Åse Gornitzka er no blitt rektor Svein Stølens høgre hand

Åse Gornitzka overtok denne veka vervet som prorektor ved Universitetet i Oslo etter Gro Bjørnerud Mo.

Ein mann og ei kvinne står på Frederikkeplassen med Lucy Smiths hus i bakgrunnen

NY PROREKTOR: Åse Gornitzka har denne veka gått inn i vervet som prorektor ved Universitetet i Oslo. Dermed blir ho rektor Svein Stølens nestkommanderande.(Foto: Martin Toft)

Det er den andre arbeidsdagen til Åse Gornitzka som prorektor då Uniforum møter henne og UiO-rektor Svein Stølen i 9. etasje i Lucy Smths hus på Blindern.  I eit innlegg på Facebook skriv Svein Stølen at han framleis må halda litt igjen for ikkje å ringja til avgått prorektor Gro Bjørnerud Mo klokka 07.00 om morgonen, slik som tidlegare. Men han forsikrar oss om at han ikkje forvekslar dei to. – Nei, nei, Åse og eg har også jobba tett under det førre rektorteamet, så eg skal nok klara å halda orden på namna, seier Svein Stølen.

No set han pris på å få Åse Gornitzka inn som prorektor der ho skal ha ein annan portefølje enn det Gro Bjørnerud Mo hadde.

– Åse har ein sterk kunnskap om forsking og utdanning både nasjonalt og internasjonalt og tar det med seg inn i jobben som prorektor. Så det blir bra, er han heilt sikker på.    

Både rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka har tjuvstarta det nye semesteret litt før dei andre i rektoratet startar opp. Om kort tid vil dei nye viserektorane Mette Halskov Hansen og Bjørn Stensaker også få plass i 9. etasje i Lucy Smiths hus, saman med viserektor Per Morten Sandset, som også hadde det vervet i den første rektorperioden til Svein Stølen.  Og no er tidlegare prorektor Gro Bjørnerud Mo vendt tilbake til professoratet i fransk litteratur.

Held fram med ansvaret for forskingsfeltet

Den største skilnaden på avgått prorektor Gro Bjørnerud Mo og arvtakaren hennar, Åse Gornitzka blir ansvarsområda deira. 

– Gro hadde med seg ein heilt annan portefølje enn meg. Eg trur det er annleis å arbeida med utdanningsfeltet enn det er  med forskingsfeltet.  Slik sett vil eg halda fram med det ansvarsområdet eg hadde i den førre rektorperioden medan Bjørn (Stensaker) som viserektor får ansvaret for utdanning,utan at det inneber noka nedprioritering av utdanning, fortel ho. -  Sånn sett blir det annleis, men heile rektoratet har eit kollektivt ansvar for alle aktivitetane på universitetet og korleis dei heng saman, legg Åse Gornitzka til.

– Har lært mykje av Gro

 Og  ho tykkjer ho har  gått i ein god prorektorskule hos Gro Bjørnerud Mo.

 – Eg har lært mykje av Gro i dei åra me har jobba saman. Så eg har sett korleis ho har fylt rolla, og det tar eg med meg no i dei neste fire åra, seier Åse Gornitzka.  

Som prorektor skal ho òg jobba med internasjonalisering og dei prosessane som UiO allereie er tett involvert i .

– Då kan eg fylgja opp det spennande som skjer både på  globalt og på europeisk plan, og eg er glad for at eg kan få vera med vidare i det arbeidet i dei fire åra som kjem.

– Skal me lykkast, må me jobba saman med folk

Svein Stølen varslar mange spennande ting som vil skje i den andre perioden hans som rektor.

– Me har valt som stikkord openheit, deltaking og forenkling. Det har me gjort fordi heile universitetet er eit stort kollektiv. Skal me lykkast, må me jobba saman med folk, og eg er heilt overtydd om at me klarar å bidra til forenkling, skapa meir debatt og få med meir folk på ulike faglege diskusjonar. Det er ekstremt viktig for oss, og det med forenkling er me oppriktig opptekne av, og det vil ikkje vera trivielt, for det er mange kompliserte reglar på mange område. Så skal me sjå om me ikkje klarar å gjera det enklare.

Og så kjem klima og miljø  og intensiteten av det arbeidet som ein vesentleg ny ting. Eg er glad for at me har kompetanse i rektoratet frå Mette (Halskov Hansen) på det området og frå Bjørn (Stensaker) på utdanning, trekkjer han fram.

– Stor forståing for forsking og utdanning nasjonalt og globalt

No set han pris på at han har med seg ein prorektor som har ekstra god kompetanse på område UiO satsar mykje på. 

– Ho har ei stor  forståing av forsking og utdanning både nasjonalt og globalt. Det er svært viktig fordi det handlar om det verdigrunnlaget me har som universitet. Me har ein debatt no som går mykje på utdanning i Noreg, og det å vera med på ikkje berre å snakka om det nasjonale her, men sjå utover landet både på forsking og utdanning er ekstremt viktig. The Guild, Circle U og ARUA er tre stikkord her som Åse får eit spesielt ansvar for, fortel Svein Stølen.

– Inne i ein spesiell periode

Koronapandemien spente beina under mykje av planane om å møta og treffa representantar for andre universitet utanfor Noreg. Det synest Åse Gornitzka var ei stor utfordring. 

– Me har vore inne i ein spesiell periode. Det var ingen som ynskte ein pandemi. Det er ein tankekross at ei så global utfordring har ført til at me har reist nasjonale stengsel  i ein periode, noko som me kanskje ikkje kunne ha førestelt oss, seier ho. Gornitzka meiner at det er viktig å jobba aktivt for å halda det globale og internasjonale blikket ved like, både i politikken, men også i vilkåret for universitetet sine grunnaktivitetar.

– Då handlar det ikkje berre om studentaktivitetane som er på universitetsområdet, men om heile det globale engasjementet som eksisterer her, understrekar Åse Gornitzka. 

Ho spår at det blir langt mindre reising enn før, men ho er sikker på at det blir ein del reising. – Men det blir ikkje like hyppig som eg var ute på reise tidlegare. Det er noko me går glipp når me møter kvarandre  virtuelt heile tida, for me er avhengige av å sjå kvarandre konstaterer ho. – Her må me også tenkja miljø, legg ho til.

– Skal ikkje berre vera ein idrettsnasjon, men også ein kunnskapsnasjon

Den 13. september er det stortingsval i Noreg. Dei håpar både forsking og høgare utdanning blir tema i valkampen. For Svein Stølen er det viktig at politikarane forstår kva roller universiteta og høgskulane spelar.

– At ulike institusjonar i UH-sektoren har ulike roller og at me må ha eit universitet som Universitetet i Oslo, som er sterkt med i kunnskapsfronten, og som sørgjer for å utdanna folk som har ei sterk kopling til det internasjonale. Dette mangfaldet, og at ikkje alt skal vera likt, må me ta vare på. Me skal ikkje berre vera ein idrettsnasjon, men også ein kunnskapsnasjon. Det vil seia at me også må ha ambisjonar på forskingssida, slår han fast.

– Me kan skapa merksemd rundt kva forsking har å seia. Det er viktig å ha ein forskingsgrunnmur for høgare utdanning. Det blir viktigare og viktigare når me ser kor mykje av det i samfunnet som formar oss har grunnlag i forsking og vitskaplege nyvinning, understrekar Åse Gornitzka.

 Ser fram til å møta studentane

Den 16. august skal både prorektor Åse Gornitzka og rektor Svein Stølen ta imot dei nye studentane under den fysiske velkomstseremonien på Universitetsplassen.

– Me ser fram til å møta studentane igjen på Universitetsplassen. Det er tradisjon for pent vêr den dagen, og det set me pris på, seier Svein Stølen. For Åse Gornitzka blir det første gong ho tar imot nye studentar som prorektor. 

– Opningsseansen har alltid vore eit høgdepunkt i den første rektorperioden. Det er fint og viktig at me kan få oppleva det igjen, synest ho.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget 2021 Av Martin Toft
Publisert 4. aug. 2021 11:29 - Sist endra 10. aug. 2021 12:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere