Eirik Frantzen: – Eg kan vera ei røyst for kva som er morgondagens behov

Eirik Frantzen er ein av dei tre nye eksterne representantane i Universitetsstyret. – Å sitja i eit universitetsstyre er ei heilt ny erfaring for meg, seier han.

Portrett av ein mann i kvit skjorte

POSITIV MÅTE: – UiO har på ein positiv måte vore synleg i mediebiletet dei siste åra, men eg er ikkje heilt opplesen på UiO enno, vedgår Eirik Frantzen som er ein av tre nye eksterne styremedlemar i Universitetsstyret.

Foto: Michael Ulriksen/Nordkraft

I morgon begynner det nye Universitetsstyret sitt første kombinerte seminar- og styremøte.  Det skjer på Voksenåsen i Oslo.Det er berre rektor Svein Stølen, Marianne Midthus Østby, representant for dei teknisk-administrative tilsatte, og ekstern representant Qaisar Farooq  som sit igjen frå det gamle styret. Alle dei andre er nye. Blant dei er Eirik Frantzen som er ny ekstern representant. Til dagleg er han administrerande direktør for kraftselskapet Nordkraft i Narvik dit han kom frå sjefsjobben i Bravida.

Universitetsstyret:

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og består av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (på val årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (på val årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
Styret for perioden 2021–2025 har sitt første møte/seminar 7.–8. september.

– Ein av dei viktigaste pilarane i eit samfunn

Eirik Frantzen synest styrevervet han har fått er viktig.

– Det er første gongen for meg at eg vil sitja i eit styrande organ for ein slik institusjon som Universitetet i Oslo. Det eg kjenner på, er at akademia generelt og Universitetet i Oslo spesielt er ein av dei viktigaste pilarane i utvikling av eit samfunn, altså  for ein god velferdsstat, kompetanse og livslang læring.  Poenget er at den oppgåva er delegert til relativt sett autonome einingar når det gjeld styring og leiing. Samtidig er dei ikkje heilt autonome, sidan dei blir eigde av ein stat som gir dei pengar, så det skulle berre mangla at dei ikkje vil ha eit visst oversyn. At ei slik viktig samfunnsoppgåve er gitt til ei autonom eining, viser kor viktig det er med eit slikt styreverv, seier Eirik Frantzen til Uniforum.

– Kjenner ei utruleg tiltrekking til å delta og bidra

No ser han fram til å kunna bidra og delta i Universitets styret.

– Når du personleg merkar at dette er ei veldig viktig oppgåve for eit samfunn med relativt stor grad av delegering til styret, kombinert med svært interessante menneske, så kjenner eg ei utruleg tiltrekking til å delta og bidra, seier ein audmjuk Eirik Frantzen.

– Kva visste du om Universitetet i Oslo før du takka ja til dette styrevervet?

– Kanskje litt meir enn Hvermannsen, men ikkje spesielt mykje sjølv om eg har studert på NTNU. Og i tillegg til naturvitskap har eg også studert økonomi. Men eg kjenner sjølvsagt til at det er Noregs eldste og nest største universitet og kva det inneheld og består av. UiO har på ein positiv måte vore synleg i mediebiletet dei siste åra, men eg er ikkje heilt opplesen på UiO enno, vedgår han.

– Hadde namnet mitt på blokka

Det var Kunnskapsdepartementet som oppnemnde han som eksternt medlem av Universitetsstyret til UiO. Men han har ingen idé om korleis namnet hans hamna blant dei moglege styrekandidatane.

– Nei, sei det, det veit ein aldri om det er ein eller fleire. Eg blei kontakta av Kunnskapsdepartementet og forstod at dei søkte etter ein profil som gjerne kom frå næringslivet, gjerne frå ein annan stad enn Oslo, altså nord, og at dei hadde namnet mitt på blokka.

Eirik Frantzen har også fleire tankar om kva han kan bringa inn i styret. 

– Det er veldig viktig å gå inn med ei audmjuk inngang i styret for ein velfungerande institusjon. Det er vel ingen revolusjon på gang i nokon forstand. Det er to-tre ting eg kan bidra med. Det eine er at eg kjem frå næring og verksemd og kan vera ei røyst for kva som er morgondagens behov, både for livslang læring og relevant kompetanse. Eg trur også eg har ei viss grad av røynsle med styring og styringsmodellar og strategiplanlegging med meir.  Derfor trur eg har med meg mange ting som kan vera viktige for eininga, sjølv om eg ikkje kjem frå akademia, seier han. 

Håpar på god debatt i styrerommet

– Så du vil ikkje ta med deg nokre fanesaker inn i Universitetsstyret?

– Nei, absolutt ikkje. Eg trur ikkje eg vil koma inn med nokre kjepphestar. Det vil vera heilt feil. Eg må berre prøva å koma inn i det og finna ut kva som vil vera viktig for UiO. Det einaste eg håpar og trur, er at det finst eit grunnlag i styrerommet for god debatt, for det trur eg er viktig. God debatt og meiningsbryting er ein føresetnad for å finna løysingar og retning, slår han fast.

I valkampen før stortingsvalet har mange kritisert hovudstaden Oslo for ikkje å sjå lenger enn sin eigen navle og gløyma resten av landet. Eirik Frantzen er ikkje heilt einig i det, men han ser likevel at det er viktig å forstå korleis landet vårt ser ut.

– Det med by og land og sentralisering må ikkje bli noko distriktspolitisk fenomen. Universitetet i Oslo er no ein gong Universitetet i Oslo. Dessutan må det heller ikkje bli slik at dei som representerer eit distrikt, synest synd på seg sjølv. Det eg likevel trur er at når dei snakkar om UiOs leiande rolle i samfunnet, så er det viktig å forstå korleis landet ser ut.  Det er veldig mange som bur i Oslo, og eg har sjølv budd der i 12 år, så dei fleste som bur der kjenner sitt eige land ganske bra, er inntrykket hans. 

Eirik Frantzen gler seg til å møta resten av Universitetsstyret.

– Eg ser fram til oppgåva og trur det er viktig å tenkja langsiktig, og eg ser fram til å bli kjent med mange spennande folk.

Og i morgon vil han saman med dei andre 10 medlemane av Universitetsstyret for første gong setja seg rundt styrebordet på Voksenåsen hotell i Oslo.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2021 04:30 - Sist endra 7. sep. 2021 09:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere