landa samtidig deltar i utviklinga av flyktningretten og sit i den eksekutive komiteen for FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR).

 – Slik er dei med på å bestemma retning for korleis UNHCR skal drivast og korleis Flyktningkonvensjonen skal tolkast, peikar ho på.

I kveld får Maja Janmyr utdelt UiOs pris for yngre forskar på 250 000 kroner under Årsfesten i Universitetets aula. Førebels har ho ikkje funne ut kva ho skal bruka pengane til.

– Nei det har eg ikkje fått tid til å tenkja på. Men det må bli noko som styrkjer fagmiljøet, lovar ho.

___________________________________________________________________________

Prisen for yngre forskarar 2021, UiOs grunngjeving: 

"Professor Maja Janmyr, Institutt for kriminologi og rettssosiologi Det juridiske fakultet. Janmyr har på kort tid blitt en anerkjent ekspert på flyktning- og migrasjonsrett, både nasjonalt og internasjonalt. Hun har bygget opp et migrasjonsforskningsmiljø ved fakultetet, som har knyttet til seg mange anerkjente forskere på feltet. Janmyr var Norges yngste kvinnelige jussprofessor på ansettelsestidspunktet, og hun har som første jurist i Norge fått tilslag på og leder et Starting Grant-prosjekt fra Det europeiske forskningsrådet. Hun har mottatt flere priser, og hennes vitenskapelige publikasjoner har fått betydelig oppmerksomhet."

 

 

Emneord: UiOs priser, Det juridiske fakultet, Juss Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2021 11:47 - Sist endra 7. sep. 2021 10:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere