UiO-forskar med klimavarsel til politikarane

– Eg er overraska over at norske politikarar ikkje tar innover seg klima- og naturendringane og held fram med tilnærma den same politikken som er opphavet til problema. Det seier seniorforskar Hege Westskog på Senter for utvikling og miljø ved UiO. Ho får både motstand og støtte frå politikarar.

MÅTEN ME LEVER PÅ: – Då er ikkje dette eit problem som handlar om ei lita utbyggingssak. Det dreiar seg om eit heilt samfunn og måten med lever og fungerer saman på, poengterer SUM-forskar Hege Westskog. No vil ho ha større merksemd i klimadebatten rundt forbruksbaserte utslepp .

Foto: Martin Toft

Den siste rapporten til FNs klimapanel har vekt stor internasjonal merksemd fordi det i kjølvatnet av den kom ei klar tilråding om at det må bli slutt på produksjon av fossil energi som olje, gass og kol. Hege Westskog er seniorforskar og programkoordinator for forskingsprogrammet Include på SUM. Der ser dei på ei inkluderande omstilling til lågutsleppssamfunnet. Westskogs oppgåve er å sjå på korleis kommunane kan vera aktørar for endring i den omstillinga.

Hege Westskog tykkjer ikkje politikarane tar alvorleg nok naturøydeleggingane og måten menneska lever på.

– Ja, det er først og fremst alvoret i FNs klimapanel sin siste rapport, men også koplinga til naturpanelet sin rapport. Om ein gløymer denne koplinga, så gløymer ein også at det ikkje berre er snakk om å ha teknologi og ha moglegheit for det, men at dette også dreier seg om måten me lever på, seier Hege Westskog.

– Dei koplar ikkje saman naturøydeleggingane med forbruket vårt. Paris-avtalen og Kyoto-avtalen har fokusert på dei produksjonsbaserte klimautsleppa, altså kva me har innanfor Noregs grenser. Det forbruksbaserte utsleppet er det ikkje så stor merksemd rundt, og det gir også ein heilt annan inngang, meiner ho.

– Ti tonn i forbruksbasert utslepp for kvar Oslo-innbyggjar

Ho peikar på at me forbrukar ting ut som blir produsert andre stader, og så blir utsleppet rekna der. Me importerer det hit.

 – Og ser me på Oslo til dømes, så er det rekna ut at for Oslo at det produksjonsbaserte utsleppet er to tonn for kvar innbyggjar. Det forbruksbaserte er rekna ut til å liggja på rundt ti tonn, konstaterer ho.

Konklusjonen hennar er at kommunane også må fokusera på det forbruksbaserte utsleppet. – Dette er vanskeleg å ta innover seg fordi det handlar om måten me lever på, og det at me trur at me kan koma unna det her ved berre å bli meir effektive og kjøra meir elbil og produsera kraft til sokkelen frå land og byggja meir vindkraft. Det er ein altfor enkel analyse, synest eg, seier Hege Westskog til Uniforum.

– Om Noreg ikkje hadde vore ein olje- og gassproduserande nasjon, ville det då vera enklare for politikarane å ta grep?

– Ja, det trur eg. Og det er ganske opplagt. For det dreiar seg om arbeidsplassar og ei uvisse i kva me skal erstatta det med. Det ligg ikkje heilt opplagt framfor oss, og det gjer situasjonen mykje meir utrygg og vanskeleg, har ho lagt merke til.

– Føreset at me ikkje har noko moralsk ansvar

Klimaforskaren er heller ikkje imponert over argumentasjonen som mange parti har brukt og brukar i argumentasjonen for klimapolitikken sin.

– Dette er eit internasjonalt problem, og me må løysa det med internasjonale avtalar. Noreg bidrar med så lite utslepp at det har ikkje så stor effekt kva me gjer. Då føreset me, at me ikkje har noko moralsk ansvar, slår ho fast.

– Så eksemplets makt slår ikkje inn i den argumentasjonen?

– At me som eit av verdas rikaste land, har eit moralsk ansvar for å gjera noko med det, det er veldig lite framme i diskusjonen, tykkjer ho.

Etter hennar meining er det svært defensivt.

– Dette er jo noko som handlar om menneskeslekta sin moglegheit for å leva gode liv på kloden og som i alle fall vil gå utover barnebarna våre. Då er ikkje dette eit problem som handlar om ei lita utbyggingssak. Det dreiar seg om eit heilt samfunn og måten med lever og fungerer saman på, poengterer ho.

– Må redusera aktiviteten som bidrar til utslepp 

– Kva vil du rå politikarane til å gjera no?

– Eg tenkjer at ein litt meir offensiv måte å møta ei omstilling på, også for å sjå på dei moglegheitene det gir, ikkje berre økonomisk, men også kvalitativt, til dømes ved å utvikla betre lokalsamfunn. Eg har særleg jobba med kommunar. Då har me sett på omstilling med ein forbruksbasert inngang. Det vil vera å skapa gode lokalsamfunn å bu i, auka grad av deling av gode, kan til dømes også gi meir sosial interaksjon og dermed auka sosial berekraft. og at me bur på mindre areal. Me må redusera aktiviteten som bidrar til utslepp og naturøydeleggingar. Det vil seia at me må redusera bruken av bil og transport.

Hege Westskog vil at me transporterer oss mindre rundt og at me må vera meir i lokalsamfunna me bur i.  

– Feriera meir der, ha opplevingane våre der, ikkje alle, men i større grad. Me må dela meir på det me har. Dette er ein annan måte å tenkja på som ikkje nødvendigvis vil gi oss mindre livskvalitet, men som kan bidra til at me eigentleg får det betre, trur ho.

– Me må eta mindre raudt kjøt

Sjølv viser Hege Westskog til at dette kan vera vanskelege diskusjonar. Det forbruksbaserte utsleppet har stort sett tre hovudgrupper, bygg, transport og mat.

– Og når det gjeld mat, så betyr det faktisk at me må eta mindre raudt kjøt. Akkurat det, er det vanskelegaste eg snakkar om, og det som det blir mest diskusjon av, fortel ho. Ho trekkjer fram at folk i Noreg åt lite raudt kjøt på 1950-talet, men dei åt kjøt då også.

– Me åt meir av andre ting. Det vil seia at me ikkje skal slutta å eta kjøt, men den diskusjonen blir på ein måte eit trugsmål mot identitet og kultur som gjer det umogleg, har ho erfart. Slik motstand mot omstilling gjer at me hamnar i ulike grøfter, og ikkje kan møtast på midten, konkluderer ho med.

– Me har nok kunnskap om verkemiddel og tiltak

Hege Westskog synest det er fint at forskarar kan visa fram vitskaplege funn om klimaendringane og konsekvensane av dei.

– Me veit faktisk kva som skal til utan at me er aktivistiske. Det er lett å tenkja at me ikkje skal ta side i ein politisk debatt, men me har nok kunnskap om verkemiddel og tiltak og kva som har effekt til at me kan uttala oss ganske mykje om akkurat den saka, slår ho fast.

Uniforum har tatt kontakt med alle partia på Stortinget for å høyra om dei er einige i analysen til SUM-forskar Hege Westskog om kva som må til for å eit meir berekraftig samfunn. Me fekk svar frå fire av dei ni partia på Stortinget. 

– Einige i analysen

Først ut er nestleiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Arild Hermstad.

– Me er heilt einige i analysen til Hege Westskog.  Partiet vårt vil ha ned forbruket i Noreg på eit berekraftig nivå frå og med 2040. No er me i ferd med å byggja ned både jordkloden og naturen vår, seier nestleiar Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei grøne til Uniforum på telefon frå Bergen.

 

INGEN NYE HYTTEFELT: – Me vil  stansa utbygging av nye hyttefelt og krevja at det blir fortetting i dei som eksisterer i dag,, seier nestleiar Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne. (Arkivfoto: Framtiden i våre hender) 

Han peikar på at økonomien krev vekst som premiss og at det er grunnen til at verda er i den situasjonen.

– I Oslo skal me redusera det indirekte forbruket samtidig som Oslo skal bli ein nullutsleppsby i 2030. Men det er klart at om Oslo-folk drar til Gardermoen for å ta fly til Syden eller at dei har fire Teslaer som er produserte i Kina, så er ikkje det særleg berekraftig, konstaterer han.

– Må redusera bruken av bil

Hermstad viser også til at talet på bilar fordelt på kvar innbyggjar har gått opp i Noreg dei siste åra.

– Derfor må me også redusera bruken av bil, og Byrådet i Oslo vil difor ikkje byggja fleire motorvegar, men heller innføra meir bompengar på bilvegane og fjerna parkeringsplassar.

For han er det også klart kvifor det no er bestemt at det skal byggjast ein motorveg ved sidan av den planlagde Ringeriksbana.

– Det er fordi folk frå Oslo og nabokommunane skal koma raskare til hyttene sine på Geilo og dei andre store hyttekommunane på Austlandet. Me vil derfor stansa utbygging av nye hyttefelt og krevja at det blir fortetting i dei som eksisterer i dag, seier han.

– Vil halvera kjøtforbruket 

 Arild Hermstad er heller ikkje redd for å flagga ein brannfakkel som får mange til å sjå raudt.

 – Kjøt utgjer ein svært stor del av forbruksutsleppet vårt. Det vert kravd store areal for å kunna driva kjøtproduksjon. Det er grunnen til at Mijøpartiet Dei grøne går inn for å halvera kjøtforbruket i Noreg. Og eg trur det er mogleg for dei unge har allereie endra matvanane sine, har han observert.

Men han ynskjer også å gå frå eit sløsesamfunn til eit reparasjonssamfunn.

– Derfor må det lønna seg å reparera ting som går sund, og det bør vera momsfritak for dei som gjer jobben. Og det bør heller ikkje gå an å selja produkt i Noreg som ikkje kan reparerast eller som det finst reservedelar til, understrekar han.

– Umoderne måte å sjå klima, økonomi og forbruk på

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle frå Høgre synest SUM-forskaren Hege Westskog har ein heilt feil og gamaldags analyse av kva som må til for å få til eit berekraftig samfunn.

– Eg meiner det er ein litt umoderne måte å sjå klima, økonomi og forbruk på. Det er raskt gjort å trekkja slutninga at dersom ein kuttar økonomisk vekst vil det også kutta utslepp. Det stemmer ikkje nødvendigvis, svarar ho i ein epost til Uniforum.

FORNYBAR: KRAFT: – Me treng økonomisk vekst for å ha pengar å investera i fornybar kraft og grøne teknologiar, seier stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle frå Høgre. (Foto: Stortinget)

 

Ho viser til at for det første er det ikkje automatikk i at lågare økonomisk vekst vil resultera i utsleppskutt, og spesielt ikkje så store kutt verda har behov for. Det andre ho trekkjer fram er at ein då snakkar om eit eksperiment som fort kan gi svært negative konsekvensar for samfunn, enkeltmenneske og næringsliv. Det tredje momentet Lene Westgaard-Halle rettar merksemda mot er at då er det svært sannsynleg  at det vil veksa fram sterke motkrefter som ikkje berre vil stilla spørsmål ved låg økonomisk vekst, men også kor vidt det er verdt å kutta utslepp.

– Me treng økonomisk vekst både for å ha pengar å investera i fornybar kraft og grøne teknologiar, og for at det å kutta utslepp ikkje blir synonymt med dårlegare kår for nordmenn flest, meiner ho.

 

– Storbritannia kutta utslepp samtidig med auke i BNP

Ifylgje Lene Westgaard-Halle er det mange land som har klart å frikopla økonomisk vekst og utslepp.

– The Breakthrough Institute har gått gjennom ei rekkje land i verda og framhevar 32 land som har klart å frikopla sin økonomiske vekst. Det vil seia at dei har klart å ha god økonomisk vekst, parallelt med nedgang i utslepp. Det beste dømet på dette er Storbritannia. Frå 2005 til 2019 kutta Storbritannia utsleppa sine med 38 prosent samtidig som dei hadde ein auke i BNP på 22 prosent. Det er ein økonomisk vekst som mange land svært gjerne skulle hatt og det skjedde parallelt med store kutt i utslepp. Det viser at det er mogleg å få til begge delar, understrekar Westgaard-Halle.

– Må vri forbruket

Samtidig er ho einig i at det er naudsynt å gjera noko med forbruksmønstra våre.

– Det betyr likevel ikkje at me kan halda fram som før utan å endra forbruksmønstra våre, me må vri forbruket over frå å vera lineært til å bli sirkulært. Her har Noreg framleis eit stykke veg å gå, det er også derfor me satsar så tungt på blant anna sirkulær økonomi og å skapa nye marknader som både kuttar utslepp og er meir berekraftige, fortel Lene Westgaard-Halle.

– Overtydde om at grøn vekst er mogleg

Stortingsrepresentant Ola Elvestuen frå Venstre er tidlegare klima- og miljøminister. Partiet hans deler i stor grad synspunkta til seniorforskar Hege Westskog ved Senter for utvikling og miljø ved UiO. Men Ola Elvestuen er sikker på at det går an å skapa grøn vekst.

SIRKULÆR ØKONOMI: – Me ynskjer å endra økonomien til ein sirkulær økonomi der det lønnar seg å reparera, attvinna og leiga, seier stortingsrepresentant Ola Elvestuen frå Venstre. (Foto: Stortinget) 

– Venstre er heilt einig i at det materielle forbruket må ned, og me må gjennomføra ei omlegging til ein sirkulær økonomi som reduserer ressursbruken. Men me er overtydde om at grøn vekst er mogleg, til dømes er ein elbil langt meir energieffektiv enn ein fossilbil, svarar Ola Elvestuen i ein epost til Uniforum. Han held fast på at også Venstre vil innføra ein økonomi der det skal vera mogleg å få ting i orden igjen etter at dei har gått sund.

– Me ynskjer å endra økonomien til ein sirkulær økonomi der det lønnar seg å reparera, attvinna og leiga, med andre ord ein vekst som er grøn og berekraftig. Men for å få med alle på den utviklinga må det vera lønnsamt og enkelt å velja miljøvennleg. Det er eit av Venstres viktigaste valllovnader i år, fortel Ola Elvestuen.

– Meir tenestebasert

Han viser til at også Venstre vil at staten i tillegg til å gje økonomiske insentiv, må setja krav til produsentane om materialattvinning, høve til å reparera og andre tiltak som reduserer ressursbruken.

– Venstres grøne økonomi vil vera langt meir tenestebasert og langt mindre ressursintensiv enn den er i dag. Noreg kan gjere mykje åleine på området, men me ynskjer eit langt tettare samarbeid med EU for å innføra klima- og miljøvennlege regelverk for handel på tvers av landegrenser. Her går EU føre, og det ynskjer Venstre å vera ein del av, seier Ola Elvestuen.

– Vil kutta nasjonale klimautslepp med 70 prosent

Lars Haltbrekken er miljøpolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti. Partiet han representerer støttar synspunkta til klima-og berekraftsforskaren Hege Westskog.

 

OMFORDELING:–  Det held likevel ikkje å seia at alle må kutta like mykje, me må også sørga for ei omfordeling fra dei som har mest til velferd og gode tenester for alle, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant og miljøpolitisk talsperson for SV. (Foto: Stortinget) 

 – Me er heilt einige i at me må seinka det private forbruket og endra reisevanene om me skal klara å stansa klimakrisa. Me vil kutta 70 prosent av våre nasjonale klimautslepp innan 2030, og me har laga ein plan med ei rekkje tiltak som er nødvendige, svarar Lars Haltbrekken i ein epost til Uniforum.

Så listar han opp planen til SV som  blant anna inkluderer å meir enn halvera utsleppa frå flyreiser, seinka privatbilismen i byane med 40 prosent og stansa utbygginga av store motorvegar.

– Me vil i staden byggja ut jernbana slik at det finst klimavennlege alternativ, lovar han.

– Vil greia ut innføring av ein forbruksbasert klimarekneskap

Lars Haltbrekken vedgår at me i dag ikkje har kontroll på utsleppa frå importert forbruk.

– Derfor har me gått til val på å greia ut innføringa av  ein forbruksbasert klimarekneskap med ein plan for å få ned utsleppa også på tinga me brukar. Det held likevel ikkje å seia at alle må kutta like mykje, me må også sørga for ei omfordeling fra dei som har mest til velferd og gode tenester for alle. Det vil også vera med på å halda det private forbruket nede, trur Lars Haltbrekken.

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2021 11:47 - Sist endra 12. sep. 2021 19:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere