No har Klimabrølet kome til Tullinløkka ved Historisk museum

Ein stor kunstinstallasjon som er ein megafon for å få ut Klimabrølet, er no sett opp på Tullinløkka. Laurdag blei opninga markert av både museumsdirektør Håkon Glørstad og UiO-rektor Svein Stølen.

Ein mann står på ein plass og held ein tale

EINIGE: – Forskarar er einige om at klimaendringane er menneskeskapte og dei er derfor blant dei største utfordringane i vår tid, sa Håkon Glørstad.

Då Klimabrølet kom til Historisk museum og Tullinløkka laurdag ettermiddag var det strålande sommarver, og det var få andre enn UiO-rektor Svein Stølen, museumsdirektør Håkon Glørstad og miljøansvarleg i Studentparlamentet Julianne Sørflaten Grovehagen til stades.  Ein av dei får andre var leiaren for Klimabrølet Even Nord Rydningen. Alle har likevel sjansen til å bli betre kjent med Klimabrølet og den store megafonen på Tullinløkka. Der skal den stå i ein månad før den skal ut på turné til andre delar av landet. 

– Det eineståande er omfanget

Museumsdirektør Håkon Glørstad meinte det var ei viktig hending for UiO og Kulturhistorisk museum å ha tatt på seg første etappe på denne stafetten.

– Me er svært stolte og æra over at det første stoppet til Klimabrølet er her på Historisk museum. Den vil vera tilgjengeleg for alle som ynskjer å skrika ut kva dei meiner om menneskeskapte klimaendringar. Forskarar er einige om at klimaendringane er menneskeskapte, og dei er derfor blant dei største utfordringane i vår tid, sa Håkon Glørstad. Han peika på at det ikkje er unikt at det har vore endringar i klimaet og viste blant anna til korleis dei første menneska kom til Noreg etter at istida var over her i landet.

– Det som er eineståande er omfanget av klimaendringane i dag og den effekten dei har på vårt eige samfunn og vår eiga tid, konstaterte han.

– Det hastar å snu skuta

Deretter gav han mikrofonen vidare til miljøpolitisk ansvarleg i Studentparlamentet Julianne Sørflaten Grovehagen.

 

Me må behandla klimakrisa som eit umiddelbart trugsmål mot livet på jorda, meinte Julianne Sørflaten Grovehagen, miljøpolitisk ansvarleg i Studentparlamentet. (Foto: Martin Toft) 

– Studentparlamentet er ein av dei mange organisasjonane som brøler i samband med Klimabrølet. Det er viktigare enn nokonsinne å brøla no, for klimakrisa er vår tids utfordring. Som alle har fått med seg, kunngjorde FNs klimapanel i sin siste rapport at det er kode raud for menneska. Me må behandla klimakrisa som eit umiddelbart trugsmål mot livet på jorda. Avskoging kombinert med vidare utslepp av klimagassar vil drepa alt liv på jorda. Lat det ikkje vera nokon tvil om det 700 forskarar frå 90 land forklarar i denne rapporten. Det hastar å snu skuta, konkluderte ho med.

– Klimakrisa definerer vår tid

Den tredje etappen på talestafetten var det UiO-rektor Svein Stølen som fekk gleda av å ta.

– Det er fantastisk hyggeleg å få vera med på å markera  denne installasjonen som er Klimabrølet. Det er viktig for meg som rektor ved Universitetet i Oslo. Klimakrisa definerer vår tid. Måten me møter denne klimakrisa kjem til å definera oss som samfunn og det framtidige samfunnet. Universiteta har ei heilt sentral rolle når me skal møta klima- og miljøutfordringane, sa Svein Stølen. 

OMSTILLING:  – Dette krev ei formidabel omstilling som gjer ikkje minst at me forskar for å forstå krisa, men også for å skapa det nye samfunnet, sa UiO-rektor Svein Stølen. (Foto: Martn Toft).

Han viste også til UiOs utkast til klima- og miljøstrategi som seier at UiO ikkje berre skal vera ein rollemodell i Noreg på klimaområdet, men også internasjonalt.

– Me skal inn i eit lågutsleppssamfunn samtidig som me skal erstatta eksportinntektene frå arbeidsplassar som er fossile. Me treng 250 000 nye arbeidsplassar i privat sektor berre for å oppretthalda dagens verksemd. Dette krev ei formidabel omstilling som gjer ikkje minst at me forskar for å forstå krisa, men også for å skapa det nye samfunnet.

Og så kom han med ei siste oppfordring:

– Me må møta klimakrisa på den same måten som me møtte pandemien, kunnskapsbasert og effektivt, slo han fast. 

– Me skal spela dei gode

Også leiaren for Klimabrølet Even Nord Rydningen var nøgd med at så mange no stiller opp og sluttar seg til denne aksjonen. I den siste talen under markeringa peika han på at det er langt fram før naudsynte tiltak kan bli sette i verk.

– Det som manglar er det folkelege engasjementet for det som leiarane våre må setja i verk for å verna oss alle. Jonas Gahr Støre, som truleg overtar som statsminister etter stortingsvalet, veit kva som må til. Det handlar om å gå frå fossil energi til fornybar. Det er eit dilemma for våre folkevalde fordi  dei veit at om dei utfører slike inngripande tiltak, fryktar dei med god grunn å mista stemmer. Derfor arbeider me i Klimabrølet for å sikra dei ein endå større folkeleg oppslutnad gjennom å spela dei gode, sa Even Nord Rydningen.

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. aug. 2021 00:17 - Sist endra 31. aug. 2021 10:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere